søndag 31. august 2014

Ei fantastisk turveke er over!

Denne veka har vore strålande - vèrmessig sett!
Den har også vore strålande - turmessig sett! 
Ikkje alle på alle turar,
men samla sett fekk familien vår ei rikhaldig turveke!
Ein fantastisk start på turhausten 2014. 

Her får du nokre bileteglimt frå mangfaldet, 
og så kjem vi tilbake til fyldigare omtale av nokre av turane. 

Kva er vel betre enn å starte bursdagen sin med
ein tidleg morgontur på Hornnesstølen?
Grovanipa (Sægrovnipa) på 1143 moh i Jølster - truleg det mest fotografert (og måla?) fjellet i Jølster
Ein tur vi har hatt på lista lenge: Tenne - Vatnane - Fagerdalsnipa (1245 moh) - Rosete - Nese i Arnafjord i Vik.
Her frå varden på Fagerdalsnipa. Vi har også gitt nokre korte glimt i dette innlegget

Nokre kosa seg med ny topptur - Daurmål  (1445 moh) på grensa mellom Gloppen og Jølster

Medan andre jubla over at vi kom Førde Opp - opp den bratte Hafstadkleiva til toppen av Hafstadfjellet (705 moh).
Ein kjempeinnsats av dei små - det var mange små vinnarar denne dagen!
Og så vart veka avslutta med eit besøk til Kvannebakkbu (1520 moh) i Stardalen i Jølster - ei handsbreidd frå Jostedalsbreen. 

torsdag 28. august 2014

Vik: Rundtur på Fagerdalshalvøya mellom Arnafjord og Finnafjorden

APERITIFF:
STORSLAGEN TUR I STORSLAGEN NATUR...

Enkelte naturopplevingar er berre så store at vi beint fram ikkje greier å vente med å omtale dei til vi har tid nok til å skrive blogginnlegget i full breidd! (altfor mange innlegg på vent... (-:   Så som er tilfelle for storturen eg og Steffen Ben hadde i går.

Nærare bestemt til Vik kommune på sørsida av Sognefjorden - og så opp på dei høgaste fjella på Fagerdalshalvøya, og som stuper 1000 meter rett ned i Sognefjorden mellom Finnafjorden og Arnafjord.  

"Fagerdalshalvøya" ber verkeleg namnet sitt med rette:
 ALDELES MAKELAUST VAKKERT! Stølsheimen på sitt aller, aller beste!

Med oss på den to mil lange turen fekk vi fantastiske fossefall, besøk i ei - for oss - ny DNT-hytte, gamle steinsel som står opne for alle oss vandrarar - og ikkje minst samtale med to lokalfødde som vi møtte i fjellet, og  som gav oss førstehands tips til seinare turar vi burde ta i området. Tips vi gjerne deler med deg!

Alt dette kjem vi attende til i eige blogginlegg - her nøyer vi oss med to teaser-bilete som gjev oversyn over litt av utsikta i dette fantastiske (NA)TURlandskapet.

Finnafjorden inn til venstre, frå høgste fjellet på halvøya - Fagerdalsnipa (1245 moh)




Finnabotnen til venstre og den busette Finden i midten, som "struper" Finnafjorden på midten...




























Stølen Rosete - mot Arnafjorden




Komplett innlegg kjem snart!

tirsdag 26. august 2014

Balestrand: Vindreken (1259 moh) - styggbratt fjordskue

Vindreken - Noregs kanskje mest måla fjell, forståleg nok
Vindreken er eit ynda turfjell, men Vindreken har også fascinert kunstmålarar til å komme med staffeliet sitt frå heile Europa i fleire hundre år. På Kviknes hotell heng det hopetal med store maleri  på veggane der Vindreken er med.



Ruta opp til Vindreken går beint opp i fronten av fjellet t.v., og passerer like til høgre for den store tåkedotten oppe i fjellsida.
Vindreken er godt synleg frå Balestrand sentrum - Keipen litt gøymt i tåka til høgre.
Høyanger og Balestrand  turlag skulle arrangere tur til Vindreken (1259 moh), 
men avlyste turen grunna usikre værmeldingar. 
Vi dobbelt- og trippelsjekka værmeldingane, 
og fann ut at vi ville prøve til likevel! 

Og det angrar vi ikkje på! 

