søndag 7. september 2014

"Kom deg ut" med stor suksess!


Den nasjonale Kom deg ut - dagen gjekk av stabelen i dag, 
med eit 100-tals arrangement rundt om i landet, 
i regi av Den Norske Turistforening. 

var Sogn og Fjordane det fylket som kunne skilte med flest arrangement i dag!
Barnas Turlag Førde var intet unntak, 
og inviterte til utedag på Hunsrasta ved Bekkjavatnet

Her var det mange kjekke aktivitetar:
- hest og kjerre
- kanopadling
- "Tur-tipp" undervegs på vegen
- orientering
- løp med tidtaking
- bålpanne med grilling av pinnebrød og popping av popcorn
- sandstrand med bøtter og spader
 (og nokre sjekka også badetemperaturen!)
- trekking av fine premiar på deltakarnummeret
- og sosialt samvær med kjende og ukjende

Folkemylder på Hunsrasta på "Kom deg ut" - dagen
Aktivitetane lokka mykje folk til å ta turen, 
mellom 200 og 300 born og vaksne møtte opp! 
Regnet heldt seg vekke akkurat lenge nok
til at også etternølarane og arrangørane kom seg tørrskodd heim. 
Folk kosa seg og vi hadde ein fin-fin dag!

Takk til Barnas Turlag Førde for nok eit flott arrangement!

Leik med bøtter og spader slår aldri feil!

Mange kosa seg rundt bålpannene - pinnebrøddeiga forsvann fort


Sanna Oliva får dei siste instruksjonar før ho skal ut på løp med tidtaking.
Mange vart hekta og sprang fleire runder for å slå sin eigen rekord!

Dei lærte fort teknikken for å registrere brikkene for tidsbruk. 

1 kommentar:

  1. Så artig! Kjekt med mange ulike aktiviteter og godt oppmøte. Bildene taler for seg, nok en gang!

    Ønsker dere ei fin uke!

    Klem

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!