|
"Hytta på bandet" - Skogadalsbua
(alle bileta i innlegget er kopier frå www.charlottemayrintler.com) |
Dersom du byrjar å få panikk for at du ikkje er ferdig med julegåvehandelen, så har eg eit tips til deg:
Kalendaren Ubetjente landskaper 2015 - malt av Charlotte Rintler.
I denne kalendaren finn du bilete av 12 flotte DNT-hytter rundt om i landet. Vi i Indre Sunnfjord Turlag er så heldige at vi har fått med vår eiga Nipebu som kalendarbilete for april månad:
|
Nipebu - Indre Sunnfjord Turlag |
Eg var så heldig at eg fekk denne kalendaren som takkegåve etter å ha holdt foredrag om turane våre på årsmøtet til Indre Sunnfjord Turlag.
Hyttene som er med i kalendaren er:
Skålatårnet, Preikestolen, Haukeliseter, Fondsbu, Grimsdalshytta, Helgedammen, Skongsnes fyr, Trollfjordhytta, Råkeneset, Nipebu, Skagastølsbu og Kobberhaughytta.
Kalendaren kostar 250,- og kan mellom anna bestillast frå
Rintler si eiga heimeside.
Ho sel også postkort av dei ulike hyttemotiva til berre 10,- per stk eller takkekort for kr. 20.
Her lokalt finn du også kalendaren i ulike butikkar, både bokhandel og andre, og på turlagskontoret.
|
Skongsnes fyr i Vågsøy, Sogn og Fjordane
Her skal vi overnatte i 2015! |
(Dette er ikkje eit sponsa innlegg!)