torsdag 2. oktober 2014

På tur med borna i haustferien? Her er 10 kortreiste turar i Sunnfjord!



Haustferien nærmar seg, 
og på nettet kryr det av gode råd til kva du kan finne på med borna. 
På Klikk.no finn du tips til 5 barnevenlege toppturar,
men kven av oss har høve til å reise til Dalsnuten i Sandnes,
Keisarvarden i Bodø eller Gaustatoppen i Telemark? 

Dei aller fleste held seg faktisk heime i haustferien, 
og då treng ein gjerne nokre tips til turar/utflukter i nærområdet. 
For dei av dykk som bur i Sunnfjord,
(og det gjer nok mange av våre lesarar)
så kjem vi her med nokre tips til barnevenlege turar i haustferien!

I haustferien er ein ikkje nett garantert sol og varme, 
og det kan jamvel vere snø på fjelltoppane. 
Vi har derfor fokusert på korte, enkle turar, 
slik at dei passar for dei minste,
og dei kan takast også sjølv om vêret ikkje er tipp topp!

Klikk på linkane for meir informasjon om turmåla!



Massbu i Gaular kommuner er eit kort og fint dagsturmål, og dei fleste ungar likar å gå til ei hytte. Det er alltid spanande å kome inn i hytta og sjå korleis det ser ut der. Er det regn og/eller sur vind ute, er hytta ein fin plass å ete nista si. Om du ynskjer ein overnattingstur, men ikkje kan bere tung oppakning over lange distansar, så er dette eit godt mål. Alternative DNT-hytter er Grytadalsbu til Flora turlag, eller Nipebu i Askvoll kommune om du ynskjer ein litt lenger tur. 

Mostien ved Førde er eit turalternativ som passar fint for både små og store, og der du har høve til å velje om du vil gå langt eller kort. Du kan gå ei kort løype rett til Museumsstølen, du kan gå ei litt lenger runde før du kjem attende til stølen og du kan gå heilt til Huldefossen og attende til museumet. Turkart finn du her
Etter turen (eller før...) kan du ta ein kikk innom Sunnfjord museum som også arrangerer Kortreist haustferie tysdag og torsdag i haustferieveka. 

3) Besøke helleristingane i Ausevika (Flora)
Vitjar du helleristingane i Ausevika får du eit møte med både natur og kultur. Fin natur å vandre i, og artig å prøve og finne ut kva helleristingane skal førestelle. 


Om ein ikkje alltid kjem seg OPP på dei store toppane, så kan det vere like spanande å vandre LANGS dalbotnen og kikke på desse ville fjella. Det kan du gjere om du tar turen til Langedalen i Stardalen, Jølster!






Atløy er ei flott øy som er vel verdt eit besøk. Trass i at det er ei øy, kan Atløy by på mange flotte turopplevingar. Ein topptur for barn, er turen på Hovden (367 moh) - her får du kanskje den beste utsikta på heile øya! Ynskjer du ein endå lettare tur, er Brurastakken (170 moh) eit eigna turmål. 

Førde har etterkvart fått mange fine stiar langs elva, og ungar likar alltid å gå elvelangs. Kaste stein og pinnar i vatnet, og kanskje finn ein eitt eller anna spanande langs elvekanten også? 

Langs Dalsfjorden er det eit rikt hytteliv, og eg vil tru at mange har haustferien sin der. Turen på Einingsfjellet ved Grytøyra/Korssund er alltid ei flott oppleving - storslått utsikt frå ein liten topp! Ynskjer du derimot å gå i flatare terreng, så er Folkestien på Eina i same området, eit godt alternativ. 


Botnavatnet i Angedalen  (biletet over) er berre ein fantastisk nydeleg plass på hausten. Få plassar kjem haustfargane så godt til sin rett som der! Turen kan gjerast til fots, med barnevogn eller på sykkel, så her er mange mogelegheiter. 


Om du ikkje har rota deg bort før, så skal du kanskje gjere det no....! Har du ikkje gått turen i Nynorskens skog, så bør du gjere det. Her er det mykje spanande å oppdage og utforske for små føter. 

Postane på naturstien er spanande å leite etter: "Kven blir først til å finne den neste posten?". Og er nokon lange nok i armane til å rekke rundt Storefurua? Og kven har ikkje lyst til å prøve stolen til kongen i skogen? Kjelstad skog- og natursti har mykje spanande å by på, og midtvegs kan du ete nista i ein stor og tilrettelagt gapahuk, så her er det ikkje farleg om det regnar litt. 


Dette var 10 tips frå meg - eg kunne gitt dykk endå fleire, men det er berre å ta seg ei runde på bloggen og leite :). Bruk "Etikettane" som du finn på menyen på venstre side. Der kan du klikke deg inn på den kommunen du ynskjer å gå tur i, og finne alle innlegga som gjeld den aktuelle kommunen.

GOD TUR - OG GOD HAUSTFERIE!

2 kommentarer:

  1. Takk for at du minner oss på kva vi har "rett utanfor stovedøra" vår, Liv Janne! Vi skal jammen prøve nokre av desse gode tipsa neste veke! God haustferie! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Irene! Eg får meg nokre påminningar sjølv også på kva turar vi har rundt oss når eg lagar slike innlegg :). Blir berre liten haustferie på oss med planleggingsdagar i barnehagen måndag og tysdag. Neste år har vi skulejente, så då blir det vel annleis ;). God ferie!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!