torsdag 5. mars 2015

Å nyte framfor å yte...


På tur med barn handlar det om å nyte framfor å yte!
Sanna Oliva nyt utsikta over Førde på Einebenken. 
I helga tok vi med oss ungane opp i Gapahuken ovanfor oss. 
På vegen går vi Eventyrstien, 
ein sti med tilrettelagde trapper og benkar undervegs. 
Vanlegvis går eg raskt oppover, 
med mål om å kome fram så fort som mogeleg. 
Då tar eg meg ikkje tid til å stoppe undervegs.
Slik blir det gjerne på turar eg har gått mange gonger.  

Men på tur med barn blir det annleis: 
Dei skal utforske, 
dei skal sjå, 
og sjølvsagt må dei teste ut alt dei ser undervegs!

Eventyrstien har mange benkar med fine namn: 
"Ventebenken, Svermebenken, 7.benken"
Siste benk før Gapahuken, er Einebenken. 
Her har du flott utsikt over Førde, 
og i solskin kunne eg glatt kosa meg med ein kaffikopp her! 
Men det har eg aldri gjort...
knapt tenkt på at eg skulle gjere det heller
- for målet er jo Gapahuken litt lenger oppe! 
Eller heilt på Hornnesstølen om eg har tid til det. 

Men born tenkjer annleis
Denne benken måtte prøvast.
"Sjå kor fint det er her, mamma? Var ikkje dette ein flott benk?".
Om mamma måtte berre nikke samtykkande, 
og litt tankefull....
kvifor har eg ikkje tenkt på det før? 

Friluftsliv og turar kan ha ulike mål: 
Nokre gonger er det trim og frisk luft som har fokus. 
Men det viktigaste er å NYTE 
- få med seg alt det ein har rundt seg,
puste ut og nyte den friske lufta. 
Også på kvardagens turar - dei vi har gått så mange gonger før!

Barn er flinke til å minne oss på dette 
- heldigvis - 
sjølv om turen då tar litt lenger tid!

Kva seier du til ein kaffikopp på denne benken ein solskinsdag? 






1 kommentar:

  1. Så fint å se at det er tilrettelagt for opplevelser underveis til målet. Eller er det veien som er målet, kanskje? Koselig å ha med barn på tur. Har mange gode turminner med egne barn og elever, til fots og på ski.

    God turhelg fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!