lørdag 27. september 2014

Gaular: Lettgått til Rundenova (1258 moh) og Pernova (1200 moh)

Steffen Ben bloggar:


"Mykje skrik og lite ull", sa mannen han klipte grisen! 

Kanskje omvendt enn som gjeld for dei to fjelltoppane vi var på i sommar og som eg omtalar her.  Eg meiner:  Fjella er lette å nå, lette å ta i èin tur, og dei gjev mykje flott utsikt som løn for "strevet".

For der ligg dei, lett synlege, t.d.  frå vegen når du køyrer over Rørvikfjellet i retning Gaular. Avrunda og innbydande i formene - heiter med rette "nòver" - og er utan større vegetasjon. Ja, dei beint fram skrik om å bli besøkte - av to- og firbeinte.  Denne sommardagen fekk fjella innfridd båe ynskja.

Turfakta: 
Dette er ein rundtur frå Vindheimsvatnet på Viksdalen - opp på Rundenova - litt attende og vidare til Pernova - og ned til vestsida av Vindheimsvatnet, og rundt på nordsida av dette og attende til bilen.

Rundenova (fjellet til venstre nedanfor),  er det høgaste av dei to fjella, og er med sine 1258 meter berre litt høgare enn Pernova (fjellet i midten). Dei ligg vakkert til på sør-vestsida av Haukedalsvatnet. 

Utsyn frå Rørvikfjellet sørover  i retning Haukedalsvatnet og
 Rundenova (1258 moh) til venstre; Pernova (1200 moh) i midten og Storfjellet (1182 moh) til høgre
Avstand
16 km samla sett. Kring 4 km til Rundenova; kring 4 km til Pernova; kring 8 km frå Pernova attende til bilen.

Start:
Ein køyrer til Vallestad på Viksdalen og tar av frå hovudvegen mellom Viksdalen og Holsen, i retning inn med stranda på sørsida av Haukedalsvatnet - skiltet er merka Vikum. Etter kring 800 meter langs vatnet, tar ein så av til høgre opp til fjellgardane og hyttefelta på Vindheim. Ein fylgjer BOMVEGEN opp til Vindheimsvatnet, tar til venstre i 1. kryss og til høgre i neste kryss. Ein køyrer så langt ein føler det er trygt for bilen på traktorvegen. Parker og hald fram langs vegen til enden av denne; her kjem du til ei hytte på austsida av Vindheimsvatnet.  Her byrjar stien. 

GPS-tracking av ruta vår frå Vindheimsvatnet  - Rundenova  - Pernova.
 Ruta vart gått med sola













Stien til Rundenova startar på austsida av Vindheimsvatnet (over)
 på Viksdalen




Stien startar ved Vindheimsvatnet, ved hytta på austsida (nærast oss) av Vindheimsvatnet.
Den følgjer du oppover den skogkledde lia i austleg retning. Etter kvart, når ein kjem over skogavakse, blir stien utydelegare, vegetasjonen blir borte og ein byrjar gå på lettgått fjell, og ruta er no merka med småvardar, like til topps på Rundenova. Her er det ein fin steinvarde. 





Framme ved den fine varden på Rundenova - kring 4 km etter start frå Vindheimsvatnet

Utsyn mot neste fjell - Pernova


Varden på Rundenova (1258 moh). Lauvavatnet på Viksdalen til venstre. Haukedalsvatnet fremst og
Holsavatnet og Drøsinga til høgre.


Fjellet gjev utsyn sørover både i retning bygdene opp mot Gaularfjellet, vestover i retning Viksdalen, og nordvestover i retning Holsen. Ein har også finfint utsyn nord-austleg mot Haukedalsvatnet og Haukedalen.


Utsyn frå Rundenova og vestover til Lauvavatnet aust for Vika på Viksdalen





















Utsyn mot t.v.  Drøsinga (1086 moh) på Holsen

















Retur same veg ned att frå Rundenova til du er kome så langt at du ser det er lett å ta av frå der du kom opp, og til venstre bortover fjellet, i retning foten på austsida av ryggen på neste fjell - Pernova.