Turen er godt merka med start frå Ese i Balestrand, 
og på infotavla står det at det er den brattaste merka ruta i Balestrand
Nettopp det trur eg er heva over all tvil! 
Etter å ha gått denne turen, 
skal eg aldri meir klage over at Hafstadkleiva  i Førde er bratt! 
Vindreken er Hafstadkleiva x 2 - minst....

Berre for å understreke kor bratt det var, så kom det følgjande kommentar frå Steffen: 
"Rett her oppe trur eg det flatar ut såpass at vi kan setje frå oss sekken
 utan at vi må heilt ned att til bilen for å hente den!"

Men den bratte oppstigninga, som òg har sjarm, vart fort gløymt, for her får du:
- Ei formidabel utsikt over ville nabofjell og fjordarmar kring Balestrand
- Magasug når du ser fleire hundre meter rett ned i Esebotn
- Ei kjensle av å stå på toppen av verda....i alle fall nesten!



Balestrand og Kviknes hotell på neset til høgre over hovudet til Liv Janne
Heldigvis for oss, så vart været omtrent som lova. 
Det heldt seg så og seie opplett heile turen. 
Litt skodde kom sigande opp frå dalen etterkvart - men kom og gjekk. 
Og som Steffen sa det: 
"Vi ser alt vi vil sjå, men ikkje alt på same tid!"

Ord er ikkje tilstrekkeleg til å skildre slike turopplevingar,

èi heller kan bileta gje det fulle inntrykket,
men ein god smakebit er det i alle fall: 

Utsikt over fjord og fjell kring Balestrand.
Esefjorden fremst. Balestrand på neset til høgre.



Magasug frå toppområdet..... her er det laaaaaangt ned!


På toppen av verda - i alle fall nesten!
Fjellet Keipen (1434 moh) i bakgrunnen. Dit skal vi også - ein gong - kanskje snart!

Fremste toppen på ryggen midt i biletet er Tjuatoten (1098 moh), med start i Dragsvik. Der har vi vore før, og er ein topp som verkeleg kan anbefalast. Den òg....!

Gulleplevatnet, vest for Gulleplet, i retning Keipen

På veg ned frå Vindreken - bratt opp og like bratt ned att!






Stien går opp eggja i front - rett over hustaka på biletet.
 Bratt??? Ja, men trygt og ingen klyving om du held deg i stien

Fakta om turen: 
Stien startar i Esebotn og det er sett opp skilt og infotavle ved vegen, 
like i nærleiken av Ese camping. 
Den er godt merka til fremste fortoppen på 1259 moh, 
og deretter nokon vardar til bakerste toppen på 1273 moh. 

Lengd: ca. 3,5 km ein veg
Tidsbruk: På infotavla står det 8 timar t/r, men då har du veldig god tid. 
Om du har litt fjellform greier du turen på langt kortare tid (4-6 timar)

Turen er krevjande, og du bør vere ganske fjellvand før du legg ut på denne. 
Hugs også på at sjølv om den er godt merka, så kan skodda kome fort, 
og det kan vere lett å miste retninga - særskilt i toppområdet. 
Turen bør derfor berre gåast i relativt godt vêr. 

Fjellmannen - som drøymer om fleire fjell....
Keipen i bakgrunnen er eitt av dei!
Vindreken (til venstre) Keipen (midten) og Tjuatoten (til høgre) - slik du ser dei når du kjem med ferja over Sognefjorden frå Vangsnes til Dragsvik
Vindreken mala av kunstnaren Bjørg Bjøberg - som er innehavar av galleriet og pilegrimssenteret  "Det gylne hus" i Balestrand sentrum. Når du likevel er i Balestrand, bør du absolutt ta turen innom der!

torsdag 21. august 2014

Geiranger (1): Vinsåshornet (1343 moh) - kremutsyn over fjordlandskapet!

Steffen Ben bloggar:

Geirangerfjord-området vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden...
...skal vi tru Unesco. 





