søndag 23. november 2014

Nordsjøløypa Stroka - Korssund

Frå Nordsjøløypa mellom Stroka og Korrsund, ser du fint mot Lammetunfjellet (120 moh) på Lammetun

Vi har testa nye turmål - igjen:
Målet var ein tur som ikkje var for ambisøs, 
ikkje altfor lang og lett å gå for dei aller minste.
Og gjerne med ei lita "gulrot" når ein kom fram...

Ein 2,5 km lang tur ytterst i Dalsfjorden,
i lyng, myr og bergterreng.

Med sol og skyfri himmel, 
gledde vi oss over å få sola i fjeset når vi skulle gå, 
men like snart oppdaga vi at den kunne vere litt irriterande også....
det vart vanskeleg å sjå langt fram i stien med sola rett i auga! 
Men pytt sann, ei god dose D-vitamin er viktig på denne tida av året!

Slik det ofte er ved kysten, så var det litt myrete og vått i stien.
Heldigvis hadde vi fottøy som takla det! 
Ein del einer og kratt var vanskeleg å forsere for korte bein, 
men for øvrig så er dette ein fin tur med born.

Nordsjøløypene er merka med blå N'ar

Tid til leik og kos undervegs er viktig! Tynn, tynn is på vatnet denne novemberformiddagen. 


Sjølv om turen ikkje er så lang, er matpausen undervegs viktig!

Ved ankomst Korssund, vart vi helsa av nokre sauer som kosa seg med maten sin! Var det nokon som sa vinter???
 Og kva "gulrota" ved endemålet var????
Jo, det var å handle i butikken på Korssundet :)

Kartutsnitt frå turen henta frå ut.no



torsdag 20. november 2014

Kriminelt vakkert landskap: Trodalen og Einehaugfjellet i Angedalen

Kriminelt vakkert ved Trodalsvatnet. Garden på Trodalsstrand ligg på høgre sida av vatnet, om lag midt på det 5 km lange vatnet.  

I 1819 vart det fødd ein gut som vart kalla Trodals-Mads.
Han budde på ein liten gard ved Trodalsvatnet i Angedalen. 
I 1839 skjedde dei ei uhyggjeleg hending i Trodalen: 
Aurlendingen Ole Olsen Otternæs var på veg gjennom dalen, 
som var ein mykje brukt ferdselsveg mellom Angedalen og Naustdal. 
Ole Otternæs var skreppehandlar og fehandlar. 
Den 20 år gamle Trodals-Mads rekna med at Ole hadde mykje pengar på seg,
så han drap fehandlaren og dumpa liket i Trodalsvatnet. 
Mads tilsto ugjerninga og fekk hard fengselsstraff. 

Historia om Trodalsmordet har gjeve inspirasjon til både krimfest, bok og film. 
Krimfest i Sunnfjord har vore arrangert fleire gonger, 
og forfattaren Gunnar Staalesen skreiv boka "Dødens drabantar" basert på denne hendinga. 
Denne boka blei seinare film, og deler av opptaka er gjort nettopp i Angedalen. 

I dag tok eg meg ein tur til dette kriminelt vakre landskapet! Eg har vore ved Trodalsvatnet fleire gonger tidlegare, men etter at ein god kollega tipsa meg om at det var merka sti opp til Einehaugfjellet, aust for Trodalsvatnet, så måtte jo sjølvsagt denne turen prøvast ut.





Turen opp til sjølve Trodalsvatnet og Trodalsstranda er godt merka frå hovudvegen innover mot Angedalen. Det er 2 km opp til vatnet. Like før du kjem fram dit, finn du eit skilt som viser veg til Einehaugfjellet - ytterlegare 2 km vidare. Eg var advart om at det ville vere ganske bratt oppover når ein tar av ved dette skiltet - og det stemte..... Men etter ei tung økt oppover, flata det ut, og det var fint å gå oppe på sjølve fjellplatået. Eg gjekk fram til høgste punktet på 890 moh, og snudde der fjellet byrja å gå nedover mot andre enden av Trodalsvatnet.



Total distanse: ca. 8 km t/r
Kartutsnitt frå ut.no: Turen startar ved Einehaugen/Bruket i Angedalen (stort skilt ved hovudvegen der det også er god plass til parkering), og går oppover til Trodalsvatnet (sjå stipla linje på kartet), og eventuelt vidare langs Stranda. Du tar av til høgre rett før vatnet dersom du skal opp på Einehaugfjellet. Det står skilt og er merka med raudt, så det er lett å finne fram. Når du kjem opp på platået, sluttar merkinga, men då er stien tydeleg og grei å følgje. Du finn også enkelte vardar undervegs. Eg gjekk til topp-punktet på 890 moh.


God raudmerking opp til sjølve fjellplatået

Oversiktsbilete over dagens turmål -  tatt då vi vandra Angedalen på langs. Trodalsvatnet til venstre. Einehaugfjellet er toppen nærast vatnet på høgre sida. Sandfjellet på 1249 er den høge toppen midt i biletet. 
Fin sti på veg oppover skogen mot Trodalsvatnet
Utsikt mot inste del av Angedalen. Skaret til høgre er der vi starta turen Angedalen på langs.
Tindefjellet i Jølster er den høgste fjelltoppen til høgre. 
Glimt frå ei svunna tid: denne hytta var nok i betre stand den gongen Ole Otternæs vandra her i 1839!

