onsdag 30. desember 2015

3 stølar og 1 topp i Gaular!

På dagens tur fekk vi kjenne på naturkreftene: lunt i liene, men svært kraftig vind på toppen. Artig å bli "kasta" bortover av vindkasta og å legge seg framover i 45 graders vinkel... Ein fin tur der vi først gjekk på Eikelandsstølen, så vidare til Haukenstølen, deretter via Haukaheia til varden på Selstadheia med retur ned att via Selstadstølen til Hauken.

lørdag 26. desember 2015

300 uteturar i 2015!

For 2015 sette eg meg eit mål om 300 uteturar i 2015 - det målet vart nådd i dag!!! Det beste er at eg har nådd målet utan å stresse, samtidig som det har gitt meg det lisje sparket til å ta nokre ekstra turar! Jubileumsturen gjekk til Nedrestrandstølen ved Hestadfjorden i Gaular.

mandag 21. desember 2015

Klar for å starte tidleg på nyttårsforsetta?


Det er ingen grunn til å vente til nyttår med å trimme av seg juleribba - 
du kan like gjerne starte no! 
Bli derfor med på prosjektet: 

Kom i form med 20 turar er blitt eit populært prosjekt mange stadar i landet. 
Nokre skal gå 20 gonger på Stolzen eller 20 gonger på Ulriken. 
Her i Førde har vi vore ein liten gjeng som har gjennomført
"Kom i form med 20 turar i Førde". 
Formålet var å gå 20 gonger på inntil 3 utvalte turmål i løpet av 3 månadar. 

No er vi i gong med eit nytt prosjekt som alle kan vere med på, 
uavhengig av kor ein bur eller kor ein går. 
Målet er 20 UTETURAR i løpet av 2 månadar. 

Vilkåret for at det skal telje som tur er: 
1. Turen må gå UTE
2. Du må vere i moderat fysisk aktivitet i minimum 30 minutt. 
3. Turane må gå i tidsrommet 21. desember-15  - 20. februar-16.

Aktivitet vel du sjølv frå gong til gong: 
spasertur, joggetur, sykling, ski, fjelltur, skøyter, roing eller anna. 

Turmål vel du også sjølv - du kan gå kor som helst og du kan variere turmåla så mykje du vil. 

Interessert? 
Meld deg på arrangementet på facebook her


Kor mange klarar vi å få til å delta på arrangementet? 
Og kor mange fullfører til slutt?

mandag 14. desember 2015

Tradisjonsrik grauttur på Hunsrasta



Advents- og juletid er høgtid for tradisjonar.
Grauttur med Barnas turlag Førde står fast på turprogrammet i desember.

Årets tur var tilbake på Hunsrasta der den tradisjonelt sett har vore.
(i fjor gjekk turen på Mostien).
Julestemninga vart på topp ettersom det var kome ein god del snø siste døgnet.
Dei som hadde tatt sjansen på skiføre gjorde eit lurt val.
Vi andre gjekk til fots og det gjekk rimeleg greitt det også.
Mange små fekk skyss på akebrett når det vart for tungt.
(og dei vaksne fekk dermed trimma seg litt meir...)

Vanskeleg å telje opp ein stor og spreidd flokk av born og vaksne,
men det var nok i overkant av 100 som møtte opp.
Julegraut, bålpanne, pepparkaker, gang rundt juletre
og ikkje minst:
Nissebesøk med klementiner og nissesjokolade!




fredag 11. desember 2015

Fjellfolk: Gratulerer med dagen!

Visste du at det er FN's internasjonale fjelldag i dag? 
Så derfor: 

Gratulerer med dagen til alle fjellentusiastar!

Fjelldagen har eksistert sidan 2003, og kom i kjølvatnet av 2002 som var det internasjonale fjellåret. Føremålet med dagen er å skape forståing for betydninga av fjellområda og utfordringane vi står overfor når det gjeld befolkning, levevilkår, næringsutvikling og miljø.


Gå ut og nyt brusande fossar, høge tindar, isblå brear og vakre dalar, oppmodar Den Norske Turistforening:

Ferie i Norge, og gjerne til fjells, er blitt et like viktig «must» som badeferien. Vi er utrolig heldige som har naturen så tett på oss og lett tilgjengelig. Fjellturen vinner stadig nye tilhengere, du får frisk luft, opplever mestring, kommer i bedre form og kan kombinere det med sosialt samvær med venner og familie, sier kommunikasjonsrådgiver i Den Norske Turistforening, Mari Stephansen, til ABC Nyheter.

