torsdag 20. november 2014

Kriminelt vakkert landskap: Trodalen og Einehaugfjellet i Angedalen

Kriminelt vakkert ved Trodalsvatnet. Garden på Trodalsstrand ligg på høgre sida av vatnet, om lag midt på det 5 km lange vatnet.  

I 1819 vart det fødd ein gut som vart kalla Trodals-Mads.
Han budde på ein liten gard ved Trodalsvatnet i Angedalen. 
I 1839 skjedde dei ei uhyggjeleg hending i Trodalen: 
Aurlendingen Ole Olsen Otternæs var på veg gjennom dalen, 
som var ein mykje brukt ferdselsveg mellom Angedalen og Naustdal. 
Ole Otternæs var skreppehandlar og fehandlar. 
Den 20 år gamle Trodals-Mads rekna med at Ole hadde mykje pengar på seg,
så han drap fehandlaren og dumpa liket i Trodalsvatnet. 
Mads tilsto ugjerninga og fekk hard fengselsstraff. 

Historia om Trodalsmordet har gjeve inspirasjon til både krimfest, bok og film. 
Krimfest i Sunnfjord har vore arrangert fleire gonger, 
og forfattaren Gunnar Staalesen skreiv boka "Dødens drabantar" basert på denne hendinga. 
Denne boka blei seinare film, og deler av opptaka er gjort nettopp i Angedalen. 

I dag tok eg meg ein tur til dette kriminelt vakre landskapet! Eg har vore ved Trodalsvatnet fleire gonger tidlegare, men etter at ein god kollega tipsa meg om at det var merka sti opp til Einehaugfjellet, aust for Trodalsvatnet, så måtte jo sjølvsagt denne turen prøvast ut.





Turen opp til sjølve Trodalsvatnet og Trodalsstranda er godt merka frå hovudvegen innover mot Angedalen. Det er 2 km opp til vatnet. Like før du kjem fram dit, finn du eit skilt som viser veg til Einehaugfjellet - ytterlegare 2 km vidare. Eg var advart om at det ville vere ganske bratt oppover når ein tar av ved dette skiltet - og det stemte..... Men etter ei tung økt oppover, flata det ut, og det var fint å gå oppe på sjølve fjellplatået. Eg gjekk fram til høgste punktet på 890 moh, og snudde der fjellet byrja å gå nedover mot andre enden av Trodalsvatnet.



Total distanse: ca. 8 km t/r
Kartutsnitt frå ut.no: Turen startar ved Einehaugen/Bruket i Angedalen (stort skilt ved hovudvegen der det også er god plass til parkering), og går oppover til Trodalsvatnet (sjå stipla linje på kartet), og eventuelt vidare langs Stranda. Du tar av til høgre rett før vatnet dersom du skal opp på Einehaugfjellet. Det står skilt og er merka med raudt, så det er lett å finne fram. Når du kjem opp på platået, sluttar merkinga, men då er stien tydeleg og grei å følgje. Du finn også enkelte vardar undervegs. Eg gjekk til topp-punktet på 890 moh.


God raudmerking opp til sjølve fjellplatået

Oversiktsbilete over dagens turmål -  tatt då vi vandra Angedalen på langs. Trodalsvatnet til venstre. Einehaugfjellet er toppen nærast vatnet på høgre sida. Sandfjellet på 1249 er den høge toppen midt i biletet. 
Fin sti på veg oppover skogen mot Trodalsvatnet
Utsikt mot inste del av Angedalen. Skaret til høgre er der vi starta turen Angedalen på langs.
Tindefjellet i Jølster er den høgste fjelltoppen til høgre. 
Glimt frå ei svunna tid: denne hytta var nok i betre stand den gongen Ole Otternæs vandra her i 1839!

Sandstranda på sørsida av Trodalsvatnet. Her har også Angedalen IL fjelltrimbok. 

Biletet viser heile fjellrekka vi gjekk då vi gjekk "Angedalen på langs" for ei god veke sidan. Vi starta i skaret til venstre, gjekk over fjellrekkjene midt i biletet, og enda på Eikåsnipa som er toppen heilt til høgre i biletet. 


Vel oppe på fjellplatået - Sandfjellet på 1229 moh til høgre. 

Fantastiske kontrastar i vær og skyformasjonar i dag. Til høgre ser du sendaren på Hafstadfjellet.

Nordenden av Trodalsvatnet - og vi ser mot Reinene og Fimland i Naustdal

Og eg ser attende til sørsida av vatnet - på stranda eg gjekk ned til før oppstigninga til Einehaugfjellet.
Delar av Angedalen ligg bada i sol. 

Vakker solnedgang på returen ned mot Trodalsvatnet. 


Og medan sola er gått ned der eg vandrar på stien min, ligg framleis fjella inst i Angedalen bada i sol. 

Nokon som har mist noko på vegen?

4 kommentarer:

  1. Veldig fin tur du hadde, og veldig fine bilder :-) Dokke har mange fine turmål i området, det er sikkert!
    Ha ei super turhelg! :)))

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var ein fin tur, ja :) Mange fine turar her i Sunnfjord, men det slår nok dessverre ikkje alle dei flotte turane i ditt område, moroglillemann! Trur vi må ha oss ein tur oppover neste år!

      Slett
  2. Jeg blir med på tur via bilder og tekst nok en gang! Alltid kjekt å besøke bloggen din!
    Her har snøen kommet, og snart er det fram med skia, håper jeg.
    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Snøen kryp nedover fjella her også no, men framleis snøfritt i låglandet og eit godt stykke oppover i fjella endå! Ei fin veke til deg også!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!