mandag 23. februar 2015

Den raude T'en dukkar opp når du minst anar det.....

Det er vinterferietid, 
og i år vart det vinterferie på oss også. 
Men ferien har hatt lite preg av vinteraktivitetar! 
I staden har vi kosa oss med ein forsmak på sommaren - 
på Gran Canaria. 
Må innrømme at det var veldig deilig...:)

Heilt greitt å ha vinterferie på ein plass som dette...:) 
Sol, bading og avslapping var det primære målet, 
også for oss litt fjellgalne...
Men det er alltid godt å røre litt på seg, 
og det vart fleire turar langs flotte strandpromenadar.
Og berre det er jo ei kjekk avveksling frå kvardagens turar heime i Sunnfjord! 

Men vi oppdaga også at det gjekk fleire stiar oppover i terrenget, 
blant anna til ein liten topp med ein svær kors på i Patalavaca
Denne turen ville vi prøve. 


Overraskinga var stor då vi kom til starten på ein av dei mange stiane opp: 
Den var nemleg merka med raude T-ar!

"Sjå ein raud T"- jubla dei små, 
og dermed var motivasjonen for vidare tur i boks!
(I tillegg hadde mor hinta om at det ville vere ei "skattekiste" på toppen,
og den ville dei sjølvsagt utforske!)

"Sjå, mamma - ein raud T!!!!"
Det kryr av nordmenn i dette området, 
så det er kanskje ikkje så rart at T-merkinga dukka opp...
Når alt anna er "norskt", så må jo stiane vere det også ;)



Frå hotellet vårt gjekk vi ein drøy kilometer før vi starta på stigninga.
Stien opp var både bratt og steinete, 
og med dårleg underlag er det greitt å ha gode sko. 

Utsikta ved Korset på toppen er storslagen: 
rett under deg ser du hotella og leiligheitskompleksa, 
og "blått hav så langt du ser"! 
Snur du deg 180 grader, er det derimot ikkje eit hus å sjå på fleire mils avstand. 

Korset med "skattekista" i front:
her låg det flasker med vatn som du kunne forsyne
deg med - mot å putte litt pengar i boksen. 

Flott utsikt over Arguineguin, Patalavaca og Anfi del Mar - og blått hav så langt du ser!

Når du derimot snur deg rundt, er det dette som ventar deg. Flott sti å vandre vidare på, men lite sivilisasjon. 
Utsikt ned til Anfi del Mar med time share - leilighetene bygd opp av
nordmannen Bjørn Lyng. 

Frå Korset er det fint å vandre vidare innover, 
og går du langt nok kan du bl.a. gå til Norskeplassen, Sukkertoppen og Puerto Rico
Vi gjekk eit stykke innover, men hadde små bein å ta omsyn til, 
så vi snudde og gjekk ned att same vegen som vi kom. 


Og sjølv om ein kosar seg under sol og palmesus, er det lov å drøyme om kva ein skal
gjere når ein kjem heim!



fredag 6. februar 2015

Sol, ski, stølstur og snømåking

Sol, snø og skitur - kan det bli betre?
Siste turoppleving kan skildrast med mange S-ord: 

Sol
Skyfri himmel
Ski
Swix
Stavar
Start Solsidevegen
Stølstur
Snømåking
Steffen
Sliten.....

men ikkje minst: 
STRÅLANDE!!! 





Eit kjært gjensyn med Jonstadstølen. Tid for snømåking - det ser ikkje så heilt ille ut frå denne sida, men det var meir
då vi gjekk rundt bygget! 2 timars arbeid for 2 på sel, uthus og naust!

Sola skin på Jonstadvatnet, men framleis litt tid før den kjem på stølen. 

søndag 1. februar 2015

Sol- og snørikt på Hornnesstølen og Nye Varden

Flott på Hornnesstølen i dag - og rikeleg med snø!

I dag var det Kom deg ut - dagen
som er Den Norske Turistforening sin nasjonale turdag.
Med sol frå skyfri himmel, 
var det MANGE som tok turen ut! 

Vi starta dagen med spasertur i sola med dei små, 
og deilig å kjenne at sola varmar i fjeset. 
Vi var på utforskingstur i nærområdet, 
og fann mange spanande plassar vi skal kome attende til. 
Fleire kjentfolk hadde tatt turen frå skuggesida av Førde, 
og over til oss som bur på Solsida... :)

Vi avrunda derimot dagen med ein vaksentur til Hornnestølen,
med start frå Hundvebakkegjelet, 
og opp til Nye Varden på Klumpen (585 moh)
Flott solnedgang fekk vi også med oss då vi starta på returen ned att.  


Solhelsing til skuggen vår!


Flott utsikt utover Førdefjorden og dei kjende Naustdalsfjella Vindkjegla, Steinkorsen og Blåfjellet. 




Og medan sola gjekk ned, var månen på veg opp. Om få dagar er det fullmåne, så no er det tid for måneskinstur!
Ein strålande dag er ved vegs ende 
- slike dagar lever vi lenge på! 
(men lengtar allereie til neste tur....)