søndag 26. april 2015

Fag, fjas, truger OG reinsdyr!


Kva har fag og fjas med truger å gjere?
Og endå til kombinert med reinsdyr?

Nysgjerrig? Jau, då skal eg fortelje:

Laurdag for to veker sidan hadde vi ein dag fylt av:
Fag, fjas og truger
Kort sagt eit arrangement i regi av jobb der vi får:
fagleg påfyll med motivasjonsforedrag,
valet mellom ulike aktivitetar - deriblant trugetur,
og dagen vert avslutta med middag og moro!

Vèret var ikkje det beste,
men faktisk betre enn lova.
Så vi fekk ein flott trugetur på om lag 8 km.

Berre nokre få av oss hadde gått på truger før,
så dette vart ei ny oppleving for mange.
Og forhåpentlegvis ga det meirsmak!

Høgdepunktet på turen,
var møtet med ein flokk reinsdyr.
Eit relativt sjeldant syn her i Sunnfjord,
og ikkje minst så mange dyr på ein gong!
Nærare 30 reinsdyr var samla i flokken.

Fascinerande  å sjå,
og begge partar blei ståande å sjå på kvarandre ei stund,
før vi gjekk kvar til vårt.

For om lag ein månad sidan var det ein flott film om reinsdyra i Sunnfjorde på NRK.
Reinsdyra i Sunnfjord er dei vestlegaste villreinane i Noreg.
Dokumentaren kan du sjå her:

Vill rein i vest


Sjølve turen gjekk frå Kinna i Førde til Dyttingevatnet og vidare til Kinnastølen og Liastølen:


Flott gjeng på tur
- og ikkje lett å sjå at dei fleste gjekk på truger for første gong!













fredag 24. april 2015

Engebøfjellet - framleis nesten urørt.....?

Flott utsikt utover Førdefjorden frå Engebøfjellet

Dette var tittelen på eit innlegg eg skreiv frå ein tur i påska 2012. 
Innlegget finn du her: 


Engebøfjellet, Førdefjorden og gruvedrift har truleg vore den mest omtalte saka i media siste veka - etter at Regjeringa forrige fredag sa JA til Nordic Mining sitt gruveprosjekt. 
Dette har skapt engasjement og opprør, 
og siste ord er nok ikkje sagt. 

Det er mange meiningar om dette prosjektet, 
men det som det uansett ikkje bør herske nokon tvil om,
er at dette er eit område med fantastisk flott natur!


Og i april 2012 skreiv eg: 


"Det blir spennande å følgje med kva som skjer med Engebøprosjektet, men enn så lenge ligg naturen der (nesten) urørt - så løp og besøk før det er for seint!"

Og no hastar det meir enn nokon gong!

 

Les gjerne denne artikkelen frå  Harvest.as: 


"Det som skal berges er meg og mitt. Men det finnes ting som er verre å miste enn arbeidsplasser. De er tross alt erstattelig, om ikke alltid med det samme. 
Det kortsiktige vinner. Det konkrete og nære vinner over det abstrakte og fjerne. Klimakrisen blir fjern når fraflytting truer i nord. Full kommunekasse slår intakte økosystemer. En ordfører velges for fire år av gangen.
Vi skulle hatt en indianer-høvding. Eller en økosof i fjellet. Men Arne Næss er død."

lørdag 18. april 2015

Råkeneset - Norges vestlegaste DNT-hytte!

Vi nyt våren ved kysten og har kosa oss med dagsbesøk på Råkeneset i Solund - den vestlegaste DNT-hytta i Noreg. I tillegg avslutta vi dagen med tur til Rånekletten -liten topp med storslagen utsikt!

fredag 10. april 2015

Ikkje akkurat snøfritt....

Våren er på veg i låglandet, men endå ei stund til snøen forsvinn i høgda...

Snørikt, men flott på Hornnestølen

torsdag 2. april 2015

Ohh - skrekk og fryd.....


Sjå kven eg møtte på tur i dag!!!
Skrekkblanda fryd.....

Er du klar for påsketur i skogen? ;)



onsdag 1. april 2015