mandag 10. november 2014

Sørbøheia (360 moh) - med panorama til Lihesten!

Nokre innlegg blir liggande ei stund før dei er klar - her er glimt frå ein tur i august: 

Panoramutsikt til Lihestenmassivet
Det er alltid kjekt med nye turmål, 
og vi jaktar stadig på nye turopplevingar. 
Derfor er bunken vår med kart (og bøker) rimeleg stor i heimen vår. 
Gjennom Kystarvprosjektet har mellom anna Fjaler og Hyllestad merkar mange ruter, 
og turkartet for desse kommunane er hyppig i bruk når vi er på hytta i Dalsfjorden. 

Etter at andre planar måtte endrast og vi enda opp med hyttehelg i Dalsfjorden i staden,
drog vi fram kartet for å sjå om vi kunne finne nokon nye turmål i nærleiken.
Gjerne ein utsiktstur, litt topptur, men også eigna for våre to små. 
Då peika Sørbøheia (360 moh) i Hyllestad seg ut som ein aktuell tur: 
Her såg det ut til at vi ville få god utsikt over Åfjorden og Hyllestadfjorden,
og ikkje minst Lihestenmassivet rett sør for heia. 

Tilfeldigvis sjekka eg om det kunne liggje nokre geocachar i området, 
og det viste seg at det var lagt ut to stk nettopp på denne turen: 
Sørbøheia 1 som ligg om lag halvvegs, 
og Sørbøheia 2 som ligg ved varden på toppen. 

Så då var planen klar: 
Sørbøheia i Hyllestad vart neste dags turmål! 


Karutsnitt frå ut.no

Stien er skilta frå fv. 65 mellom Sørbøvåg og Eide (ved den blå mannen på kartet over), og dette er truleg den mest vanlege ruta opp. Men som kartet viser, så er det mange vegar til topps - desse kan du lese om her

Turen gjekk lett og fint oppover - geocach'ane var nok stor motivasjon for våre to små på vegen. Fin, fin tur med små barn og utsikta vart som forventa - "lite" fjell, men stor utsikt!

Tydeleg skilt langs vegen, og greitt å få parkert. 

På leiting etter geocachen "Sørbøheia 1"..... vi fann, vi fann, men seier ikkje nøyaktig kor!

Skogbotnen var dekt av fantastiske kløverenger - utruleg flott! 

Boksignering på toppen er obligatorisk! Lihesten i bakgrunnen med Gygrekjeften lengst til venstre. 

Ein siste kikk over Åfjorden før vi set kursen ned att. Ein flott tur for små og store!


2 kommentarer:

  1. Alltid kjekt å lese om og se bilder fra familieturer! Spreke unger dere har! Regner med de har fått et inn med morsmelka.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Så koselig med familietur, herlige bilder :D

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!