mandag 16. mars 2015

Takk - Åsmunds skiskule!


I dag var siste dag med Åsmunds skiskule
i Instedalen skianlegg i Naustdal. 
Sjølv om vi no er komen i vårmodus, 
så er det også trist at vinteren snart er over. 
Den har gått så fort! 

Kvar måndag sidan nyttår har vi delteke på skiskule. 
Sjølv om det har vore litt stress på ettermiddagen, 
og legginga blei ein time forseinka, 
så har det definitivt vore verdt det!

For to små har fått kjent på skiglede, motivasjon og meistring.
Utruleg mykje læring på kort tid - 
kjekt for dei små og kjekt å sjå for oss vaksne! 

Så, takk - Åsmund for at også vi "utanbygds" i frå får delta! 
Vi dukkar fort opp att også neste vinter!  
Stolt jente som har motteke diplom for flott innsats!

To jenter som er klare for siste dag med skiskule!
Mykje moro har dei hatt desse måndagane. 

Skiskulen vart avslutta med felles bålkos.

Instedalen Skianlegg er eit anlegg som er godt eigna for dei aller minste, 
samstundes som her også er høve for dei vaksne å gå lenger turar. 
Meir informasjon finn du på denne facebooksida.
Eitt godt val om du vil ha eit alternativ til folkehavet i andre skianlegg ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!