søndag 1. februar 2015

Sol- og snørikt på Hornnesstølen og Nye Varden

Flott på Hornnesstølen i dag - og rikeleg med snø!

I dag var det Kom deg ut - dagen
som er Den Norske Turistforening sin nasjonale turdag.
Med sol frå skyfri himmel, 
var det MANGE som tok turen ut! 

Vi starta dagen med spasertur i sola med dei små, 
og deilig å kjenne at sola varmar i fjeset. 
Vi var på utforskingstur i nærområdet, 
og fann mange spanande plassar vi skal kome attende til. 
Fleire kjentfolk hadde tatt turen frå skuggesida av Førde, 
og over til oss som bur på Solsida... :)

Vi avrunda derimot dagen med ein vaksentur til Hornnestølen,
med start frå Hundvebakkegjelet, 
og opp til Nye Varden på Klumpen (585 moh)
Flott solnedgang fekk vi også med oss då vi starta på returen ned att.  


Solhelsing til skuggen vår!


Flott utsikt utover Førdefjorden og dei kjende Naustdalsfjella Vindkjegla, Steinkorsen og Blåfjellet. 




Og medan sola gjekk ned, var månen på veg opp. Om få dagar er det fullmåne, så no er det tid for måneskinstur!
Ein strålande dag er ved vegs ende 
- slike dagar lever vi lenge på! 
(men lengtar allereie til neste tur....)

3 kommentarer:

  1. Alltid kjekt å lese bloggen din og se de fine bildene dere tar. Det føles nesten som om jeg er med på tur..... Synes det er fint at dere alltid tar hensyn til barna, men likevel rydder dere plass til voksenturer. Det er det neimen ikke alle som får til. Jeg skal passe to gutter på 6 år noen timer i morgen, og da blir det skitur i skoleløypa og en tur i gapahuken etterpå.

    God mandagskveld fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk igjen, Ingunn! Ja, vi prøver å få til litt av begge deler slik at alle er nøgde :). Skitur og gapahuk høyres ut som ein glimrande aktivitet for 6 - åringar! Ha ei fin veke!

      Slett
  2. Ser ut som dokke hadde en kjempe flott turdag på søndag, og det å strålende sol :-) Det er ikkje masse som slår en solrik kvit vinterdag :-D
    Ha ei fin fin tur uke :-)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!