Ikkje det slag rart at to gode kompisar frå Førde då òg greidde å storkose seg på lang-weekend tur til Geiranger no i sommar, med fin-fint turvêr. Eg inviterte nemleg med Oddbjørn opp dit for fjellgåing nokre dagar. For her stod tre utvalde fjelltoppar på 1300-1500 moh klare til å bli bestegne, med Geiranger sentrum som det naturlege Origo kring kvar av toppane. Målet mitt var å få sjå indre delar av Geirangerfjorden i fugleperspektiv - staden som eg fleire 10-tals gonger til då stort sett har sett i froskeperspektiv, frå bil. Og det lukkast vi med.... :-)

"Trekanten" av fjell vi var på og som innhylla indre Geiranger frå oven, var: 

Geiranger - turistmagnet for makelege eller spreke naturelskarar i 150 år:
Geiranger med Geirangerfjorden i Stranda kommune på Sunnmøre  er turistbygda framfor noko her i Noreg. Få stader er det fleire turistar her, sommars tid - omtrent som i ei maurtue. Om vinteren er bygda i dvale, og jamvel isolert frå omverda tid om anna grunna is og ras.

Årsaka til fascinasjonen for staden Geiranger frå folk frå alle verdshjørner gjennom 150 år, er enkel: Geiranger sitt vestnorske fjordlandskap (saman med Nærøyfjorden), har så og seie alt eit naturbeundrande menneske kan ynskje seg: Ein 15 km lang og 1 km brei fjordidyll med blå fjord, 2 hengande fossar som går like i fjorden, gamal bygningsmasse frå busetnad på fjellgardar ut langs fjorden og inne i Geiranger, fint vørdsla kulturlandskap og autentisk istandsette bygningsmassar (takk til Storfjordens vener), smale vegar med spektakulære serpentinarsvingar osb osb.

I 2005 vart Vestnorsk fjordlandskap - representert ved Geirangerfjorden (og Sunnylvsfjorden og Tafjorden) og Nærøyfjorden - skrive inn på verdsarvlista, og var då det sjuande objektet i Noreg som hadde kome gjennom det tronge nålauget til verdsarvkomiteen. 


Turen vår til Vinsåshornet:
Aust for Geiranger sentrum og Union hotell (biletet nedanfor), strekkjer ei "nibb" og eitt "horn" seg så høgt på tå opp mot skyene som dei greier, høvesvis vel 1600 og 1300 moh. Ikkje sjeldan greier dei to toppane å innhylle seg i tåke òg, men det slapp heldigvis vi å oppleve. Vår tur gjekk til Vinsåshornet som er toppen til høgre - Grinddalsnibba har vi til gode, men ho skal nok takast den òg ein gong.
Grinddalsnibba (t.v) og fjellet vi gjekk på til høgre - Vinsåshornet (1343 moh)


Start:
Ruta vi gjekk til Vinsåshornet, var ein rundtur: Vi gjekk opp på toppen opp langs framsida av fjellet langs den prikkete linja på biletet over, og ned att langs den heiltrukne linja. Anbefalar å gå turen i denne retninga. Samla distanse på turen er 18 km.  Merka rute heile vegen - men er ein tur for fjellvande folk som ikkje er redd for litt høgdeutsette parti.

Turen startar frå Hole hytteutleige oppe i bygda, der ein prøver finne parkeringsplass til bilen. Gå så grusvegen mot Vesterås (som elles er ein kjempefin stad å ta seg ein middag med fin uteservering og flott utsikt etter først å ha vore på utsiktspunktet Løsta like ved), og sving av på traktorveg til høgre like etter hyttene på Hole. Vegen deler seg igjen ved ei grind, og her svingar du til venstre. Deretter følgjer ein grusvegen, og etter nokre svingar er det skilta mot Holebakk. Etter kanskje 45 nye minuttar på grusveg kjem ein over på god sti. Turen opp mot vår første stans - den idylliske Grinddalsetra (800 moh) - tek kanskje nye 45 minuttar. Utsynet attende til Geiranger og ut fjorden, blir berre betre og betre etter kvart som ein nærmar seg setra.

Grinddalsetra ligg ved munningen framme på kanten av den idylliske og flate Grinddalen, der elva med det mykjeseiande namnet Stillelva slyngjer og sluktar seg. På stølen er det sett opp retningsskilt med namn og høgd på toppane i nærleiken. 