Vi har mange vakre naturopplevingar rundt oss, så berre gå ut og nyt. Været er kanskje ikkje det beste, men då slår eg eit slag for nærturen: 

Passande fjellturar i desember er t.d: 

Hafstadfjellet - Førde sitt byfjell som vert gått på året rundt (stort sett): 

Plukk fram pepparkakene og ta ein tur til ein gapahuk i nærleiken: 

Eller kva med ein tur på Mostien

Eller kanskje er det ein god dag å hente juletreet på? 
Her i frå juletrehogst i Jonstadlia i Naustdal for nokre år sidan: 

Og rakk du det ikkje i dag, så ta turen i morgon! 
Kva med å bli med Barnas turlag på grauttur? 

onsdag 9. desember 2015

Er du klar for skisesongen? Er alt utstyret på plass?


"Her kommer vinteren, 
her kommer den kalde, fine tida..."

Dette er vel draumebiletet av vinteren: 
snø, sol frå skyfri himmel og skispor....

Vinteren er allereie komt i delar av landet. 
Vi andre lyt visst vente litt endå - her regnar det i alle fall i bøtter og spann for tida. 
Men brått er den her: 
snøen som lavar ned frå himmelen, 
bakken som blir kvit, 
og brått tittar sola fram!

Er du då klar? 
Har du klargjort skiutstyret ditt og kan sprette rett ut i skisporet?

Eller kjem du då brått på at du øydela bindingen i fjor, 
skiskoa var litt slitne eller at staven knakk? 
Kanskje er du misnøgd med skia dine og ynskjer deg nye?
Kanskje har du ein ven, kjæraste eller eit barn som du vil gje ski i julegåve?

Er du som meg, så blir du kanskje litt forrvirra blant alle merka og typane du kan velje mellom: 
Skal eg ha ski som må smørast eller skal eg ha smørefrie, 
skal eg ha vanlege langrennski eller skøyteski, 
kor lange skal dei vere, 
skal dei vere tunge eller lette...????

Når du spør,
så får du like mange ulike svar som tal personar du snakkar med...
Som Nordstoga syng det: 
"Alt for mange gode råd, gjev altfor mykje å tenkje på!"

Og når du endeleg har bestemt deg for ski, 
så må du ta stilling til kva slags bindingar du skal ha,
kva slags sko du skal ha, 
og til sist kva slags stavar....

blir nesten matt ved tanken....
Trur heller eg tar på meg fjellskoa og tar meg ein fjelltur! 

Heldigvis er det løysingar for oss som ikkje har den store kunnskapen om ski og skiutstyr: 
Outnorth har nemleg lansert ein skiguide som kan hjelpe oss med å velje utstyr. 
Her kan du taste inn høgde og vekt, 
og du får råd om kva skilengde du bør ha, 
du kan velje mellom smørjefrie, base, prisgunstig, førsteklasses eller Outnorth si tilråding. 
Dei har fleire ulike skimerke å velje mellom: Fischer, Madshus, Salomon, Atomic og Rossignol.
Når skia er valt, får du vidare tips til kva skisko, bindingar og stavar du kan velje. 

Outnorth sine sider, kan du i fred og ro studere kva du skal kjøpe, 
leike deg med å plukke ut ulike typar og sjå kva pris du kjem ut med. 
Og når du er klar, er det berre å leggje det i handlekorga, 

og vips så har du nytt skiutstyr til jul :)



Innlegget er sponsa

tirsdag 8. desember 2015

Inga dekning - men great connection lell!

Det er dårleg med mobildekning der biletet vart tatt, 
men OneCall likte biletet likevel: 


Biletet er publisert i siste utgåve av Fjell og Vidde nr. 6 2015. 

Del dine bilete frå tur-Norge, og ver med i konkurransen du også!
#onecalltur

Og her er originalbiletet: 

Biletet er tatt på veg til stølen for å stenge for vinteren. 
Den turen kan du lese om i dette innlegget: 

fredag 27. november 2015

Å investere i fjell

Ein aksjepost i Skåla er ikkje å forakte!
Forfattaren bak "Fjellbarna" Eivind Eidslott har skrive ein flott artikkel om å investere i fjell: i staden for å investere i aksjemarknaden, så kjøper han aksjer i fjell - og meinar han har verdas største formue!

«I dette markedet er det bare fjelltopper som gjelder, og tanken på fjelltopper, og minner om fjelltopper.»

