Tidleg morgon på Kvannebakkbu (1520 moh) i Jølster - ei av mange flotte opplevingar siste tida! |
Skal ærleg innrømme at det er relativt stille på bloggen for tida
- og nei; det skuldast IKKJE mangelen på turar.....
heller tvert om!
Skulle nesten tru at vi etterkvart hadde brukt opp kvoten vår med godvèr i 2014,
men det ser heldigvis ikkje slik ut!
Vi har nokre fantastiske haustdagar med flotte temperaturar,
og no når naturen glitrar med dei vakraste haustfargane,
prøver vi å nytte alle sjanstar til å kome oss på tur!
Med stor turaktivitet, jobb, familie, hus og heim,
så blir det rett og slett ikkje tid til å blogge om turane!
Men det kjem ein lang vinter med mørke haustkveldar
- då kan vi ta att det tapte!
Sjølv om vi ikkje rekk å skrive dei omfattande turskildringane nett no,
må vi berre vise litt av det som har skjedd siste veka...
- vi må neste klipe oss i armen for å skjøne at det faktisk er sant!
(og for dei som lurer: Nei, vi har ikkje begge vore på alle turane - nokre kvar for oss, og nokre i lag).
Togga (1205 moh) i Sogndal:
Jobbreise til Sogndal vart kombinert med ein førstebestigning på Togga (1205 moh) på veg heim att. Anestølen nede til høgre. |
Utsikt til Laugavatnet på vegen mot Togga |
Og ikkje minst: på veg til Togga har du flott utsikt nedover Sogndalsdalen |
Kvannebakkbu (1520 moh) i Stardalen, Jølster:
Vi kom opp til Kvannebakkbu (1520 moh) ein kveld i full tåke. Med 10-15 meter sikt var GPS'en god å ha! |
Ikkje desto mindre var det då fantastisk å vakne opp på Kvannebakkbu og sjå soloppgang og skyfri himmel! Magisk! |
Bjørgja (1551 moh) i Stardalen, Jølster:
Botnafjellet (1572 moh) i Gloppen:
Grettene i Fjærland:
Då vi returnerte frå Kvannebakkbu, tok vi turen opp på Bjørgja (1551 moh) - toppen rett over snøen midt i biletet. Dalbotnen vert kalla for Rambjørgebotnen. |
Frå Bjørgja ser du vide omkring - Snønipa i snøen rett til venstre for varden. |
Botnafjellet (1572 moh) i Gloppen:
Og så var det nokon som fekk oppleve Botnafjellet (1572 moh) ved Breimsvatnet i Gloppen |
Grettene i Fjærland:
Til sist eit lite turfølgje som fekk med seg Grettene i Fjærland og litt til.... Her frå Heimstagretta (1494 moh) |
Heimstagretta (1494 moh) i Fjærland |
Blei du inspirert til å kome deg ut på tur?
Det er berre å nyte haustvèret - no er naturen på sitt vakraste!
Det er berre å nyte haustvèret - no er naturen på sitt vakraste!
Fantastiske flotte bilde på bloggen Liv Janne. Veldig inspirerende,men dere er noen "nivå" over min kondis.. Skal legge meg i hardtrening.. God Helg etterkvart.
SvarSlettFlott og inspirerande turblogg.
SvarSlett