Vi ser attende frå Rundenova i retning det flate partiet vi skal gå mellom Rundenova og Pernova, og vidare mot ryggen vi skal gå opp (til høgre) på Pernova. 


Du passerer på venstre side av eit lite vatn (høgd 883 moh), bort til foten av fjellet. Litt klyving opp ryggen på Pernova, men burde vere uproblematisk for dei fleste. Greitt å studere kvar det er best å gå opp denne ryggen, på returen frå Rundenova.


Du kjem opp til ein varde på høgd 1122 - men vi valde å ta sør-vestover til sjølve hovudtoppen på Pernova. Varden på toppunktet var unseeleg, men dette punktet gjev oss betre utsikt sørover mot fjella i retning Gaularfjellet. Så retur til  varden på punkt 1122.
Utsyn austover mot Rundenova frå punkt 1122 på Pernova.
Vatnet i framgrunnen passerte vi på venstre side.


Frå Pernova ser ein mot fjella på Gaularfjellet - her  Johannesberget (1446 moh)
Utsikt frå Pernova sørvestover mot dei høgaste fjella i Gaular - Geitebotsfjellet (1384 moh)  midt i biletet

Frå punkt 1122 på Pernova på ein utydeleg sti framme på egga med utsyn ned til Vindheimsvatnet, med kurs i vestleg retning. Ingen tydeleg sti, så her må ein navigere sjølve mot Trollebotnen, og langs elva som renn nedover her. 
Trollbotnen og elva rennande nedover til venstre i biletet. Framme på kanten runda vi ned til høgre, i retning vestsida av Vindheimsvatnet. Storfjellet bakerst. 

Du kan nytte elva gjennom Trollebotnen som indikasjon på kor ein skal gå: for elva renn ned i Vindheimsvatnet som vi også skal til, og vi følgde mykje godt denne like ned att til Vindheimsvatnet si vestlege side. Eit stykke nede i lia under Trollebotnen, kom vi  etter kvart inn på den meir tydelege stien som går frå Vindheim og sørover gjennom skardet mellom Pernova og Storefjellet.

Nedstigninga frå Trollebotnen mot Vindheimsvatnet. Rørvik og Rørvikfjellet på nordsida av Haukedalsvatnet

Vi er snart komne ned til vestsida av Vindheimsvatnet . Vi runda så vatnet
langs traktorvegen på nordsida av vatnet, og til bilen som vi parkerte ved
det grøne jordet på bakre side av vatnet
På vestsida av Vindheimsvatnet kom vi atter inn på traktorvegen, og runda dette ved å gå langs vegen på nordsida, og vidare til austsida, av vatnet,  til der vi hadde parkert bilen

lørdag 20. september 2014

Blånipa (1021 moh) i Eikefjorden

Frå Blånipa i Eikefjorden er det flott utsikt mot Flora og øyane utanfor

"Kjært barn har mange namn" heiter det, 
men det kan også omdøypast til "kjært namn har mange barn"
- eller i denne samanheng: "Kjært namn har mange fjell"!

Blånipa er eit namn som går igjen på mange fjell
- og det treng ikkje nødvendigvis vere langt mellom desse Blånipene heller!  
Vi har tidlegare skrive om Blånipa(1121 moh) på Ramsdalsheia
og berre 1,6 mil i luftlinje derifrå finn du Blånipa i Eikefjorden,
som med sine 1021 moh berre er 100 høgdemeter lågare enn "namnesøstra" si. 
Dit tok eg turen denne gongen
- for aller første gong! 

Turskildring finn du i Opptur Sogn og Fjordane
eller på Eikefjord.net.  
Kort sagt startar du turen frå den store rasteplassen i Eikefjorden, 
går opp skogsvegen til Hovlandsstølen,
vidare på god sti til Nipevatnet
og deretter godt merka rute vidare til Blånipa. 
Turen er 7-8 km ein veg, 
og 2-3 timar opp er normal tidsbruk. 