Eidslott skriv: 
"Jeg er i bunn og grunn ganske fornøyd med aksjeporteføljen min.
Den bare vokser og vokser.
Og samtlige aksjer stiger i verdi.
Hele tiden.
Det er ikke en konkurs i sikte. Ikke et eneste kursfall. Ikke et eneste krakk"

Artikkelen kan du lese her.

Vi samlar også aksjar i fjellet stadig vekk 
 - og blir rikare og rikare. 
Ekstra kjekt er det med såkalla underdogs: 
å ta turar som ikkje er så kjende, kanskje endå til "nye" turruter som nesten ingen har gått. 
Samtidig er det kjekt å kunne krysse av for nokre kjende og kjære aksjar, 
så som Snøhetta, Skåla og Vangsen
Saman med heile familien er vi veldig glade i å samle aksjar i DNT-hytte porteføljen: 
i år har vi fått om lag 15 på lista, 
så som Kinn, Selhamar, Nipebu og fleire hytter i Sunndalsfjella. 
(sååå mange turar vi ikkje har rukke å blogge om...)

Eg er veldig glad i å samle aksjar i DNT-hytteportefølgjen vår - her frå Gammelsætra i Sunndalsfjella i sommar

Det beste med denne aksjemarknaden, 
er at det er eit hav å ta av og det er nok til alle. 
Du kan også kjøpe uavhengig av økonomi, 
den viktigaste faktoren er TID - og prioritering. 
OG alle som investerer - blir rike!!! 

Treng du fleire argument for å prøve deg i denne marknaden? 

Investerer DU i fjell?

"Because in the end you won't remember the time you spent working in the office or mowing your lawn. 
Climb that goddamn mountain!"
Jack Kerouac

søndag 22. november 2015

Den kalde fine tida: Hafstadstølen

Årets første ordentlege vintertur hadde mange element som gjorde det til ein vellukka tur:
Snødryss
Strålande sol
Familietur
Klapping av hest
Geocaching
Matkos
og godt humør!


Den kalde, fine tida!




fredag 20. november 2015

Til ein vandringsmann!


- om å gå på tur med born...:

Gamle, men gode turminner :)


Eg gjekk med vesle guten min
i skogens stille høgtid inn
på barnålmjuke veg.
Og vinden leika, var og linn,
i krullane kring barnekinn
- og nokre hår på meg. 

Og barnehanda mjuk og varm,
lyft mot meg av ein lubben arm,
låg løynd i neven min.
Men av og til ho rykte hardt, 
når småen snubla i eitkvart
med vesle foten sin. 

Då såg eg det: min eigen fot
eg førde kringom stubb og ro
og gjekk den slette veg, 
så veslegut på stutte bein
vart dregen over stokk og stein
i altfor store steg.

Så varde eg han vel og såg
kvart støytestein i vegen låg
og leidde han ikring.
For mine bein var lange nok
og stega over stein og stokk
som ingen verdens ting.

Du sjølvopptekne vandringsmann,
hugs at du leier ved di hand
ein veik og vesal bror!
Om han skal stø på foten stå,
må du den vande vegen gå, 
du, som er sterk og stor. 

Odd Sæbø



søndag 8. november 2015

Bamsefar observert i Førdslia!

Dagens turmål vart bestemt av dei små: Legjestølen med bålkos. Som sagt, så gjort - men kven hadde drøymt om at vi ville møte på sjølvaste bamsefar i (Førds)lia....

søndag 1. november 2015

Ullebuststølen

- eller Ålboststølen som er det rette namnet i følgje den nye stølsboka for Førde.

søndag 18. oktober 2015

Strålande hausthelg!

Familietur til Frøyslandsstølen frå Gaularfjellet: 



Kjærastetur til Kjelstadnakken (1050 moh) i Gaular - 
start frå Hestad, opp til Hestadstølen, via Gygra, så vestover til Kjelstadnakken, 
med retur om Skudalsstølen og Skudalen. 






tirsdag 13. oktober 2015

Dagen vi ikkje ville sleppe...

Steffen Ben bloggar:


Det kan ha vore vissa om at dagen var komen.  Merka det i heile meg: Litt tyngre å knyte fjellskoa på foten i dag, enn som vanleg er. Sjølv om eg så uendeleg godt visste at ein fin vandringstur stod for tur også denne gongen.

