torsdag 7. mai 2015

GREAT å vandre GRETTENE i Fjærland!



Steffen Ben bloggar -  Flashback haust 2014:


Smak på desse namna: Heimsta Gretta - Midtgretta og Fremsta Gretta...


Fjærland: Turen som innbyr til å gå frå egg til egg
...dei ligg der, på rekkje og rad, forføreriske - 1300-1500 meter høge - og berre BED om nærkontakt med turinteresserte menneske som vil ta seg umaken og sette sin fot på dei. Fjella. Og det gjorde vi, turkompis Oddbjørn og meg, no i haust. 

Så bli med oss til Fjærland og gjenopplev turen, for no er det blitt vår (?), og før vi får sukk for oss er fjellsko-sesongen i gong for alvor. Og då er det uuuuut og oppppp!!!


Fjærland - naturfascinasjon i fleire hundreår:

Bak  Hotel Mundal ligg tre toppar som ikkje ser ut som stort meir enn nokre 
små rosiner.  Men Gudane skal vite at desse fjella, 
Heimsta Gretta (t.v),  Midtgretta og Fremsta  Gretta 
rommar  meir enn det!
I våre dagar er nok bygda Fjærland mest kjent for attraksjonane Norsk bremuseum (og den snart vekksmelta Bøyabreen), Bokbyen - og  det ærverdige trehotellet, Hotel Mundal frå 1891. 

Fjærland husar i dag berre kring 300 innbyggjarar. Dette var ein avkrok av dimensjonar fram til dagens riksveg 5 blei ført i tunnel til bygda frå Skei i 1986, og til austover til Sogndal i 1994. 


Hotel Mundal kring 1900. Foto: Andreas Mathias Anderssen
Men Fjærland har hatt besøk av folk lenger enn det har vore bilveg til bygda; då kom dei med båt, særleg i sommarhalvåret. Ikkje minst har det vore mykje fintfolk her; både kongar og keisarar.  Og mange av dei som kom hit frå slutten av på 1800-talet var fascinert av, og ute i same ærend, som meg og kompis Oddbjørn - nemleg å utforske den heilt særeigne og storslagne naturen og fjella kring Fjærland. 

I mangt og mykje har Fjærland sitt ry som turiststad, klare paralellar til Geiranger - og likt for båe stadane er at det er mykje folk å sjå nede ved fjorden somarstid - men nesten ikkje folk å sjå på fjelltoppane kring, slik eg og Oddbjørn også fekk erfare på topptur-weekenden vi hadde til Geiranger tidlegare på sommaren.



Start: Heimastølen i Mundalsdalen

Fotoet nedanfor syner ruta vi gjekk: Start på Heimastølen i Mundalsdalen, nord for Hotel Mundal. Inn hit kan du køyre med bil, om enn på grov grusveg- og dels over gamle ras. 

Ruta vår - rundtur: Start ved Heimastølen i Mundalsdalen, nord for Hotel Mundal i Fjærland
Ved Heimastølen parkerer du, og går til venstre, ned til elva, og over ei trebru. Herfrå går det sti svært bratt opp fjellsida mot Holten - ein stad der det stod støl tidlegare, men no berre er ruinar att. 

Frå Holten vidare i same nord-vestlege retning, over og opp langs ei elv, i retning Midtgretta. Her er stien utydeleg og blir etter kvart heilt vekke. Så vidare over skogavakse nord-vestover og opp til varden på Midtgretta. 

Herfrå, sør-vestover på høgste fjellryggen bort mot nordre foten av Heimsta Gretta, som no har vakse seg til eit  overmåte spanande turmål.  Vi gjekk på vestsida av breen som ligg mellom Midtgretta og Heimsta Gretta, som synte seg å ha store sprekker denne hausten. Oppgangen på nord-vestsida av Heimsta Gretta gjekk greitt, men verka litt skummel-bratt frå avstand; nesten uangripeleg. Det er likevel berre kring 10 høgdemeter der ein må klyve varsamt og omtenksamt. 

På Heimsta Gretta er det kjempeutsikt i alle retningar!!!!!

Så er det å følgje høgste fjellryggane i same sørlege retning mot Fjærlandsfjorden att: Først ned ein fjellsal frå Heimsta Gretta og så egga opp på  Holefjellet, og tilsvarande sal att ned og opp att på ei ny høgd, no meir austleg retning mot Hotel Mundal, og ein følgjer fjellegga som no er blitt graskledd, ned mot Nesahaugen

På Nesahaugen går det tydeleg sti ned bjørkeskogen til Hamrastølen (kring 500 moh), med bygningar på båe sida av elva som renn ned dalen her. Frå Hamrastølen på god og merkt sti ned til Homrane og bilvegen som går frå Fjærland og ut langs Fjærlandsfjorden til Jordal og Raudboti.

Frå Homrane på asfaltert bilveg attende, inn langs fjorden til kyrkja i Fjærland, og inn på stikkvegen opp Mundalsdalen att til bilen vår.

Avstand: 16 km rundtur. Netto gangtid kan vere kring 5 timar. Krevjande tur som krev god sikt, for det meste umerkja, med lite sjans for å møte folk - men stor sjans for stor naturoppleving!


Vi er i gong - brua ved Heimastølen i Mundalsdalen:

Brua over elva ved startpunktet ved Heimastølen



Rett skal vere rett - ved avreise frå Førde, og godt inn i sjølve gåturen i Mundalsdalen, var det knytt uvisse til om vi ville kunne gjennomføre turen i det heile: Beint fram av di tåka låg grauttjukk like ned i dalbotnen. Men YR hadde lovd godvêr - og vi hadde grunnar til å ynskje at "din vilje måtte skje fyllest....".











