lørdag 31. januar 2015

Vårleg kjensle med bålkos i fjæra - og oppskrift på glutenfrie pølsebrød


I dag lot vi vinter vere vinter, 
ski vere ski, 
og kosa oss med meir vårleg kjensle ved sjøen. 

Nokre timar med smak av våren ved sjøen. Her var det ikkje mykje snø.

Sidan mat ofte smakar best etter å ha vore litt i aktivitet, 
gjekk vi eit par kilometer før vi fann bålplassen. 
Medbrakte vedkubbar gjorde det lett å tenne bål, 
og vi kosa oss med pølser og heimelaga pølsebrød. 

Det er alltid spanande om heimbakst fell i smak, 
men eg tok utgangspunkt i ei godt utprøvd foccacia- oppskrift, 
og fekk gode og luftige glutenfrie pølsebrød
Dei fall i smak hjå alle mann alle, 
og eg kan love deg at dei smakte mykje betre enn dei kjøpte 
(både glutenfrie og vanlege!). 

To små som kosar seg med pølser og pølsebrød

Og i staden for at ungane et 3 pølser og kanskje 1 pølsebrød, 
vart det i dag 3 pølsebrød og 2 pølser på kvar av dei! 
Siste pølsa sto dei glatt over til fordel for brødet :) 

Gode og luftige glutenfrie pølsebrød!

Oppskrift - glutenfrie pølsebrød: 

Basisoppskrifta skal Tove Johansen med bloggen Uten alt ha æra for, 
og eg har bygd på ei veldig god foccacia-oppskrift derifrå. 
Men eg har endra litt for ein grovare variant: 

8-9 dl vatn
1 ss fiberhusk
10 ss olivenolje
1 pk gjær (eg brukte tørrgjær)
2 pk semper mix med fiber
(evt. vanleg semper mix for finare brød)
1 ts salt
2 ts bakepulver
1 raspa gulerot (kan sløyfast)

Evt. ha i litt pizzakrydder i deig om du har lyst. 

Rør fiberhusken ut i vatnet og la det stå og svelle 5-10 min. 
Mens du ventar blandar du alt det tørre og raspar gulerot oppi. 
Hell så i olivenolja og vatnet, 
og rør alt saman. 
Bruk gjerne kjøkkenmaskin. 

Deiga skal vere klissete. 
Eg lot deiga heve i 10 minutt så den fekk sette seg litt,  
før eg brukte ei skei som eg dyppa i vatn og forma pølsebrøda med. 
La dei ferdig forma pølsebrøda heve på bakebrettet i 20 minutt til. 
Pensle med melk (eller egg/rismelk). 
Strø over sesamfrø og maldonsalt (kan sløyfast)

Steikast på 200 C i ca. 20-30 minutt. 

Eitt tips for å få pølsebrøda luftige, er å fylle varmt vatn i oppvaskkummen, og la brøda heve over dampen av vatnet. Set gjerne i skål med vatn nederst i steikeovnen når du steiker brøda - dette gjer dei meir saftige. 

Denne oppskrifta ga 22 store pølsebrød/baguettar. 
Om du vil lage det som foccacia i staden, så er denne oppskrifta nok til ei stor langpanne. 

Lukke til! 

Kva skal ein med leikar når ein har pinnar?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!