Sandstranda på sørsida av Trodalsvatnet. Her har også Angedalen IL fjelltrimbok. 

Biletet viser heile fjellrekka vi gjekk då vi gjekk "Angedalen på langs" for ei god veke sidan. Vi starta i skaret til venstre, gjekk over fjellrekkjene midt i biletet, og enda på Eikåsnipa som er toppen heilt til høgre i biletet. 


Vel oppe på fjellplatået - Sandfjellet på 1229 moh til høgre. 

Fantastiske kontrastar i vær og skyformasjonar i dag. Til høgre ser du sendaren på Hafstadfjellet.

Nordenden av Trodalsvatnet - og vi ser mot Reinene og Fimland i Naustdal

Og eg ser attende til sørsida av vatnet - på stranda eg gjekk ned til før oppstigninga til Einehaugfjellet.
Delar av Angedalen ligg bada i sol. 

Vakker solnedgang på returen ned mot Trodalsvatnet. 


Og medan sola er gått ned der eg vandrar på stien min, ligg framleis fjella inst i Angedalen bada i sol. 

Nokon som har mist noko på vegen?

mandag 17. november 2014

Ein november-måndag på Førdsnipa

Også ein heilt ordinær måndag ettermiddag
midt i november - 
kan opne for sterke naturopplevingar - 
slik som denne ettermiddagen. 
Først på Flatastølen - sidan ved varden på Førdsnipa, 
nett tidsnok til å rekke solarglad over Hestane ute i Vest.

Kanskje er denne tur-måndagen vår beste dag!




 
VÅR BESTE DAG 
Kom og lytt til lyset når det gryr av dag!
Solen løfter sin trompet mot munnen.
Lytt til hvite sommerfuglers vingeslag:
Denne dag kan bli vår beste dag.
Stien som vi gikk i går, er like ny,
hemmelig som ved vårt første morgengry.
Mangt skal vi møte 
og mangt skal vi mestre!
Dagen i dag - den kan bli vår beste dag.

Kjære, lytt til mørket når vår dag er gått.
Natten nynner over fjerne åser.
Mangt har dagen skjenket oss av stort og smått,
mer, kan hende, enn vi har forstått.
Månen over tun og tak er like ny,
men tier stille om vårt neste morgengry.
Mangt skal vi møte og mangt skal vi mestre!
Dagen i morgen skal bli vår beste dag! 

Erik Bye

søndag 16. november 2014

To nye niper: Høgenipa (574 moh) og Endestadnipa (763 moh) i Eikefjorden


Frå toppen av Endestadnipa får ein flott utsikt mot dei tre fjella eg aldri blir lei av så sjå: Keipen, Plogen og Saga i Ålfoten.
Midtbønipa i Nordalsfjorden er toppen nærast til høgre i biletet. 

Fjella i området rundt Eikefjorden og Nordalsfjorden i Flora er ofte kalla for "niper". 
Eg kan nemne nokre: 

Etterkvart har eg vore på mange av desse, 
og i dag fekk eg med meg 2 nye: 
Høgenipa (574 moh) og Endestadnipa (763 moh)

Turen er skilta frå bilvegen, og er særs godt merka
med pålar og steinar med oransje maling.

Turen har stått på lista ei stund, men den rette augneblinken har ikkje vore til stades - før i dag! Eg var eigentleg litt usikker på kor "bra" denne turen ville bli når eg trass alt har vore på mange av dei andre nipene i dette området - men etter å ha sett nokre instagrambilete frå toppen, fann eg ut at denne måtte prøvast. 

Konklusjon: dette er ein tur som absolutt kan anbefalast! Sjølv om det er mange kjente turmål i kring, er det alltid noko nytt å sjå, og det er alltid kjekt å sjå dei ulike fjella frå nye vinklar. Eitt ekstra pluss for meg, var at eg kunne skimte Jonstadvatnet ved Jonstadstølen. Det er faktisk ikkje så veldig ofte vi ser det når vi er på tur.

Turomtale finn du både på Eikefjord.net sine sider, og på ut.no, men dei korte turfakta er som følgjer: 

Start: Fossheim - Storebu (startpunkt rett etter Eikefjord camping)
Tid: 3 t opp / 2 t ned (turvande klarar turen greitt på inntil 2 timar)
Høgd: 165 - 574 - 763 m.
Lengd: 2 km til Høgenipa - 5 km til Endestanipa (ein veg)
Kartblad: Eikefjord 1118 II


Kart Endestadnipa-600
Kartutsnitt frå turen - henta frå www.eikefjord.net sine sider
Turen er litt bratt i starten, og dei første 1,5 km går du inne i skogen. Etter dette har du derimot flotte utsiktspunkt heile vegen. Som sagt, her er det svært godt merka, så lett å finne fram!

På veg opp gjennom skogen får du nokre få glimt av utsikta som ventar deg. 

