søndag 15. juni 2014

Lavik - Vadheim: makelaus vandring høgt over Sognefjorden!

180 graders fjordutsikt i frå nordsida av Sognefjorden!

Det var denne draumen...
å få gå time etter time, 
frå topp til topp, 
der det eine panoramaet avløyser det neste,
langs nordsida av Sognefjorden.
Utsyn mot Nessane i aust og til Brosviksåta i vest. 

Etter 12 timar i terrenget, 
vel 3 mil og 2200 høgdemeter,
er turen frå Bosdal i Lavik
til Ullebø i Vadheim over,
... og draumen  er blitt røyndom! 

Fantastisk og storslagent! 
Fyldigare turomtale og endå flottare bilete kjem vi attende til! 

Kjerringa (741 moh) - ein av fleire toppar undervegs frå Lavik til Vadheim


Avenstølen - ein av 5 stølsidyllar vi passerte!



Fløyen i solnedgang - siste topp på turen!


Bratt nedstigning frå Fløyen - klokka er ca. 20 og sola har allereie gått ned i Vadheim




Ynskjer du å gå langs med Sognefjorden, i staden for høgt over fjorden, så anbefalar vi turen frå Vollavik til Ortnevik på sørsida: Langs veglause strender ved Sognefjorden. 

1 kommentar:

  1. Så spreke dere er! Og så smart å bruke kreftene på slike fine fjellturer! Strålende vær fikk dere også. Bedre kan det vel ikke bli!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!