onsdag 10. desember 2014

Innejul eller utejul?

Juletrehogst i Jonstadlia 2011 med utsikt over Naustdal sentrum i vinterprakt. Julestemning så det held!


"I romjula går vi knapt ut. 
Kvifor skal vi det når vi har det så koseleg heime?"

Dette utsagnet sto i avisa Fylkesmagasinet der dei hadde intervjua Sivasverden om korleis ho skapar julestemning i heimen. Ho elsker å pynte og dille i heime, og jula er sjølvsagt ein av favorittårstidene. (For øvrig så har ho ein stor tilhengarskare på Instagram - klikk gjerne inn og ta ein kikk på @sivasverden.)

Skulle gjerne hatt litt meir av hennar "dille og dalle"-gener - for at ho har det fint og koseleg heime, er det ingen tvil om! Men eg hoppa litt i stolen då eg las: "I romjula går vi knapt ut. Kvifor skal vi det når vi har det så koseleg heime?" Dette står i stor kontrast til mantraet i vår heim: 

"I jula skal vi vere masse ute - ute - ute! 
Vi skal tenne bål, steike vaflar på bålet, gå turar og kose oss!". 

For oss har det blitt ein sjølvsagt ting at jul- og nyttårsfeiring også er mykje utetid. For det første så er det generelle velværet mykje betre når vi har vore ute og i fysisk aktivitet. For det andre kan vi kose oss med alt julesnopet med litt betre samvit..... Men vi likar oss inne vi også: få ting er betre enn å synke ned i godstolen med ei god bok, sjå snøen som lavar ned ute og litt julesnop på bordet! Men opplevinga er mykje betre dersom vi har vore ute tidlegare på dagen! 

Etterkvart har vi også utvikla ein del juletradisjonar for turar, som vi prøver å få til kvart år:
Vi startar med juletrehogst i Jonstadlia og så har vi tradisjonen med romjuls- og nyttårstur til Legjestølen. I fjor vart det også familietur på Mostien, 1. juledag på Nedrestrandstølen - sjølv om regnet pøsa ned, og romjulsvandring i Kvanndalen. I romjula 2012 opplevde vi m.a. tur til Hafstadfjellet i flott vinterskrud. 

Romjulsvandring i Kvanndalen 2013


Ikkje minst: hugs å ta deg tid til lufteturar no i førjulsstrida - få gjerne inspirasjon gjennom desse innlegga: 

1 kommentar:

  1. Så sant, så sant! I kveld har vi bakt kling på skolen, og vi snakka om at vi var altfor lite ute nå i julestria. Så takk for påminnelsen, og fortsatt fin førjulstid!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!