mandag 3. november 2014

Kveldståke - og soloppgang ved Kvannebakkbu (1520 moh)


Steffen Ben bloggar:

"Breen lever!
Han rører seg og pustar
Han frys, og frysing frigjer varme.
Krystallar veks, vert omforma
og sklir på glassblankt underlag.


Han er i rørsle..."                                                          Breen, Signe Seim.


1. verset i diktet over summerer i grunn opp det eg og Liv Janne opplevde, då det for litt sidan ordna seg slik at vi fekk oss eitt heilt døgn i fjella i indre Jølster. Nærare bestemt med start frå Befringsdalen, ein hengjedal til Stardalen i Jølster.

For her i Stardalen - "bygda under breen" - sluktar Jostedalsbreen seg kring fjella, med bretunger ned både her og der. Fjellområdet i denne delen av kommunen er dessutan lite utforska av oss frå før av.


Og her oppe, berre nokre få meter frå brekanten ved fjellet Kvannebakknova i Befringsdalen, ligg det ei naudbu - Kvannebakkbu - som fungerer som vern for fjellfolk på veg til/frå breen. Naudbua står open for alle, også for overnatting mot eit lite vederlag. Det er beint fram eit lite under at naturkreftene ikkje har gjort dette krypinnet til pinneved for lengst - for Gudane skal vite at her har naturen  ein uforstyrra arena for å spele seg og syne krefter. Forklaringa på at bygget står: God byggjekunst, rett og slett. 

24 timar til rådvelde gav oss høve til to separate turar: 
  • Første ettermiddagen var målet vårt å  reise opp  i Befringsdalen, ta oss opp til fjelltoppen Kvannebakknova,  og overnatta i  Kvannebakkbu (1520 MOH). Tanken var å få nyte lyset som kan vere over Jostedalsbreen og den veritable utsikta mot Jølsrafjell, Nordfjords- og Sunnmørsfjell. 
  • Dagen etter -  var vi meint å returnere ned att i Befringsdalen, for i same slengen å få oss ein kjempefin tur til vestsida av Befringsdalen og fjellet som berre eg i turfølgjet hadde vore på frå før - Bjørga (1551 moh). Denne turen vert omtala i eige innlegg.

Men forventningane våre til å få ein vellukka tur vart stadig mindre etter kvart som vi gjekk i terrenget, men håpet tilsvarande stort: Den kritiske faktoren for oss, som for så mange andre turgårarar som skulle over breen - var tjukk, tjukk TÅKE. Ville den lette til i morgon tidleg? 


KVAR VI ER - OG RUTA: 
Biletet nedanfor syner eit grovt bilete av Stardalen i Jølster (nærast),  nede i dalbotnen. Herfrå kan ein køyre med bil opp i Befringsdalen. Så til fots til Kvannebakkbu  som ligg aust for Befringsdalen, medan Bjørga ligg vest for dalen. 

Frå Befring i Stardalen køyrde vi altså på god bilveg (bomveg) nesten heilt opp til Befringstølen - ei idyllisk stølsgrend på 650 moh. Frå Befringstølen vidare på merka sti i søraustleg retning, opp i Skardet. Herifrå bratt opp i ur til Strupen 1217 moh., som er det tronge skardet mellom Kvannebakknova i sør og Grøskardfjellet i nord. Fra Strupen svingar du så mot sør bratt opp ryggen til Snoadvarden på Kvannebakknovi. Kvannebakkbu ligg på denne flata, like ved breen.





Nedanfor: Det er ettermiddag, vi er nyss i gang med turen og er komne fram til Befringstølen. Vi skal  frå Befringstølen inn dalen og opp på Kvannebakknova (fjellet i midten), frå venstre side (nordsida)  av dette.
Befringstølen med fjellet  Kvannebakknova (1520 moh) midt i biletet.
 Kvannebakkbu ligg oppe på dette platået, berre meter frå Jostedalsbreen.






Frå Befringstølen såg vi at tåka kom stadig lenger ned i fjella; og då vi var komen opp i Skardet mot Strupen var sikta  10 meter! Her var det berre å finne fram navigasjonsremediar. Det gjekk greit, men for Liv Janne som ikkje hadde vore her før, skorta det sjølvsagt på den heilt store opplevinga av naturformasjonane. 

Men fram til Kvannebakkbu kom vi oss greitt - hytta var tom - og det var berre å installere seg og nyte kvelden i den vesle, trivelege naudbua.

Vel framme ved Kvannebakkbu; Liv Janne ut for nòva!




Morgonen etter - kl 06.50 - dei to overnattande i Kvannebakkbu tørnar ut. Kva vêr er det?  Jippi: Sola kjem, stråle for stråle, inn over breen og når om litt varden like ved naudbua. Og det beste av alt: Heilt, heilt blå himmel!... 

For ein frukost som ventar oss i det fri! - og for ein turdag det skal bli til fjellet Bjørga på andre sida av Befringsdalen om litt!!! Viktigast: For ei utsikt vi fekk oss i dette ville, naturskjøne fjellområdet i nabokommunen vår! 