Sola skein over Storevatnet, frå sør-vest. Visst gjorde den det! Haustspelet, med purpurraud lyng og fjellbjørk med okergult bladverk, stod som eit flammande fargespel i liene ut langs vatnet. Likevel - noko skugga liksom for den totale naturopplevinga. Denne dagen.


For vanlegvis - på veg til Jonstadstølen - kjenner eg på salegheit og glede, frigjort frå tid, støy og sut. Fullkomen fred, fullkomen motstandsløyse i stega - fullkomne forventningar, der eg går ut langs Storevatnet, passerer Gråbeinsholmen og over myrane, mot ein støl med anar like attende til 1600-talet.




Ja, det vere vissa om at sesongen på stølen med eitt er over som skapar ettertanke, og aldri så lite vemod i sjela. For haustturen ut på stølen i oktober følgjer rituala slik dei plar vere; skoddene skal for vindauga - overskotsmat skal gøymast unna så ikkje mårkatten luktar "hovudrett" og kjem luskande og gjer selet ille. Båtar skal i nausta. Vedastrokken skal fyllast til randa med finkløyvd bjørkeved, klar til å fyre opp om det blir skitur ut i påska. Og musegifta skal leggjast ut...

Men det er det eg og mine næraste opplever her ute mellom kvar gong vi "gjer av stølen", eg likevel minnast med størst godheitskjensle: Alle dei små episodane på dei fine vår-, sommar og haustturane - eller summen av dei -  er det som gjer Jonstadstølen og Jonstadvatnet til dèt det er: eit rike der vi alltid har det godt. Kort hit frå Førde og Naustdal - men akk så langt vekke frå kvardagslivet! Ein fredens plett vi støtt vender attende til, fysisk; eller berre gjennom draumane om at vi er der. Kanskje er desse like viktige?

For her kjenner eg alle inn- og utfartane til stølen. Eg veit om plassar, idyllar, som eg trur berre er mine. Så er her enno fjell og knausar eg ikkje har prøvd;  tråkk eg ikkje har følgt til endes. Kulpar som ikkje har kjent kroppen min.


Nokre av livets finaste stunder har Jonstadstølen gjeve meg - og dei tre næraste kring meg. Små glimt av total lukke, fullkomen fred - og grenselaus fridom for smånurka våre i naturen vi så raust er velsigna med. 


Kanskje får det så vere, då, denne søndagen i oktober, at vi har "gjort det som gjerast skal" her ute i Naustdalsfjella: At vi kan sei "takk for no", eit halvt års tid. Om då ikkje vêrgudane gjer at vi kan smette til oss ein tur ellet to til før snøen legg sitt teppe over landskapet.




tirsdag 29. september 2015

Alle skulle hatt ein støl!


Stølsbok for Førde vert lansert 1. oktober kl 15.15 på Førdehuset. Løp og kjøp!
I samband med at Førde historielag gjev ut ei bok om alle stølane i Førde, hadde avisa FIRDA ein lengre reportasje om stølsliv i laurdagens utgåve. I same avis var det også skrive ein tekst av Ole Johannes Øvretveit som heiter "Ein skulle hatt ein støl" (klikk på linken for å lese heile teksten).
Her er eit lite utdrag:


Det skul­le vore fre­dag. Det skul­le vore fre­dag et­ter­mid­dag, og vi kom heim frå job­ben, og un­ga­ne fres­te rundt i hu­set på leit et­ter alle tin­ga dei skul­le ha med seg på se­let. Et­ter ko­se­bam­sen og den ves­le sen­ga han skal sove i, og kort­stok­ken og yatzyspelet og dei små span­na til å pluk­ke blå­bær i.

Vi skul­le ha lesst opp sek­ka­ne med kjøt­deig, fløy­te, hur­tig­ris, gass til pri­mu­sen, hand­kle­de til å tør­ke seg med etter ba­det, tenn­bri­ket­tar til bå­let og olje til lam­pa over bor­det. Så skul­le vi lagt av gar­de.

...................


Eg synest ein to ti­mars tur er om­trent pas­se­leg – i små­un­ge-pluk­ke-bær-og-rus­le-tem­po, alt­så om­trent tret­ti mi­nutts gonge for ein sprek vak­sen. Då er det pas­se­leg å kom­me fram til se­let, for på stø­len skul­le det lig­ge eit sel. Eit grå­sli­te, ko­se­leg, gammalt sel, med mol­ter på ta­ket og fug­le­reir i tak­ren­ne­ne.

......................

.....og et­ter­på skul­le vi fyre i om­nen i se­let så det vart rei­ne bad­sto­va og pop­pe popkorn i ein kjele på omns­pla­te­ne.

