STORSLAGEN TUR I STORSLAGEN NATUR...
Enkelte naturopplevingar er berre så store at vi beint fram ikkje greier å vente med å omtale dei til vi har tid nok til å skrive blogginnlegget i full breidd! (altfor mange innlegg på vent... (-: Så som er tilfelle for storturen eg og Steffen Ben hadde i går.
Nærare bestemt til Vik kommune på sørsida av Sognefjorden - og så opp på dei høgaste fjella på Fagerdalshalvøya, og som stuper 1000 meter rett ned i Sognefjorden mellom Finnafjorden og Arnafjord.
"Fagerdalshalvøya" ber verkeleg namnet sitt med rette:
ALDELES MAKELAUST VAKKERT! Stølsheimen på sitt aller, aller beste!
Med oss på den to mil lange turen fekk vi fantastiske fossefall, besøk i ei - for oss - ny DNT-hytte, gamle steinsel som står opne for alle oss vandrarar - og ikkje minst samtale med to lokalfødde som vi møtte i fjellet, og som gav oss førstehands tips til seinare turar vi burde ta i området. Tips vi gjerne deler med deg!
Alt dette kjem vi attende til i eige blogginlegg - her nøyer vi oss med to teaser-bilete som gjev oversyn over litt av utsikta i dette fantastiske (NA)TURlandskapet.
Finnafjorden inn til venstre, frå høgste fjellet på halvøya - Fagerdalsnipa (1245 moh)
Finnabotnen til venstre og den busette Finden i midten, som "struper" Finnafjorden på midten...
Stølen Rosete - mot Arnafjorden
Komplett innlegg kjem snart!
Fantastiske bilder, inspirasjonskilde!
SvarSlettSå fine bilder! Vi bor virkelig i et vakkert land, og dokke er så flinke til å bruke naturen også :-)
SvarSlettSå fine bilder! Jeg håper jeg kan se allet med øynene mineselve, fordi jeg vil være ved Arnafjorden i mai 2015 for tre uker.
SvarSlettHilser fra Sulzberg, Tyskland
Achim