torsdag 31. juli 2014

Rørstadstølen - utsyn over Viksdalsvatnet

Rørstadstølen ligg langs Viksdalsvatnet i Gaular, og gjev flott utsyn over vatnet opp mot Viksdalen og flotte fjelltoppar som Holstnipa, Svarteknibba og Kjelstadnakken.

Turen er skilta frå riksvegen når du køyrer langs med Viksdalsvatnet, og etter å ha gått opp bilvegen til øvste garden i Rørstadbotnen, er det ein god og tydeleg sti som startar ved enden av ein stor steingard nedanfor garden. Stien er også merka og det er sett opp skilt med stadnamn på veg oppover. Turen er omlag 2 km, så du går den greitt på 30- 45 minutt ein veg. Det går også ein sti vidare opp frå stølen, men denne er i ferd med å bli noko mindre synleg. Vi følgde denne om lag 500 meter oppover før vi snudde, men hadde vi gått vidare kunne vi til slutt komt på ein topp som heiter Snøheia.

Turen startar ved Vikane, og du går bilvegen opp til Rørstadbotnen, og deretter på god og merka sti vidare. Rørstadstølen med raud ring. 
Ved enden av denne steingarden på Rørstadbotnen startar den merka stien. Om du går opp i utkanten av bøen, slepp du å gå gjennom tunet. 


Etter ein halvtimes rask gange er du på stølen. Går du vidare opp til fjellet i bakgrunnen, kjem du etterkvart på Snøheia. 

Flott utsyn over Viksdalsvatnen med Viksdalen sentrum i enden av vatnet. Fjellet Holstnipa til høgre i biletet. 

Frå Rørstadstølen ser du rett over på Vågstølane som har skogsveg heilt opp. Går du vidare innover dalen, kjem du til Gøyvinga. 

tirsdag 29. juli 2014

Mikroeventyr på Finse 1222 moh

Finse 1222 - kanskje mest kjent som ein del av Rallarvegen. 

Eit mikroeventyr:
togtur Haugastøl - Finse 1222 moh,
besøke DNT-hytta "Finsehytta",
smake på Finsebollen,
ta ein kikk på Rallarmuseet,
og få eit overblikk over aktuelle turmål.


Drøyme om:
sykkeltur på Rallarvegen,
topptur til Finsenuten eller Sankt Pål,
vandring på Hardangerjøkulen/Blåisen,
eller rett og slett gå til andre DNT-hytter
sørover til Hardangervidda eller nordover inn i Skarveheimen.

Noko har vi gjort før,
men mykje gjenstår.
Her kjem vi derfor garantert igjen!
Ta ein tur til Finse du også!

Eller som Sigrid Sandberg skriv på Harvest.as:

FINSE - EVIG DIN

HVOR: Finse, verdens sørligste arktiske område.
HVORFOR: Du kan forlate kjæreste og by, men aldri Finse.

Finsehytta - ei av DNT sine mange fullbetjente hytter har plass til mange turgåarar og syklistar



Haugastøl stasjon


Ein spent kar - klar for togtur!




mandag 21. juli 2014

Hardanger, Måbødalen og Hardangervidda

Litt smakebitar her og der er stikkordet for dei siste dagane. Dagane har bydd på tur til Kjeåsen, leiting etter geocacher, tur til botnen av Vøringsfossen, Lokkebakknuten ved Sysendammen med flott utsikt mot Hardangerjøkulen, overnatting ved Tinnhølen på Hardangervidda med turar til Halnehalsen og Stigstuv turisthytte. Mykje flott og mange inntrykk. Hardangervidda er ypparleg utgangspunkt for turar med born. No har vi fått smakt litt på det - neste gong blir det lengre opphald!

onsdag 16. juli 2014

Modalen og Eksingedalen

Ferietid og vi har starta med å utforske Modalen og Eksingedalen. Mange flotte turmål, og vi har fått utforska nokre: Slottet - Hordaland sitt svar på Preikestolen, Motødna og Mostølen, og DNT-hytta Torvedalshytta som tilhøyrer Voss utferdslag.

torsdag 10. juli 2014

Opplev Sognefjorden: Fjellrekka Lavik-Vadheim!

Steffen Ben bloggar:


Frå laust prat til planlegging
"Kva med å gå oppe på fjellrekkja langs bilstrekket LAVIK-VADHEIM, og få oppleve Sognefjorden på langs, men sett frå òven?", sa eg til Liv Janne ein gong vi sat i gode Volvo-seter, etter å ha kome i land med bil  frå ferja i Lavik, på veg innetter fjorden mot Vadheim og Førde. "Kvifor ikkje?", var det korte, men kontante svaret eg fekk frå henne.

"Ja, kvifor ikkje?" gjentok eg, mest for meg sjølv - planlegginga var alt i gong i hovudet mitt: Kvar startar vi? Er det stiar vi kan følgje?  Greier vi turen på ein dag, eller må ei overnatting til?


Sognefjorden: mange kilometer, mange fjordarmar og mange bygder
Sognefjorden er Noregs lengset fjord, 205 km, og også den djupaste fjorden i Noreg - kring 1300 meter djup. Sognefjorden er ein idyllisk fjord, med mange fjordarmar og bygder som klorer seg fast inne ved land.

Sognefjorden kan sjølvsagt roast med båt slik postbåten gjorde i tidlegare tider, eller symjast på langs, slik den engelske advokaten Lewis Gordon Pugh gjorde i 2004. Eller den kan "gåast", heilt eller delvis, ved å følgje fjella som omkransar fjorden.