To sjeler som har overnatta i Kvannebakkbu på 1520 moh vaknar til soloppgang  i aust over Jostedalsbreen.
Varden ved Kvannebakkbu;  Klokka er 07.00. All tåke er gløymd!


Utsyn vestover frå Kvannebakkbu  - sola når dei høgaste fjelltoppane. Fint akkompagnert av ein trillande rund måne!




Det er frukosttid - med rykande varm kaffi. Tid for stillheit og ettertanke. Tid for å la blikket gli over ein horisont med nesten 360 graders utsikt. Tid for å nyte ein storslagen natur som berre Noreg har å by på. PRIVILIGERTE!!!!

Tenk, for berre nokre få timar sidan var her berre 10 meter sikt. No ser vi milevis!











Ut døra på Kvannebakkbu møter du elementa; himmel, bre og stein - og utsikt


Snoadvarden er oppkalla etter engelskmannen John Snoad som  i si tid gjekk feil under nedstigning og måtte returnere til Fjærland. Han kom seinare tilbake og bygde varden for at andre ikkje skulle lide same skjebne. Kjem ein frå breen, siktar ein mot toppen av Kvannebakknovi. Vardar viser retningen ned mot Strupen. Overgang til m.a. Flatbrehytta, Tungestølen, Fjærland og Lunde.










Utsyn sør-austover frå Kvannebakkbu

Nybygd inngangsparti. Fint arbeid - takk for jobben!




Utsyn i soloppgang frå Kvannebakkbu og vestover mot dagens dagsturmål t.v. Bjørga (1551 moh) Storaksla og Tortnegrøegga.

Hytteboka skal skrivast i...i det fri...


Utsyn nordover:Varden ved Kvannebakkbu i framgrunnen - og høgste fjellet i Jølster/Gloppen i bakgrunnen
- Snønipa (1827 moh)


Gloppenfjell - Daurmål og Blåfjellet



Stardalen:







Kvannebakkbu klamrar seg til underlaget, for her har du føling med elementa. 
Berre ikkje i dag, for då var det vindstilt, og, om nokre timar, i bar overkropp opp mot Bjørga. 
Våtedalen i lengderetningen, midt i biletet. Snønipa til høgre


Formiddag, vi er klar til retur frå Kvannebakkbu mot Strupen, Befringsdalen og opp til Bjørga


Siste attendeblikk opp til Snoavarden og Kvannebakkbu. Vi er på veg ned til Befringsdalen


Nedstigning til Strupen. Strupevatnet bak Liv Janne


Breen....

"Han sprekk på tvers og langs,
og brefontar får opne glenner, sprikande
som fingrar på ei hand.

Fare! Fare!

Jøtulkrefter er i gang i djupet,
sprengjer tusenårig is,
og mel han.
Bregliper og smelteklufter opnast,
isportal vert reist
og det spring kjelder, jøkulbekker.

Breen lever - sitt liv.
Han smeltar, frys, opnar seg og stengjest."
                                               Breen, Signe Seim.

Ned frå Kvannebakkbu mot Befringdalen - og dagens neste turmål står midt imot oss - Bjørga (t.v.)






Vèl nede i dalbotnen i Befringsdalen. Sola er koma høgt på himmelen, og varmar opp Kvannebakknova (i bakgrunnen) og to vandrarar... på veg mot Bjørga.  Toppers i tiandepotens!






Kvannebakkbu kvannebakkbu kvannebakkbu kvannebakkbu kvannebakkbu kvannebakkbu kvannebakkbu kvannebakkbu kvannebakkbu kvannebakkbu kvannebvakkbu
kvannebakknova kvannebakknova kvannebakknova kvannebakknova kvannebakknova kvannebakknova kvannebakknova kvannebakknova
Bjørga Bjørga Bjørga Bjørga Bjørga Bjørga bjørga bjørga bjørga bjørga bjørga


4 kommentarer:

  1. Jeg setter slik pris på å se bilder og lese om turene deres! Takk for at dere viser meg og andre vakker natur og turglede! Topp kvalitet på alle bilder! Her er det bare å nyte.

    Ønsker dere en fin onsdagskveld! Jeg skal straks avgårde på spinnekurs. Det er også gøy.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Ingunn! Kjekt at du kosar deg med bileta, og du gledar oss alltid med dine gode kommentarar! Spinnekurs er nok kjekt, ja - og fin aktivitet på denne årstida. Ei framleis fin veke til deg!

      Slett
  2. Nydelige bilder, det så utrolig herlig ut, kjente jeg nesten ble litt dårlig av misunnelse her jeg sitter hehe :)

    SvarSlett
  3. Du er rene oppslagsverket for andre turentusiaster, og eg setter stor pris på dei detaljerte beskrivelsane av ruter og opplevelser underveis. Er veldig fint å kunne fantasere seg gjennom turen ved å lese bloggane dine før ein går dit sjøl:) Takk.Espen

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!