tirsdag 16. september 2014

Ikkje sauesanking, men fjelltoppsanking!

Tidleg morgon på Kvannebakkbu (1520 moh) i Jølster - ei av mange flotte opplevingar siste tida!

Skal ærleg innrømme at det er relativt stille på bloggen for tida 
- og nei; det skuldast IKKJE mangelen på turar.....
heller tvert om! 

Skulle nesten tru at vi etterkvart hadde brukt opp kvoten vår med godvèr i 2014, 
men det ser heldigvis ikkje slik ut! 
Vi har nokre fantastiske haustdagar med flotte temperaturar, 
og no når naturen glitrar med dei vakraste haustfargane, 
prøver vi å nytte alle sjanstar til å kome oss på tur!
Med stor turaktivitet, jobb, familie, hus og heim, 
så blir det rett og slett ikkje tid til å blogge om turane! 
Men det kjem ein lang vinter med mørke haustkveldar
- då kan vi ta att det tapte! 

Sjølv om vi ikkje rekk å skrive dei omfattande turskildringane nett no, 
må vi berre vise litt av det som har skjedd siste veka...
- vi må neste klipe oss i armen for å skjøne at det faktisk er sant! 
(og for dei som lurer: Nei, vi har ikkje begge vore på alle turane - nokre kvar for oss, og nokre i lag).

Togga (1205 moh) i Sogndal:

Jobbreise til Sogndal vart kombinert med ein førstebestigning på Togga (1205 moh) på veg heim att. Anestølen nede til høgre. 

Utsikt til Laugavatnet på vegen mot Togga

Og ikkje minst: på veg til Togga har du flott utsikt nedover Sogndalsdalen

Kvannebakkbu (1520 moh) i Stardalen, Jølster:
Vi kom opp til Kvannebakkbu (1520 moh) ein kveld i full tåke.
Med 10-15 meter sikt var GPS'en god å ha!

Ikkje desto mindre var det då fantastisk å vakne opp på Kvannebakkbu og sjå soloppgang og skyfri himmel!
Magisk!

Bjørgja (1551 moh) i Stardalen, Jølster:
Då vi returnerte frå Kvannebakkbu, tok vi turen opp på Bjørgja (1551 moh) - toppen rett over snøen midt i biletet.
Dalbotnen vert kalla for Rambjørgebotnen.

Frå Bjørgja ser du vide omkring - Snønipa i snøen rett til venstre for varden.

Botnafjellet (1572 moh) i Gloppen:
Og så var det nokon som fekk oppleve Botnafjellet (1572 moh) ved Breimsvatnet i Gloppen

Grettene i Fjærland: 
Til sist eit lite turfølgje som fekk med seg Grettene i Fjærland og litt til.... Her frå Heimstagretta (1494 moh)

Heimstagretta (1494 moh) i Fjærland
Blei du inspirert til å kome deg ut på tur?
Det er berre å nyte haustvèret - no er naturen på sitt vakraste!

2 kommentarer:

  1. Fantastiske flotte bilde på bloggen Liv Janne. Veldig inspirerende,men dere er noen "nivå" over min kondis.. Skal legge meg i hardtrening.. God Helg etterkvart.

    SvarSlett
  2. Flott og inspirerande turblogg.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!