Og vel gjennom skogsfeltet, er det denne utsikta du får sjå! Øyane vest av Flora. 
 Høgenipa: 
Postkasse med bok på Høgenipa (574 moh) og skilt som viser vegen vidare.
Vatnet du skimtar langt bak til venstre i biletet, er deler av Jonstadvatnet. 

Vegen vidare mot Endestanipa.

Varden på Høgenipa - siktretning vestover mot Flora

På veg frå Høgenipa mot Endestadnipa, må du først gå ned att til Torsvatnet.
I enden av dette vatnet ligg ein demning. Her kjem det også opp ein sti frå Langedalen. 
 Endestadnipa:
Flott og majestetisk varde på Endestadnipa


Det lønar seg å ta turen forbi varden og heilt ut på kanten. Her ser eg attende til varden, og fjella Alnakken (885 moh) og Blånipa (1121 moh) ved Ramstadheia i aust. Vatnet nede til venstre er Eimhjellevatnet/Storfjorden i Hyen.
Blånipa og Alnakken i sikte i austleg retning. 

Flotte fjell på rekkje og rad også nordover: Blånipa i Eikefjorden til venstre, lengst bak: Keipen, Plogen og Saga, og Midtbønipa nærast, midt i biletet. Fjella vidare til høgre, er delar av Ålfotenmassivet. 


Sola titta fram på veg ned att frå Endestanipa

På veg ned att frå Endestanipa og ned mot Torsvatnet. Høgenipa midt i mot. 

Takk for nok ein fin tur i Eikefjorden - og ikkje minst: takk for god merking!

Turen til Endestadnipa er også fin som skitur på vinteren med start frå Humlestøl på Ramstadheia, så her har du gode høve for ein fin tur - året rundt!

lørdag 15. november 2014

To Førde-dalar: Erdalsdalen - Kvannfjellet (881 moh) - Ramstaddalen

Steffen Ben bloggar:

Ikkje farleg å slengje sekken på ryggen og ta seg ein fjelltur, no om dagen: Det er haust, men sommar! Temperaturane er som ein gjennomsnittleg regnversdag i juni, slik somrane plar vere. Men kva er vel som det plar vere, lenger? 

I dag vart det tur i Førde-fjella - 11 km for å vere nøyaktig.

I alle fall; eg parkerte "merra" i Erdalsdalen i formiddag, nord for Førde sentrum, og la i veg til fots i einsleg majestet. I første omgang på kjende fàr på traktorvegen opp til Erdalsstølane. Herfrå på sti vidare i same nordleg retning oppover dalen mot Vasslivatna. Vest for vatna, i same høgd som desse, tok eg kurs frå dalbotnen og vidare opp under Høgefjellet på 840  moh. Herfrå austover og over gamal morenerygg i slakk stigning opp på dagens turtopp - KVANNFJELLET (881 moh). På veg opp mot toppen stòkk eg ein hjort, som la i firsprang vekk frå meg, og vekk frå ivrige jegerar.

Einaste teikn til liv i dag, forresten! 

Utsikt frå nedstiginga av Kvannfjellet  mot Ramstaddalen i Angedalen.
4 fjell: Nærast Kvannfjellet - så Klumpen på Førdenipa - så Haldbrendsnipa - så Lisje- og Storehesten



Eg har vore på Kvannfjellet berre ein gong før, i 2013,  sjølv om eg nesten har vakse opp her (kanskje derfor!).  Men ein skal ikkje kimse av fjellet, som rett nok er litt unnseleg i seg sjølv med bere ein liten rosinvarde på toppen, for utsikta er finfin - særleg sørover mot Førdenipa og ikkje minst vestover i retning  Storehesten, Førdefjorden og Naustdalsfjella.

Då eg var her sist - kom eg opp frå eit anna dalføre, nemleg Ramstad-dalen i Angedalen, aust for Førde sentrum. Eg har blogga om det i eige innlegg tidlegare. Eg skreiv då at turen til Kvannfjellet frå Ramstadstølane er ein ypparleg "løneleg" forlengjar av den kjende turen frå Ryggjabrua og opp til Ramstad-stølane, om ein vil ha seg nokre kilometer ekstra.  Så i staden for retur attende i Erdalsdalen, heldt eg såleis fram frå Kvannfjellet i austleg retning og ned i Ramstaddalen, forbi Ramstadstølane og vidare traktorvegen ned til Ryggjabrua i Angedalen. 

Slik fekk eg meg ein fin "rundtur"! I sommarvêr! Åleine - med heile naturen som selskap!

Varden på Kvannfjellet (881 moh), med siktretnng vestover

Frå Ramstadstølen i Angedalen startar stien opp mot Kvannfjellet like bak det raude selet og opp- og innetter dalen langs elva. Bra sti til ein skal opp på sjølve Kvannfjellet, då må ein ta peiling  opp den graskledde lia mot sjølve toppen




Lenkje til blogginnlegget mitt til Kvannnfjellet frå Ramstadstølen i Angedalen i 2013, med kart og ruteskildring.

Dagens forlengja tur handteikna på kart: