lørdag 15. november 2014

To Førde-dalar: Erdalsdalen - Kvannfjellet (881 moh) - Ramstaddalen

Steffen Ben bloggar:

Ikkje farleg å slengje sekken på ryggen og ta seg ein fjelltur, no om dagen: Det er haust, men sommar! Temperaturane er som ein gjennomsnittleg regnversdag i juni, slik somrane plar vere. Men kva er vel som det plar vere, lenger? 

I dag vart det tur i Førde-fjella - 11 km for å vere nøyaktig.

I alle fall; eg parkerte "merra" i Erdalsdalen i formiddag, nord for Førde sentrum, og la i veg til fots i einsleg majestet. I første omgang på kjende fàr på traktorvegen opp til Erdalsstølane. Herfrå på sti vidare i same nordleg retning oppover dalen mot Vasslivatna. Vest for vatna, i same høgd som desse, tok eg kurs frå dalbotnen og vidare opp under Høgefjellet på 840  moh. Herfrå austover og over gamal morenerygg i slakk stigning opp på dagens turtopp - KVANNFJELLET (881 moh). På veg opp mot toppen stòkk eg ein hjort, som la i firsprang vekk frå meg, og vekk frå ivrige jegerar.

Einaste teikn til liv i dag, forresten! 

Utsikt frå nedstiginga av Kvannfjellet  mot Ramstaddalen i Angedalen.
4 fjell: Nærast Kvannfjellet - så Klumpen på Førdenipa - så Haldbrendsnipa - så Lisje- og Storehesten



Eg har vore på Kvannfjellet berre ein gong før, i 2013,  sjølv om eg nesten har vakse opp her (kanskje derfor!).  Men ein skal ikkje kimse av fjellet, som rett nok er litt unnseleg i seg sjølv med bere ein liten rosinvarde på toppen, for utsikta er finfin - særleg sørover mot Førdenipa og ikkje minst vestover i retning  Storehesten, Førdefjorden og Naustdalsfjella.

Då eg var her sist - kom eg opp frå eit anna dalføre, nemleg Ramstad-dalen i Angedalen, aust for Førde sentrum. Eg har blogga om det i eige innlegg tidlegare. Eg skreiv då at turen til Kvannfjellet frå Ramstadstølane er ein ypparleg "løneleg" forlengjar av den kjende turen frå Ryggjabrua og opp til Ramstad-stølane, om ein vil ha seg nokre kilometer ekstra.  Så i staden for retur attende i Erdalsdalen, heldt eg såleis fram frå Kvannfjellet i austleg retning og ned i Ramstaddalen, forbi Ramstadstølane og vidare traktorvegen ned til Ryggjabrua i Angedalen. 

Slik fekk eg meg ein fin "rundtur"! I sommarvêr! Åleine - med heile naturen som selskap!

Varden på Kvannfjellet (881 moh), med siktretnng vestover

Frå Ramstadstølen i Angedalen startar stien opp mot Kvannfjellet like bak det raude selet og opp- og innetter dalen langs elva. Bra sti til ein skal opp på sjølve Kvannfjellet, då må ein ta peiling  opp den graskledde lia mot sjølve toppen




Lenkje til blogginnlegget mitt til Kvannnfjellet frå Ramstadstølen i Angedalen i 2013, med kart og ruteskildring.

Dagens forlengja tur handteikna på kart:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!