onsdag 3. september 2014

Tid for hausttur! - 4 x 10 tips til kor du kan dra!


Steffen bloggar:

Vi er nyss komne inn i første haustmånaden, og ei fantastisk tid står føre alle oss som likar fjellturar i skog og mark eller på høgfjellet: Klår luft, lite innsekt, flotte fargar, fine skumringskveldar med bålkos... 

Men kvar helst skal du gå, tenkjer du kanskje? Er du lei av å gå dei same turane - igjen og igjen - anten du no går større turar, eller småturar saman med ungane?  Vi hjelper deg gjerne med inspirasjon eller idèar til nye turmål i haust!
Bilete frå topp 10 vaksenturar i 2013.
Nedanfor er det lenkja til 4 topp 10-lister for vaksenturar og turar med born, for åra 2012-2013.
Klikk deg inn  nedanfor og plukk din hausttur, du og!

Nedanfor har vi henta fram att innlegga våre med rangering av dei 10 finaste vaksenturane og dei 10 finaste turane vi hadde med borna våre, i 2012 og 2013 (2014-lista kjem ved årsskiftet). I alt 40 turforslag er såleis presenterte i ord og bilete, dei fleste med kart og ruteskildringar. 

Så sett deg ned og plukk di eiga liste frå oversynet nedanfor - pakk så sekken - og dra i veg!   

God inspirasjon!


Topp 10: Fjellturar 2013 - vaksne

Topp 10 turar 2013 - med borna


Topp 10: Fjellturar i 2012 - vaksne

Topp 10 turar 2012 - med borna

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!