fredag 3. oktober 2014

3 x F: Fjellgeiter, Flatastølen og Fjellfolk!

Flatstølen i Førde vil då få sjå i Fjellfolk komande søndag

Vekas Fjellgeit-tur gjekk til Flatastølen i Førde. 
Eg har hatt denne turen på planen for Fjellgeitene lenge, 
og akkurat denne veka var eit godt tidspunkt for denne turen: 
Førstkomande søndag vil vi nemleg oppleve Flatastølen i NRK-serien Fjellfolk
Så no kan spreke Fjellgeiter seie når innslaget blir sendt i TV'n: 
"Ja, men der har eg vore!" :)  

Trass i at initiativtakarane bak Fjellgeitene ikkje kan få topp-karakter for å planlegge i god tid, 
kan i alle fall deltakarane få honnør for å vere impulsive og hive seg med på kort varsel! 
Men det er ofte slik det blir turar! 
Turen vart bestemt rundt lunsjbordet måndag, 
og kl. 17.25 same ettermiddag var vi 5 stk som var klar for tur!

Signering i bok på Legjestølen er obligatorisk. Nesten 950 har skrive seg inn
hittil i år, og det er langt over forrige års rekord!
Det blir raskt mørkt om kveldane, 
og etterkvart vart det dårlege lysforhold til bilet-taking,
så eg hentar i staden fram nokre tidlegare minne frå Flatastølen:



Dette biletet er henta frå innlegget "Følg ikkje dei raude T-ane"


Flatastølen i vinterskrud - frå dette innlegget. 

3 kommentarer:

  1. Jeg har dessverre gått glipp av Fjellfolk-serien så langt - men gleder meg til å se Flatastølen i kveld.

    SvarSlett
  2. Ser knapt tv, men skjønner at der har eg gått glipp av noe.... svarte! Ja ja, får heller sjå bilda ifra plassen her ;-) Måtte dokke få en fin høstferie! :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Fjellfolk er ein fantastisk flott serie, men er tilgjengeleg på nett, så ikkje for seint å sjå den endå! Mykje flott natur frå ulike plassar, men sjølvsagt ekstra kjekt når det er filma frå nærområdet og kjende plassar!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!