Dessutan er Sognefjorden mest "snorande bein" ute i vest, slik at det burde vere sjansar for flotte fjord-panoramaer, om ein berre kom på dei rette utsiktstoppane, tenkte eg.  Oppe på fjellet over bygdene, har bøndene gjennom tidene etablert fine stølar, som også er kjekke idyllar å passere til fots.

Langt å gå, men godt stinett og god merking
No er ikkje fjella her nye for oss. Vi har gått på utvalde toppar langs strekket Lavik-Vadheim tidlegare, og også gått frå Vadheim til Norevikane, så vi visste at utsikta var formidabel. Men vi visste òg at det ville bli ein druspeleg tur kva kilometer vedkom.

Vi visste såleis òg kor stor innsats som er gjort i merking av stinett i området. Lat oss her skunde oss å takke Lavik IL, fjelltrimgruppa for den enorme innsatsen som er lagt ned over fleire år. Vi er blitt fortalt at så mykje som 2500 dugnadstimar er brukt på å varde, merkje, tilretteleggje stien og sette opp skilting i dette området. Så mykje som 41 stiar, som fører til kring 17 fjelltrimpostar, er merkte. Eit eige kart der stinettet er innteikna, er òg utarbeidd.  TUSEN, TUSEN TAKK, for arbeidet!

- ein junidag, grytidleg av garde, bar det av stad til startpunktet i Bosdalen aust for Lavik. Jaudå, dette berre måtte bli ein bra tur tenkte vi - å vandre slik på toppar mellom 500-750 moh.

Her er ruta vi komponerte oss:
Ruta vi gjekk: Start på merka sti frå Bosdal ved Lavik til:
 Fuglefjellet - (umerka til) Kjerringa - (så merka att:)  Avestølen - Ytre Torvundstøl - Indre Torvundstøl, Blåfjellet, Tjørnebotnstøl og -fjellet, Tverrgavlane-Hatlelifjellet-Fløyen. Slutt ved bilvegen på Ullebø nord for Vadheim. 

Start ved Bosdal aust for Lavik. Her er det merka til fjellet Fuglefjellet (543 moh):

Ferja Lavik-Oppedal går i rute på fjorden rett bak Liv Janne
Frå Bosdal i retning Fuglefjellet. Fint utsyn i retning Lihesten i Hyllestad


FUGLEFJELLET:
Varden på Fuglefjellet


Mange kilometer att innetter fjella over Sognefjorden....
Utsyn frå strekket Fuglefjellet - Kjerringa.  Neset som stikk ut i fjorden er Hovdeneset ved Torvund


Hovdeneset ved Torvund til venstre i biletet
Bergsstølen:
5 stølsidyllar passerte vi på turen;
her frå Bergsstølen opp for RÅ

Tvibyks på den unntaksvis umerkte delen av turen; frå Fuglefjellet til Kjerringa
Lett landskap å gå i, her i oppstigninga mot Kjerringa.
Utsyn vestover: Einsleg hytte ved Myrketjønna, så gardane i Avedalen på Øvre Lavikedalen. Lihesten bak til høgre.

KJERRINGA:
PANORAMA over Norges lengste og djupaste fjord: Storfelt utsyn over Sognefjorden og bygdene kring på båe sider    



På Kjerringa var det ei jente - INGA - som har lagt att signaturen sin, skrive i stein!
Avenbukta sluktar seg inn nede under bakkekanten midt i biletet
Turen gjev ikkje berre fjordutsikt og vidsyn; den har også parti med innlandsfjell-kjensle


AVESTØLEN:


Godt vørdsla bygg på Avestølen

Svunna tid: Separatoren på Avestølen har levert sin siste skvett.
60 tørn på sveiva i minuttet var  - visstnok - rett fart; det gav den rette lyden
Tjørnene rett aust for Avestølen

Ytre Torvundstøl og Langeneset:

Ytre Torvundstøl ligg gøymd under knausen i framkant. Utsikt mot Langeneset i Guddalen oppe i biletet.
Fjellet oppe til høgre er Trebønipa vest for Ytredalen mellom Vadheim og Sande
Ytre Torvundstøl: Ikkje mykje bygningsmasse att her.
Lavaste punkt på turen etter start, 275 moh
Indre Torvundstøl og Blåfjellet:
Indre Torvundstøl til venstre. Utsikt også mot varden på neste fjelltopp med fjordutsikt, oppe til høgre - BLÅFJELLET 


Blånipa - utsyn nordover mot Blegja og Storehesten

Mellom Blåfjellet og Tjørnebotnstølen

Tjørnebotnstølen:
Tjørnebotnstølen



Siste fjellet på turen - FLØYEN:

Ein glad vandrar nyt kveldssola
på varden på Fløyen.
Vadheim sentrum i bakgrunnen
Oppstigninga til vakre Fløyen. Klokka er 20 om kvelden,
og Vadheim er nesten komen i skuggenes dal
Fjellmassivet frå Fløyen til høgre.
Èin times gange til no, og vi er komne ned til bilvegen på Ullebø (dyrka marka midt i biletet).
31 km og 2226 høgdemeter er då unnagjort


Turfakta:
  • Start:  Bosdalen, aust for Lavik
  • Slutt: Ved demningen på Ullebø, i retning frå Vadheim mot Guddalen 
  • 31 km å gå
  • 2226 høgdemeter samla sett
  • Stort sett merka tur, men ruta har ikkje gjennomgåande opparbeidd sti. 
  • Gjennomgåande lettgått, tørt terreng. Tilgang på vatn store delar av turen
  • Alternativ: Enkelttoppar kan med stort hell takast direkte opp frå fjorden, merka ruter. Gode utsiktstoppar er Fuglefjellet, Kjerringa og Fløyen (sjå kart)
  •  Eit eige kart med rutenett innteikna.