tirsdag 27. januar 2015

Og der passerte vi 150 000....



150 000 sidevisningar på bloggen er grunn til å feire! 
Kanskje småskala i bloggsamanheng, 
men likvel....
Det er alltid kjekt å nå runde tal!

Så vi måtte jo sjølvsagt dokumentere det magiske talet: 

Elles så har det vore relativt stille på bloggen i januar. 
Av og til er det andre ting som er i fokus, 
og dei heilt store toppturane har det vore få av. 
Men vi har prioritert mykje utetid:

Vi har kosa oss på ski med ungane,
og det har blitt mange av dei korte turane,
så som til Gapahuken på Eventyrstien og Legjestølen. 

Kveldstur med hodelykt til Legjestølen

Skidugleiken aukar i takt med tal turar! Så også skigleda!

Mange lufteturar til Gapahuken på vel 300 moh.
Flott utsikt over Førde sentrum. 
Vi har mange turar frå 2014 som vi ikkje har skrive om,
men dei kjem! 
Berre tida og inspirasjonen er på plass :)
Gle dykk til inspirerande innlegg 
- kanskje får du gode tips til tursommaren 2015?

Elles er det veldig kjekt at mange har tatt i bruk #fjelluft15
på Instagram
- 137 innlegg per dags dato. 
Gler meg til å vise fleire av desse bileta!

2 kommentarer:

  1. Eg er så imponert over alt du får til! (#)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tja..... det er mykje vi ikkje får til eller gjer også, men det kjem ikkje fram i bloggen ;)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!