Vi heldt fram på sti innetter dalen, og kryssa elva etter kring 500 meter. Ruta går så oppover fjellsida mot det lågaste punktet på fjellryggen opp på Vinsåshornet, kalla Grinddalsrobben på kartet ovanfor. PS! Fatt mot - det er ikkje så bratt og ubestigeleg å komme opp som det kan sjå ut som herfrå, sjølv om ein må vere litt ekstra merksam på merkinga som kan vere litt utydeleg. Er ein ikkje fjellvand, rår eg til å gå den heiltrekte linjetraseen på kartet til topps og med retur same veg.

Frå den flotte varden på toppen av Vinsåshornet er det eit ubeskriveleg panorama mot Geirangerfjorden og fjella i kring - og mot dei to toppane vi skulle gå dei to påfølgjande dagane.

Returen frå varden på Vinsåshornet gjekk vidare langs egga, austover snaue 700 meter, og så trekte vi ved det lågaste punktet på ryggen nordover, og ned og fram i Grinddalen mot Grinddalsetra, slik ruta er merka. Retur herfrå same veg til Hole Hytteutleige som på turen opp.

Turen oppover mot Vinsåshornet ( i himmelsjå)  starta frå Hole Camping
oppe i Geirangerbygda  er i gang.   Første delen av turen går på traktorveg.
Turfølgje Oddbjørn med lett svikt i beina.

Fine kulturbeiter og godt vørdsla bygningsmasse pregar heile
Verdsarvområdet kring Geiranger. Her ved Holebakk.

Bilete teke austover, i retning Strynefjellet.
Vinsåshornet oppe i himmelsjå til venstre - og nyslåtte gardsbøar oppe i Geirangerbygda ved Flydal, nede i høgre biletkant!

På biletet nedanfor er karane er komne opp til Grinddalsætra på 820 moh - ved inngangen til den flate, solrike og grøderike Grinddalen. Her ser ein restane av murane frå stølshus som er feia av murane og lagd i pinneved - gong etter gong opp gjennom historia. Og gong på gong har bøndene orka å bore opp ny materiale til nye bygg!
Grinddalsetra anno 2014 - og Vinsåshornet til høgre. Vi gjekk til topps opp ryggen heilt til høgre i biletet




Ny og gamal tid møtast: Masseturisme til venstre - armod og slit for utkoma til høgre.
Men dei naturskjønne fjella har vore dei same heile tida!



























Bygningar som er tekne av snøfonnene - fleire gonger opp gjennom historia.




























Vi må vidare opp frå Grinddalssetra, i retning over elva gjennom dalen mot den fremste eggen, og mest høgdeutsette delen av turen, opp på Vinsåshornet



Brua over Stillelva. Over brua, gjekk vi ikkje vidare inn dalen, men
mot fremste eggen på Vinsåshornet.



Frå oppstigninga på fremste egga på Vinsåshornet, i retning aust.
Toppen oppe til venstre heiter Såthornet (1759 moh), og kunne ha godt av eit besøk av oss seinare ein gong!









Nesten oppe på toppen av Vinsåshornet



To glade laksar komne til topps, kring 2,5 time etter start frå (Vinje camping og så via) Hole camping.
Steffen Ben (t.v) og Oddbjørn.
Dagsturmåla dei to påfølgjande dagane er, høvesvis oppe i himmelsjå til
høgre (Geitfonnegga), og venstre (Fløyen) i biletet



Utsyn vestover mot Geiranger sentrum og Ørnevegen, i retning Åndalsnes


Utsikt innover Geirangerbygda, i retning oppstigninga til Djupvasshytta og Strynefjellet.
Serpentinarsvingar og stor ingeniørkunst då vegen stod ferdig i 1889 og vegen fekk heile 29 hårnålsvingar!




Utsikt austover og ned i botnen inst i Grinddalsdalen. Litlesåt og Såthornet oppe til venstre.
Frå dette punktet er ein nesten komen aust til skardet, der vi tok av nordover og ned  dalbotnen att. Dyregraver og fangstanlegg i området, så hald auga opne.


På veg ned i Grinddalen frå lågaste punktet på ryggen aust for varden på Vinsåshornet.
Grinddalssetra ligg framme på kanten av dalen

Attende ved Grinddalssætra. Geiranger sentrum nede bak hytta.
Geitfjellet (1615 moh) vaktar over Geirangerfjorden

Attersyn mot Vinsåshornet og ryggen vi gjekk opp, sett frå Grinddalsetra.