Den fjortenhundredeogfemtitre meter høge Geitfonnegga er kort og godt eit fjell du bør spandere på deg når du er i Geiranger - og er i seg sjølve god nok grunn til å leggje turen til Geiranger for å ta toppen. Slik eg og turkompis Oddbjørn gjorde ein langweekend i sommar. For her er det ei vanvittig flott utsikt over Verdsarven i Geiranger-området!
Geitfonnegga tronar sjølvsikkert på nordsida av Geirangerfjorden, midt mellom Dei sju søstre ute i fjorden og Ørnevegen. Fjellet ligg dessutan plassert slik at det "rettar ut" bøyen på Geirangerfjorden: Slik får du utsikt til fjorden og fjellgardane oppe i fjellsidene på sørsida av fjorden, som du ikkje får auge på inne frå Geiranger sentrum. Vegen opp Ørnesvingane i retning frå Geiranger til Nordal, lettar dessutan tilkome til fjellet, og kortar ned talet på høgdemeter du må gå (om dèt skulle vere eit mål!)
Les også om dei andre to turane våre i Geiranger denne weekenden:
Turfakta:
- 4 km èin veg (men vi laga vår vri på turen, slik at den vart ein lengre rundtur, men og meir krevjande sjå nedanfor).
- Anslagsvis 3 timar opp og 2 timar ned om ein går til toppen t/r
- Merka sti til toppen
Vidare går ein no over på sti - som er merka - i retning Gomsdalen, og etter godt 100 meter tek så stien av og oppover nokre myrar i retning oppunder
Turrvasshornet. Men i ura under toppen held du vestover og kryssar ei elv ved inngangen til en liten fjelldal. Så følgjer du den
Her får du di løn i himmelen, med eit upåklageleg utsyn over Geirangerfjorden - og ikkje minst til fjellgardane Skageflå og Knivsflå som ligg så vakkert til oppe i fjellsidene på sørsida av fjorden.
Turen kan også forlengast til Eidshornet (1629 moh), ved å følgje høgda bakover mot nord.
Nedanfor: Geitfonnegga, fremst t.v., sett frå sørsida sida av fjorden mot Ørnevegen.
Vi er godt i gang og er komne til Hausetsetra
Geitfonegga sett frå Geiranger sentrum |
Ein pust i bakken; Oddbjørn nyt utsynet over fjorden |
Vi gjekk opp til og over snøfonna oppe i biletet på veg til varden |
Utsyn også mot Humlungsetra, den grøne pletten framme på kanten på andre sida av fjorden |
![]() |
Frå Geitfonnegga ser ein forbi "krylen" fjorden gjer på seg |
Skageflå, på andre sida av fjorden, ligg bada i sol på fjellhylla like bak båten |
Då er karane, Steffen Ben (t.v) og Oddbjørn komne til varden på Geitfonnegga, med fin-fin utsikt utover Geirangerfjorden |

I staden for å retunere attende same vegen vi kom opp, fann vi å ville prøve ta oss ned frå varden på Geitefonnegga og mot fjorden att, ved å følgje ranen nedover i sørvestleg retning mot bygningsmassen framme på kanten i Gomsdalen.
Like over Gomsdalen kjem det nemleg ein merka sti frå same Hausetsetra som vi passerte tidlegare i dag og ut til Gomsdalen - og denne stien følgde vi attende til Hausetsetra, og vidare same vegen attende til bilen på Korsmyra. Men terrenget frå Geitefonnegga og ned til stien over Gomsdalen er svært krevjande, er umerka, og dreier seg i stort monn om å gå i laus ur og styggbratte grasbakkar, og kan berre anbefalast til røynde fjellfolk.
Nedanfor er bilete frå partiet mellom varden på Geitfonnegga og ned til stien over Gomsdalen. Bratt så det held...
Nedanfor: Egga vi kom ned frå Geitfonnegga og til stien mellom Korsmyrane og Gomsdalen, er den til venstre på biletet nedanfor. Stien går her på tvers i fjellet, like under tåkedottane på biletet nedanfor. Ser styggbratt ut, men er relativt greitt å gå.
Geitfonnegga midt imot og på andre sida av fjorden, Foto tatt frå Humlungsetra som vi passerte på 3. turdagen på veg til Keipen |
Foto tatt frå stien mellom Gomsdalen og Korsmyrane, på returen attende til bilen. |
Attersyn mot Geiranger og turmålet vårt 1. turdagen (det spisse fjellet)
- Vinsåshornet (1343 moh) )
|
Attende på Hausetsetra - Geiranger sentrum i bakgrunnen |
Attende til bilen på Korsmyrane. Godt kvinnfolka våre ikkje er med og tar oss i skule for manglande ordenssans... (-: |
Flott innlegg! Denne turen tror jeg må legge i turboka. Så virkelig ut som en flott en:)
SvarSlettFin turhelg:)
Smeise fint :)) Nesten sånn at eg burde virkelig sette den turen på lista mi når eg er i Eidsdalen og Eidsvatnet. Litt seint no kanskje, ser nysnø i toppane her :-( Men veldig flott å lese innlegget her Steffen, takk for turen! :-)
SvarSlett