tirsdag 7. oktober 2014

Ei natt vart til to på DNT-hytta Målsethytta


Vikafjellet i haustprakt og med lune temperaturar (12 C) sjølv om vi er komne til oktober!
Fredag ettermiddag sette vi kursen mot Målsethytta på Vikafjellet. Dette er ei DNT-hytte tilhøyrande Vik turlag. Planen var å liggje der ei natt og så dra vidare innover i Stølsheimen. Men sterk vind og meldingar om at det skulle halde fram, gjorde at vi endra planane og blei verande på Målsethytta. Det angra vi ikkje på - spesielt ikkje når vi vakna til sterk vind, regn og skodde søndag morgon!

Derimot fekk vi ein flott dag laurdag med turar i nærområdet til Målsethytta. Det starta med ein fellestur til Valanipa (1231 moh) - eit fjell vi har sett på frå bilvegen fleire gonger. To små trassa vinden og gjekk med friskt mot oppover. Vi vaksne rakk også individuelle turar til Fossfjellet (1314 moh) med flott utsikt over Målsetevatnet. 

Vi har fått auga opp for mange nye turmål på Vikafjellet denne helga, så brått er vi tilbake! Og brått kjem det også eit fyldigare innlegg om denne turen også...

To stolte små som kom seg opp på toppen av Valanipa - Målsetvatnet lengst til høgre i biletet. 


Flott utsikt frå Fossfjellet på 1314 moh - Målsetvatnet ligg no til venstre i biletet.

Målsethytta består av både eit hovudhus og ei sikringsbu.
Sikringsbua var bygd i 2010 og er godt isolert.

2 kommentarer:

  1. Stølsheimen er virkelig vakker. Har vært så heldig å tatt noen turer der. Takket være deg savner jeg tilbake:) god turhøst til deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi saknar stølsheimen allereie vi også :) Kjem garantert tilbake neste år for nye turar. God turhaust til deg også!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!