Hovlandstølen ligg fint til - med utsikt mot Håsteinen og Høydalsnipa (dei to fjella som stikk opp lengst bak)

På returen valte eg å gå ei nymerka rute frå Hovlandsstølen til Kvalsvikstølen, 
for der hadde eg heller aldri vore før. 
Deretter følgde eg skogsvegen attende til bilen. 

Flott tur,
storslått utsikt! 
Kan absolutt anbefalast!
Meir treng ikkje seiast om den saken 
- det er berre å prøve turen sjølv! :)


Hovlandsstølen badar i solstrålar
Ved Nipevatnet er du omtrent halvvegs. Her er trimbok, og du kan velje fleire turruter.
Blånipa i bakgrunnen. 

Eg har runda Nipevatnet, og skal ta fatt på stigninga opp på sjølve Blånipa.
Det flate fjellet lengst i bakgrunnen er Haukåbøra i Nordalsfjorden. 

På oppstigninga frå Nipevatnet, byrjar utsikt mot havet i vest å openberre seg. 

Smiiiil - du er snart framme!

Stor flott varde på toppen - og ei fantastisk utsikt!

Gult er kult! Postkassen er vanskeleg å oversjå :)

Nokre av dei vakraste fjella finn du i Ålfoten- massivet: Keipen, Plogen og Saga som tre spydspissar midt i biletet.
Den flate Haukåbøra ser du lengst til venstre, og Gjegnen lengst til venstre. 

Keipen, Plogen og Saga er alltid eit kjært syn - 2 av 3 er fullførte, og Plogen står høgt på ynskjelista.
Hyllemassivet i Ålfoten er unikt!

Haukabøra kneisar også flott over andre fjell.
Vi var der for mange år sidan, og eg konstanterer det er på tide med gjenbesøk!
Returen gjekk via Kvalsvikstølen - som ligg fint til med utsikt over Eikefjorden. 

Nytt og gamalt er samla tett i tett.... kva har mest preg av stølsidyll?
Håsteinen og Høydalsnipa i bakgrunnen.


fredag 19. september 2014

Geiranger (2) - Geitfonnegga (1453 moh) leverer på utsikt!

Steffen Ben bloggar:

Den fjortenhundredeogfemtitre meter høge Geitfonnegga er kort og godt eit fjell du bør spandere på deg når du er i Geiranger - og er i seg sjølve god nok grunn til å leggje turen til Geiranger for å ta toppen. Slik eg og turkompis Oddbjørn gjorde ein langweekend i sommar. For her er det ei vanvittig flott utsikt over Verdsarven i Geiranger-området! 



Geitfonnegga tronar sjølvsikkert på nordsida av Geirangerfjorden, midt mellom Dei sju søstre ute i fjorden og Ørnevegen.  Fjellet ligg dessutan  plassert slik at det "rettar ut" bøyen på Geirangerfjorden:  Slik får du utsikt til fjorden og fjellgardane oppe i fjellsidene på sørsida av fjorden, som du ikkje får auge på inne frå Geiranger sentrum.  Vegen opp Ørnesvingane i retning frå Geiranger til Nordal, lettar dessutan tilkome til fjellet, og kortar ned talet på høgdemeter du må gå (om dèt skulle vere eit mål!)

Les også om dei andre to turane våre i Geiranger denne weekenden:


Bratt oppstigning til Geitfonnegga frå Korsmyra via Hausetsetra - men betalar seg ved kjempeutsyn
 ut Geirangerfjorden, mellom anna til Skageflå og Knivsflå  på sørsida av fjorden (til venstre på biletet). 

Turfakta: 
  • 4 km èin veg (men vi laga vår vri på turen, slik at den vart ein lengre rundtur, men og meir krevjande sjå nedanfor). 
  • Anslagsvis 3 timar opp og 2 timar ned om ein går til toppen t/r
  • Merka sti til toppen
Turen starter frå rasteplassen på Korsmyra(638 moh) på toppen av Ørnevegen, på høgre side frå Geiranger. Vi gjekk så over hovudvegen, i vestleg retning,  og tar inn på grusvegen mot Hausetsetra. Dette første stykket er lett terreng, og passar som kort tur (1 km) for dei med små barn med på tur.

