Nokre dagar er ein berre veldig, veldig heldig!
Etter lengre tid med svært skiftande vær,
og til dels mykje nedbør,
kom denne dagen med sol frå skyfri himmel.
Og nettopp denne dagen hadde vi peika ut som mogeleg fridag dersom været vart bra :)
Turmålet var bestemt fleire dagar på førehand,
ein tur som har stått på lista i eitt par år:
Angedalen på langs:
- start frå inst i Angedalen - og vestover langs fjellrekkja på sørsida av dalen - og ned til Flugedalen.
Mykje opp og ned - men heile tida med fantastisk utsikt over ANGEDALEN, VASSENDEN og vestover mot
FØRDE og STOREHESTEN.
Og mot sola!!!
Og mot sola!!!
For å vere meir konkret, så vart ruta slik:
Angedalen bru - Skaret (340 moh) - Ørnefjellet (653 moh) - Kariknausen (ca. 700 moh) - Skogstadfjellet (727 moh) - Nova - Tynningen (ca. 450 moh) - Stølsfjellet (724 moh) - Høgeheia (766 moh) - Eikåsnipa (826 moh) - Flugedalen - Ryggjabrua.
Turen er merka frå Angedalen bru og opp til Ørnefjellet, og frå Eikåsnipa og ned i Flugedalen. Mellom Ørnefjellet og Eikåsnipa - dvs størstedelen av turen - er umerka, men du finn delvis stiar her og der, og det er relativt greitt å sjå kor du kan gå i terrenget.
Turen er godt i gang; her på veg opp til Skaret. |
På Skaret har angedølingane lagt ut bok. Herifrå kan du gå vidare på den gamle ferdselsvegen over til Fuglestøylen i Jølster. Vi gjekk i staden vidare i retning Ørnefjellet. |
Siluett på Ørnefjellet (653 moh) |
Ferdig med Ørnefjellet og på veg vidare langs fjellrekka på sørsida av Angedalen - først ut er Kariknausen og så Skogstadfjellet, og så.... |
Menneskeskapte bogestelle; dvs plassar der ein styrte hjort/rein eller andre dyr i ein viss retning, for lettare å kunne jakte på dei |
Utsyn ned på sørsida av fjellrekkja vi gjekk - Hjellbrekkestølen ligg bada i haustsola oppe i lia |
Utsyn nordover og over på andre sida av Angedalen: To markante toppar og eitt vatn: T.v Blåfjellet (1067 moh ) og Krunene (1066 moh). Trodalsvatnet, der Trodalsmads vart drepen av ein skreppehandlar |
Utsyn nordover og over på andre sida av Angedalen: Trodalsvatnet til venstre og Sandfjellet (1249 t.h) |
Vi er framme på Skogstadfjellet. Her vanka termos med god kaffi... |
Utsyn austover frå Skogstadfjellet: Botnavatnet ligg i framkant av det glattskurte fjellet til venstre. Tindefjellet på Vassenden til høgre |
Bak 7 fjellrekkjer... Havstadfjellet til høgre |
Vi hadde fugleperspektiv ned i Angedalen langs heile ruta. Her frå Nòva og mot gardane på Kvål i Angedalen |
Kaldt og unnasolt nede i botnen av Angedalen... men sol her oppe på toppane |
To stølsgrender på Vassenden-sida av fjellrekkja: Hjellbrekkestølen i lia nærast fotografen. Flugestølen i dalbotnen midt i biletet. Tindefjellet til høgre. |
Sola har ikkje heilt nådd Vassenden på Jølster. |
Snøfritt, men tjørna ved Eikåsnipa var frosen |
På veg ned frå dagens høgaste fjell - Eikåsnipa (826 moh) - mot Flugedalen. Turen er snart over. |
Siste ettermiddagssola er på veg ned bak Havstadfjellet, og snart ligg Kvamsbakkstølen attende i skuggeland. Det er seinhaust - det er korte dagar - det er sola som gjev liv! |
Denna turen ser kjempefin ut. Og som vanleg spennande og igjennomtenkte bilete. Likte best råsa opp skogen. Nydeleg!
SvarSlettTakk for det, Steinar! Det er berre å ta turen ;)
SlettEn slik tur seinhøstes er gull verdt. Flotte bilder som vanlig. Takk for at dere deler turopplevelsen!
SvarSlettKlem fra Ingunn
Takk igjen, Ingunn! Vi deler gjerne - særleg når vi får slike gode kommentarar!
SlettSer at du bør lese deg opp på historiske fakta...Trodalsmads vart ikkje drepen av ein skreppehandlar. Trodalsmads vart skulda for å ha drepe ein skreppehandlar. Trodalsmads vart sett i fengsel på Akershus og sat der i 42 år...kom heim til Angedalen som ein gamal mann på 62 år. Skreppehandlaren var det ingen som såg...ingen veit om han verkeleg var død...eller kven som ev drap han. Eit justismord vart gjort den gongen!
SvarSlett