Mens un­ga­ne og kona mi spel­te yat­zy og åt snop (for på se­let kan ein ete snop, sjølv om det ik­kje er laurdag), skul­le eg hek­te slukstonga ned frå veg­gen, og kas­te ein dobb og makk langt ut i vat­net. Så skul­le eg sette meg på ein stein ved vat­net og sitte og sjå på dob­ben og ten­ke, even­tu­elt ber­re sitte og sjå, og ber­re kjen­ne på kor fre­den åt seg inn i kvar ner­ve­tråd i krop­pen min. Og enno skul­le det ber­re vere fre­dag, og i fjel­let rundt oss skul­le mol­te­ne stå full­mo­d­ne og rope på oss.

Høyrest ikkje dette ut som ein fantastisk idyll????
Skulle du gjerne hatt det slik du også?
Tanken som slo meg var i alle fall: 

Så utruleg heldige VI er som faktisk har det slik. 
Akkurat dette får vi oppleve på Jonstadstølen vår:

Mang ein fredag har vi pakka sekken, kjøtdeiga og risen
- og kosebamsane har vore med!
Mang ein gong har vi stormfyra i selet slik at det har vorte som ei badstove,
og framleis var det berre fredag og vi hadde heile helga føre oss....


Jonstadstølen har gjeve oss mange flotte opplevingar og gode minner! Alle skulle hatt ein støl!

Boka "Stølane i Førde - frå fjord til bre" vert lansert 
torsdag 1. oktober kl. 15.15 i festsalen, Førdehuset. 

Eg har vore så heldig å få ta ein kikk i boka,
og den er verkeleg eit prakteksemplar!
Heile 112 stølar er omtala - så her er garantert stølar du ikkje visste om.
Livet på stølane er fortalt av dei som sjølve opplevde det.
Det er også kort omtala korleis du finn fram til stølane,
slik at du kan ta turen på eiga hand.
Boka bør vere like interessant for tilflytta førdianarar
(som det jo er flest av....),
som for dei som er fødde og oppvaksne i kommunen,

Er dette årets julegåve?

tirsdag 22. september 2015

Nipebu i haustferien, sa du?

DNT-hytta Nipebu ligg utruleg flott til ved Langevatnet i Askvoll

Haustferien nærmar seg.
Er du ein av dei som lurer på kva du skal finne på?
Kanskje saknar du ei hytte å reise til?
Eg har svaret: 
Ta eit opphald på Nipebu! 

- eller til ein av dei andre om lag 500 hyttene i DNT-systemet. 

Overnatting på DNT-hytter er kjekt for både store og små. 
Fleire betjente hytter har stengt for sesongen, 
men dei sjølvbetjente og ubetjente står open heile året
(eller låst med DNT-nøkkel).



Eg tok med meg ungane til Nipebu forrige helg, 
saman med ei klassevenninne av Sanna og hennar foreldre. 
Eg har vore på Nipebu før, 
men for dei andre var det første gong. 

Været vart ikkje heilt som lova, 
så med småregn store delar av turen til hytta, 
var vi våte og byrjande kalde, 
men det var lite klaging frå små føter. 

Ekstra deilig var det då å kome inn i varm hytte, 
oppvarma av to som hadde vore der natta før! 
Med våte klede og sko, 
så vart det innekos resten av kvelden. 
Jentene fann fort soveplass på hemsen, 
det vart bygging av lego og kortspel. 
Og brått var det tid for legging! 

Søndag våkna vi til lettare vær, 
så då kunne vi tilbringe litt tid ute, 
før vi tok fatt på returen. 

Og at turen ga meirsmak, er det ingen tvil om: 
"Kor tid kan vi reise tilbake dit?"
"Eg vil tilbake minst 100 gongar!" 
var kommentarane frå dei små etter vel blåst tur. 

Så derfor: Nipebu er eit godt tips som haustferieaktivitet!

Om du er på leit etter tips til andre haustferieturar, så ta ein kikk på dette innlegget frå i fjor: 

Her er fleire bileteglimt frå Nipebu:



Nipebu ligg til venstre for vatnet der vatnet er på sitt smalaste på biletet. 

Våte av regn, men hytta er i sikte!

Utsikt å vakne til!
Tre små som kan krysse av for si første overnatting på Nipebu!



Fossedalshengenipa - stien går i skaret nede til venstre for nipa. 


Ved godt mot også på turen heim!