søndag 7. desember 2014

Alpin perle i Gloppen: Botnafjellet (1572 moh)

Steffen Ben bloggar:


Oi, oi, oi! 
      Dette er gromtur så det held! 
            Eg, i selskap med naturens Skaparverk!
                   Årets fjelltur?    
                   
At Gloppen-fjella har mykje vakkert ved seg, det visste eg godt frå turar i området frå tidlegare. 
Her - på kring 1100  moh - sprakk den tjukke tåka med eitt!
RESTEN AV DAGEN VANDRA EG  I VINDSTILLE OG BLÅ HIMMEL.
MED DYRSIK UTSYN!
Likevel, Botnafjellet har eg gledd meg ekstra mykje til å få prioritert - nettopp fordi den ligg i eit så spinnvilt fjellområde på vestsida av Breimsvatnet, er ein lite besøkt topp, og fordi fjellet er det høgaste i fjellområdet Naustdal-Gjengedal. 

Botnafjellet kan takast som ein t/r-tur, slik eg gjorde. Eller som del av ein rundtur med start og retur til nesten same stad i Myklandsdalen: Botnafjellet-Blåegga-Eggane, eller som overgangstur til t.d. Longevasshytta, som ein èin-todagars tur.  

Felles for alle desse variantane av ruta er at det er ein heller krevjande tur som krev fjell- og navigasjonskunnskap, og der ruta gjennomgåande ikkje er merka. Til gjengjeld får du tilbake, om vêret er med deg,  noko av dei mest storslagne naturopplevingane heile distriktet har å by på!  Avstand t/r kring 12 km. Ein kan bruke kring 3-4 timar opp/2 timar retur, alt etter form og farge, og kor kaffitørst ein er....

Botnafjellet t.h., sett frå Daurmål i Årdal i Breim

START - Indre Kandal i Gloppen
Nyss i gang med turen opp og inn Blådalen: Attersyn mot Indre Kandal ved vestsida av Breimsvatnet.
Rygg til høgre, og vegen ut av høgre biletkant går inn Myklandsdalen














Kring 4 km aust for Sandane tar du av frå E39 i retning Byrkjelo, og mot høgre og køyrer inn langs vestsida av Breimsvatnet like til vegne forlet vatnet, og vidare oppetter sida i retning Myklandsdalen. Like etter du har passert ei bru (200 m) i ein krapp venstresving, parkerer du.

Her, ved ei løe, følgjer du ein merka sti opp til Blådalen - etter dette ingen sti. 

Ein går litt ut at over dalen i nedste kanten av skogen, og kjem snart bort til ryggen som går langs Blådalselva opp til Blådalsvatnet på 850 moh. Etter kvart fin-fin utsikt over Kandalen.

Denne turdagen - og fleire til i haust - opna med grauttjukk tåke frå morgonen av - som etter kvart sprakk av ei varm sol attom, med påfølgjande blå himmel og storvêr. Så også i dag. Så den første halvanna timen på turen oppetter, såg eg lite og inkje. 


Framme ved naustet ved Blådalsvatnet, framleis tåke. Her går det ei bru over vatnet. Vidare er det ingen sti. Frå vatna tar ein opp rett nord. Eg gjekk opp slukta som går opp frå det minste vatnet - men ein kan også gå opp på høgre sida av slukta som går opp litt lenger inne, ved det store vatnet.



Frå det lisje vatnet i Blådalen (gøymt i flata bak haugen),
tar ein styggbratt opp renna i grassida av fjellet midt i biletet.
Herfrå er ein komen opp på ryggen,
som ein følgjer like opp til topplatået der varden ligg.
Bileta her er tatt på returen, etter at tåka var letta!
Uansett - HER ER DET STYGGBRATT!!! - men heile tida grasbakke å kravle i, men her er lause skredsteinar som ein ikkje må løyse ut om ein er fleire i følgje (eller som kan komme på deg bakfrå på returen...). Etter ei tid (ein liten time) frå vatna, er ein komen opp på ryggen på 1100-1200 moh, som ein følgjer vestover like til toppområdet. 

Sjølve toppen ligg på ei flate av steinmassar; det er utsikta frå alle sidene av denne flata som gjev utsyn nedover i botnane kring. Så gå gjerne turen på kantane for å få utsyn!

Renna eg gjekk opp frå Blåvatnet til ryggen til høgre.
Frå Ryggen (på kring 1100 moh)  vidare vestover (mot venstre i biletet) oppover mot topp-platået.
Heile tida følgde eg kanten du ser i himmelsjå, for å få best utsikt ned att i den ville Blådalen.

Frå ryggen like over Blådalen; tåka i ferd med å sprekke!!! 

Ryggen over Blådalen gjev storslått utsikt, og mange fine fotomotiv:
Eg er komen opp på ryggen frå Blådalen - kring 500 høgdemeter att å gå
Utsyn frå Ryggen mot Botnafjellet, sikt austover mot
Skjorta (bak t.v) - som er 100 meter lågare enn Botnafjellet (1572 moh)




Skjorta midt i mot t.h..
Eitt av mine andre turmål i Gloppen denne hausten er Daurmål (1445 moh),
 bak til høgre for bygda Årdal i Breim på andre sida av Breimsvatnet

Fjellet med bre på er Blåegga - som òg er det lokale namnet på Botnafjellet, og som går inn som
ein av toppane på rundturen Myklandsdalen-Botnafjellet-Blåegga-Eggane-Myklandsdalen



Oppe på Botnafjellet:
Botnafjellet (1572 moh) ligg inne på eit flatt platå
Utsyn frå varden på Botnafjellet i nordleg retning - mot Sandane

Varde som syner nedgangen til salen bort mot Blåegga, der du m.a. kan ta deg ned mot DNT-hytta Longevasshytta.

Ein mektig imponert turvandrar med Søsendalsvatna i bakgrunnen



Frå Botnafjellet er det fin-fin utsikt til Snønipa - høgaste fjellet i Gloppen/Jølster 

Retur attende til Kandalen:
Det er frå det små vatnet nede i Blådalen eg tok opp renna i fjellsida mot nord,
for å komme opp på ryggen eg følgde vidare
Utsikt nordover: Årdal i Breim og nok eit Blåfjell (t.v.)

Blådalen og Blådalsvatnet som eg kom opp til nokre timar tidlegare....

Nedstigninga frå Botnafjellet til Ryggen.
Utsikt nordvestover. Støylsfjellet fremst og spisse Ryssdalshornet (1201 moh)  ved Sandane, bak

Her miste ein gloppar ei klinkekule ned, ein gong....
Myklandsdalen nede i midten; Skjorta i venstre biletkant


Haust går mot vinter for bjørka med
så fint utsyn over Indre Kandal og  Breimsvatnet.


Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; 

1 kommentar:

  1. Wow...... virkelig flott! :-D Heilt fantastiske bilder! Kan berre tenke meg kva du følte innvendig der du gikk i den storslåtte naturen, en virkelig årets tur :-)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!