lørdag 27. september 2014

Gaular: Lettgått til Rundenova (1258 moh) og Pernova (1200 moh)

Steffen Ben bloggar:


"Mykje skrik og lite ull", sa mannen han klipte grisen! 

Kanskje omvendt enn som gjeld for dei to fjelltoppane vi var på i sommar og som eg omtalar her.  Eg meiner:  Fjella er lette å nå, lette å ta i èin tur, og dei gjev mykje flott utsikt som løn for "strevet".

For der ligg dei, lett synlege, t.d.  frå vegen når du køyrer over Rørvikfjellet i retning Gaular. Avrunda og innbydande i formene - heiter med rette "nòver" - og er utan større vegetasjon. Ja, dei beint fram skrik om å bli besøkte - av to- og firbeinte.  Denne sommardagen fekk fjella innfridd båe ynskja.

Turfakta: 
Dette er ein rundtur frå Vindheimsvatnet på Viksdalen - opp på Rundenova - litt attende og vidare til Pernova - og ned til vestsida av Vindheimsvatnet, og rundt på nordsida av dette og attende til bilen.

Rundenova (fjellet til venstre nedanfor),  er det høgaste av dei to fjella, og er med sine 1258 meter berre litt høgare enn Pernova (fjellet i midten). Dei ligg vakkert til på sør-vestsida av Haukedalsvatnet. 

Utsyn frå Rørvikfjellet sørover  i retning Haukedalsvatnet og
 Rundenova (1258 moh) til venstre; Pernova (1200 moh) i midten og Storfjellet (1182 moh) til høgre
Avstand
16 km samla sett. Kring 4 km til Rundenova; kring 4 km til Pernova; kring 8 km frå Pernova attende til bilen.

Start:
Ein køyrer til Vallestad på Viksdalen og tar av frå hovudvegen mellom Viksdalen og Holsen, i retning inn med stranda på sørsida av Haukedalsvatnet - skiltet er merka Vikum. Etter kring 800 meter langs vatnet, tar ein så av til høgre opp til fjellgardane og hyttefelta på Vindheim. Ein fylgjer BOMVEGEN opp til Vindheimsvatnet, tar til venstre i 1. kryss og til høgre i neste kryss. Ein køyrer så langt ein føler det er trygt for bilen på traktorvegen. Parker og hald fram langs vegen til enden av denne; her kjem du til ei hytte på austsida av Vindheimsvatnet.  Her byrjar stien. 

GPS-tracking av ruta vår frå Vindheimsvatnet  - Rundenova  - Pernova.
 Ruta vart gått med sola













Stien til Rundenova startar på austsida av Vindheimsvatnet (over)
 på Viksdalen




Stien startar ved Vindheimsvatnet, ved hytta på austsida (nærast oss) av Vindheimsvatnet.
Den følgjer du oppover den skogkledde lia i austleg retning. Etter kvart, når ein kjem over skogavakse, blir stien utydelegare, vegetasjonen blir borte og ein byrjar gå på lettgått fjell, og ruta er no merka med småvardar, like til topps på Rundenova. Her er det ein fin steinvarde. 





Framme ved den fine varden på Rundenova - kring 4 km etter start frå Vindheimsvatnet

Utsyn mot neste fjell - Pernova


Varden på Rundenova (1258 moh). Lauvavatnet på Viksdalen til venstre. Haukedalsvatnet fremst og
Holsavatnet og Drøsinga til høgre.


Fjellet gjev utsyn sørover både i retning bygdene opp mot Gaularfjellet, vestover i retning Viksdalen, og nordvestover i retning Holsen. Ein har også finfint utsyn nord-austleg mot Haukedalsvatnet og Haukedalen.


Utsyn frå Rundenova og vestover til Lauvavatnet aust for Vika på Viksdalen





















Utsyn mot t.v.  Drøsinga (1086 moh) på Holsen

















Retur same veg ned att frå Rundenova til du er kome så langt at du ser det er lett å ta av frå der du kom opp, og til venstre bortover fjellet, i retning foten på austsida av ryggen på neste fjell - Pernova.

Vi ser attende frå Rundenova i retning det flate partiet vi skal gå mellom Rundenova og Pernova, og vidare mot ryggen vi skal gå opp (til høgre) på Pernova. 


Du passerer på venstre side av eit lite vatn (høgd 883 moh), bort til foten av fjellet. Litt klyving opp ryggen på Pernova, men burde vere uproblematisk for dei fleste. Greitt å studere kvar det er best å gå opp denne ryggen, på returen frå Rundenova.


Du kjem opp til ein varde på høgd 1122 - men vi valde å ta sør-vestover til sjølve hovudtoppen på Pernova. Varden på toppunktet var unseeleg, men dette punktet gjev oss betre utsikt sørover mot fjella i retning Gaularfjellet. Så retur til  varden på punkt 1122.
Utsyn austover mot Rundenova frå punkt 1122 på Pernova.
Vatnet i framgrunnen passerte vi på venstre side.


Frå Pernova ser ein mot fjella på Gaularfjellet - her  Johannesberget (1446 moh)
Utsikt frå Pernova sørvestover mot dei høgaste fjella i Gaular - Geitebotsfjellet (1384 moh)  midt i biletet

Frå punkt 1122 på Pernova på ein utydeleg sti framme på egga med utsyn ned til Vindheimsvatnet, med kurs i vestleg retning. Ingen tydeleg sti, så her må ein navigere sjølve mot Trollebotnen, og langs elva som renn nedover her. 
Trollbotnen og elva rennande nedover til venstre i biletet. Framme på kanten runda vi ned til høgre, i retning vestsida av Vindheimsvatnet. Storfjellet bakerst. 

Du kan nytte elva gjennom Trollebotnen som indikasjon på kor ein skal gå: for elva renn ned i Vindheimsvatnet som vi også skal til, og vi følgde mykje godt denne like ned att til Vindheimsvatnet si vestlege side. Eit stykke nede i lia under Trollebotnen, kom vi  etter kvart inn på den meir tydelege stien som går frå Vindheim og sørover gjennom skardet mellom Pernova og Storefjellet.

Nedstigninga frå Trollebotnen mot Vindheimsvatnet. Rørvik og Rørvikfjellet på nordsida av Haukedalsvatnet

Vi er snart komne ned til vestsida av Vindheimsvatnet . Vi runda så vatnet
langs traktorvegen på nordsida av vatnet, og til bilen som vi parkerte ved
det grøne jordet på bakre side av vatnet
På vestsida av Vindheimsvatnet kom vi atter inn på traktorvegen, og runda dette ved å gå langs vegen på nordsida, og vidare til austsida, av vatnet,  til der vi hadde parkert bilen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!