Vi er komne opp til stølen på Fribakk - Holten, der det berre er ruinar att etter ein gamal støl. Men postkasse med turbok å skrive seg i, er kome til.


Holtane - på 535 meters høgd





PANG - sa det på Holten, og med eitt var tåka vekke: Då openberra blå himmel seg - og ei fantastisk utsikt sørover Mundalsdalen mot Fjærlandsfjorden. Til fagnadsrop og ovasjonar frå eit samstemt turfølgje på 2!
Utsikt frå Holten -  sørover mot Hotel Mundal og vakre Fjærlandsfjorden.
Tåka sprakk for 5 minuttar sidan!

Fantastiske fjell å sjå inst i Mundalsdalen

Attersyn frå Holten og ned att i Mundalsdalen og Heimastølen
der vi parkerte bilen

Nedanfor: Frå Holten går ruta gjennom glisen bjørkeskog nord-vestover langs elva, på høgre side av denne,  og opp mot Midtgretta - som så vidt synst som ein avrunda topp i himmelsjå oppe til høgre i biletet under.


Fleire vakre fossefall opp mot Midtgretta

Vi er komne til like under toppen på Midtgretta - og ser på dei neste toppane vi skal opp på etter denne att,
 nemleg Heimsta Gretta (t.h) og Holefjellet (t.v)

Midtgretta
Ikkje lenge att til toppen på Midtgretta
Varden på Midtgretta. Holefjellet til høgre, som vi skal til som topp nummer 3 på turen
Utsyn frå Midtgretta (t.v)  nord-vest til Svartevassvatni  (968 moh)
og breen Jostefonni 
Men vi må vidare - neste grette er Heimsta Gretta:




Turens crux er oppstigninga til Heimsta Gretta på nord-vestleg side av denne, frå Midtgretta; nemleg partiet like over høgre sida av snøfonna/breen nedanfor. Her var det litt konsentrert klyving, men så slakka terrenget seg opp mot toppen av Heimsta Gretta og den fine varden der.



Nedanfor: Her er vi ved varden på Heimsta Gretta, og skal gå eggene vidare mot Holefjellet (t.h.) og vidare langs egga like ned til bak varden, der Nesahaugen ligg, og ein rundar ned i skog til Hamrastølen 
Varden på Heimsta Gretta. Holefjellet til høgre

Tur-gnassane Oddbjørn (t.v.) og Steffen Ben i godlune over 
utsikta på turens høgaste punkt - Heimsta Gretta - 1496 moh












Mot Holefjellet:


Nede i venstre hjørne ligg Hotel Mundal 

Frå Holefjellet - langs eggjene - ned til Nesahaugen


Frå Holefjellet gjekk turen ned salen til venstre og opp på egga som fører ned til Nasahaugen. Brekkenipa til høgre

Liten i det store!
Eitt - av fleire - overmåte spanande parti på turen var salen som gjekk mellom Holefjellet og
opp att på ryggen som strekkjer seg like ned til Nesahaugen

Attersyn mot Holefjellet (t.v), Heimsta Gretta (spiss topp) og
Midtgretta (t.h)

Vakkert utsyn inn Fjærlandsfjorden mot Fjærland og  Bøyaøyri. RV 5 mot Sogndal t.h.

Frå Nesahaugen - via Hamrastølen - til Homrane

Utsyn over på austsida av Fjærlandsfjorden mot
Berge - mellom 1. og 2. tunnelen frå
Fjærland, i retning Sogndal
Vi passerte Hamrastølen på veg ned til Fjærlandsfjorden. Stien  opp til Hamrastølen er godt merkt

Attende på fast, men hardt, dekke under føtene. Frå Homrane er det 1,5 km langs bilveg attende til kyrkja i Fjærland, så ytterlegare 3,5 km langs grusvegen opp  Mundalsdalen til bilen att, før vi - svært nøgde med dagens tur  - kunne reise heim att til Førde.








Heimste gretta heimste gretta heimste gretta heimste gretta heimste gretta heimsta gretta heimste gretta heimste gretta heimste gretta heimste gretta
Bokbyen i Fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland Bokbyen i Fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland Bokbyen i Fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland Bokbyen i Fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland bokbyen i fjærland hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal hotel mundal, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, norsk bremuseum i Fjærland, Fjærland

4 kommentarer:

  1. Kan man gå Fjærland - Menesegga via dette området!?

    SvarSlett
    Svar
    1. Om ein ynskjer å gå heile Menesegga, er det vanleg å starte frå Menes i Balestrand. Sjå mellom anna dette blogginnlegget: https://fjell-luft.blogspot.no/2012/08/meneseggja-og-harevollnipa-1406-moh.html
      Men dersom du primært tenkjer Melsnipa, så går det å gå denne frå Fjærland. Vi har ikkje gjort det sjølv, men du startar i Jordalen. Sjå mellom anna denne linken for meir info: https://peakbook.org/no/tour/201284/Melsnipa+-+en+perle+i+Fj%C3%A6rland.html

      Slett
  2. Ser etter et lengere turforløp i dette området, der man kan holde seg unna sivilisasjonen et par-tre dager
    : ) Pågrunn av Jostedalsbreen virker det som det er mange av turene på høyefjellet som stoppes av breen hvis man ikke har utstyr til det. Derfor tenkte jeg at man kanskje kunne gått Fjærland og helt til Menes for å få et godt strekk. Eller fra Lundeskaret? Tar gjerne imot tips på andre "større" turområder i nærheten.

    SvarSlett
  3. .. Så denne først ja, https://fjell-luft.blogspot.no/2012/08/meneseggja-og-harevollnipa-1406-moh.html

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!