mandag 23. februar 2015

Den raude T'en dukkar opp når du minst anar det.....

Det er vinterferietid, 
og i år vart det vinterferie på oss også. 
Men ferien har hatt lite preg av vinteraktivitetar! 
I staden har vi kosa oss med ein forsmak på sommaren - 
på Gran Canaria. 
Må innrømme at det var veldig deilig...:)

Heilt greitt å ha vinterferie på ein plass som dette...:) 
Sol, bading og avslapping var det primære målet, 
også for oss litt fjellgalne...
Men det er alltid godt å røre litt på seg, 
og det vart fleire turar langs flotte strandpromenadar.
Og berre det er jo ei kjekk avveksling frå kvardagens turar heime i Sunnfjord! 

Men vi oppdaga også at det gjekk fleire stiar oppover i terrenget, 
blant anna til ein liten topp med ein svær kors på i Patalavaca
Denne turen ville vi prøve. 


Overraskinga var stor då vi kom til starten på ein av dei mange stiane opp: 
Den var nemleg merka med raude T-ar!

"Sjå ein raud T"- jubla dei små, 
og dermed var motivasjonen for vidare tur i boks!
(I tillegg hadde mor hinta om at det ville vere ei "skattekiste" på toppen,
og den ville dei sjølvsagt utforske!)

"Sjå, mamma - ein raud T!!!!"
Det kryr av nordmenn i dette området, 
så det er kanskje ikkje så rart at T-merkinga dukka opp...
Når alt anna er "norskt", så må jo stiane vere det også ;)



Frå hotellet vårt gjekk vi ein drøy kilometer før vi starta på stigninga.
Stien opp var både bratt og steinete, 
og med dårleg underlag er det greitt å ha gode sko. 

Utsikta ved Korset på toppen er storslagen: 
rett under deg ser du hotella og leiligheitskompleksa, 
og "blått hav så langt du ser"! 
Snur du deg 180 grader, er det derimot ikkje eit hus å sjå på fleire mils avstand. 

Korset med "skattekista" i front:
her låg det flasker med vatn som du kunne forsyne
deg med - mot å putte litt pengar i boksen. 

Flott utsikt over Arguineguin, Patalavaca og Anfi del Mar - og blått hav så langt du ser!

Når du derimot snur deg rundt, er det dette som ventar deg. Flott sti å vandre vidare på, men lite sivilisasjon. 
Utsikt ned til Anfi del Mar med time share - leilighetene bygd opp av
nordmannen Bjørn Lyng. 

Frå Korset er det fint å vandre vidare innover, 
og går du langt nok kan du bl.a. gå til Norskeplassen, Sukkertoppen og Puerto Rico
Vi gjekk eit stykke innover, men hadde små bein å ta omsyn til, 
så vi snudde og gjekk ned att same vegen som vi kom. 


Og sjølv om ein kosar seg under sol og palmesus, er det lov å drøyme om kva ein skal
gjere når ein kjem heim!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!