lørdag 30. mai 2015

Når turdraum blir røyndom: Vetvika i Bremanger


Vetvika i Bremanger - ein naturidyll av dei sjeldne!

Einskilde turdraumar er større enn andre. 
Vetvika i Bremanger har stått høgt på lista vår i mange år
- og i dag fekk vi oppleve denne flotte plassen! 


Ingen vegar fører til Vetvika, 
så her må du kome sjøvegen, 
eller til fots
- slik vi gjorde i dag, 
med start frå Svarstad i Bremanger. 

Turskildring finn du her på ut.no. 

I slike omgjevnadar kan ein verkeleg nyte kaffien!

I dei bratte bakkane bak huset ligg stien ned til Vetvika.



Turen i dag var også ei bursdagsgåve til denne jubilanten: 
Bursdagsbarnet var godt nøgd med val av stad for feiring :)





På veg gjennom Ura med Solheimsvatnet nede i dalbotnen

Fjernsynsmasta i Bremanger som ligg på Steinfjellet.
Om tur dit, kan du lese i dette innlegget

6 kommentarer:

  1. Det såg berre "lekkert" ut!!. Denne turen står også på mi turliste. Flott blogg du har, mange fine bilder.
    Kor lang tid brukte de fra utgangspunktet og fram til Vetvika?

    SvarSlett
    Svar
    1. Kor lang tid ein brukar, er avhengig av kor fjellvant ein er. Opp- og nedstigninga til Vetvika er ganske bratt, og derfor vil det variere veldig etter kor vant ein er med å gå i slikt terreng. Ser at dei reknar 7-8 timar totalt på heile turen - då har du rimeleg bra med tid. Men ein bør nok rekne med 2-3 timar ein veg. Ser at turen er målt til knappe 16 km på ut.no - vi målte 19 km på vår GPS.

      Slett
  2. For et naturskjønt område! Der skulle jeg gjerne gått på tur.

    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem fra Kristiansund

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne turen har stått på lista vår lenge - og levde definitivt opp til forventningane. Nydeleg plass!

      Slett
  3. Nice post, things explained in details. Thank You.

    SvarSlett
  4. Nydelige bilder, så ut som et herlig sted!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!