Vidare går ein no over på sti - som er merka - i retning Gomsdalen, og etter godt 100 meter tek så stien av og oppover nokre myrar i retning oppunder 
Turrvasshornet. Men i ura under toppen held du vestover og kryssar ei elv ved inngangen til en liten fjelldal. Så følgjer du den 
bratte og spektakulære ryggen forbi Brehola og opp til toppen (1453 moh). 

Her får du di løn i himmelen, med eit upåklageleg utsyn over Geirangerfjorden - og ikkje minst til fjellgardane Skageflå og Knivsflå som ligg så vakkert til oppe i fjellsidene på sørsida av fjorden. 

Turen kan også forlengast til Eidshornet (1629 moh), ved å følgje høgda bakover mot nord.

Nedanfor: Geitfonnegga, fremst t.v.,  sett frå sørsida sida av fjorden mot Ørnevegen.










Vi er godt i gang og er komne til Hausetsetra

Geitfonegga sett frå Geiranger sentrum




Ein pust i bakken; Oddbjørn nyt utsynet over fjorden


Vi gjekk opp til og over snøfonna oppe i biletet på veg til varden






Utsyn også mot Humlungsetra, den grøne pletten framme på kanten på andre sida av fjorden
Frå Geitfonnegga ser ein forbi "krylen" fjorden gjer på seg

Skageflå, på andre sida av fjorden, ligg bada
i sol på fjellhylla like bak båten

Då er karane, Steffen Ben (t.v) og Oddbjørn  komne til varden på Geitfonnegga, med fin-fin utsikt utover Geirangerfjorden


staden for å retunere attende same vegen vi kom opp, fann vi å ville prøve ta oss ned frå varden på Geitefonnegga og mot fjorden att, ved å følgje ranen nedover i sørvestleg retning mot  bygningsmassen framme på kanten i Gomsdalen

Like over Gomsdalen kjem det nemleg ein merka sti frå same Hausetsetra som vi passerte tidlegare i dag og ut til Gomsdalen - og denne stien følgde vi attende til Hausetsetra, og vidare same vegen attende til bilen på Korsmyra. Men terrenget frå Geitefonnegga og ned til stien over Gomsdalen er svært krevjande, er umerka, og dreier seg i stort monn om å gå i laus ur og styggbratte grasbakkar, og kan berre anbefalast til røynde fjellfolk.

Nedanfor er bilete frå partiet mellom varden på Geitfonnegga og ned til stien over Gomsdalen. Bratt så det held...




Gomsdalen og bygningsmassen der er så vidt synleg. Foto teke frå stien der den byrjar å gå nedover mot Gomsdalen, og som var staden der vi kom inn på stien som kom frå Hausetsetra.

Nedanfor: Egga vi kom ned frå Geitfonnegga og til stien mellom Korsmyrane og Gomsdalen, er den til venstre på biletet nedanfor. Stien går her på tvers i fjellet, like under tåkedottane på biletet nedanfor. Ser styggbratt ut, men er relativt greitt å gå.

Geitfonnegga midt imot og på andre sida av fjorden, Foto tatt frå Humlungsetra som vi passerte på 3. turdagen
på veg til Keipen
Foto tatt frå stien mellom Gomsdalen og Korsmyrane, på returen attende til bilen.
Attersyn mot Geiranger og turmålet vårt 1. turdagen (det spisse fjellet)
- Vinsåshornet (1343 moh) )

Attende på Hausetsetra - Geiranger sentrum i bakgrunnen

Attende til bilen på Korsmyrane.
Godt kvinnfolka våre ikkje er med og tar oss i
skule for manglande ordenssans... (-:
Kveldsstemning frå Campingplassen vår og ut Geirangerfjorden og mot Geitfjellet: