torsdag 26. juni 2014

Fabelaktig sti - i nynorskens skog!

.....eller "Nynorsk fabelsti" som den eigentleg heiter!

Eg rota meg bort til eg fann ein port 
til nyyynorskens skog!
Eg kom nok til kort før eg såg ein port
til nyyynorskens skog!

Bli med oss inn i nynorskens skog - på vandring gjennom nynorsk fabelsti:



Denne fabelaktige stien er laga av elevar ved Slåtten skule i Førde, 
opna for om lag ei veke sidan,
av "nynorskskogens far":
Førdekunstnaren Oddvar Torsheim

Stien startar bak Slåtten skule, 
heilt til venstre på skuleplassen og går på sti opp mot Solvangåsen, 
og vidare inn på stien til Legjestølen 
(som vi har omtalt så mange gonger før her på bloggen)
Og her startar fabelvandringa:
flotte skilt, vakre ord og kreative kunstverk! 
Heile turen er ei stor oppdagingsferd, 
med stadig nye overraskingar. 
Stien held fram over Slåtten skule, 
og rundar til slutt ned att ved enden av ballbana på skulen. 
Totalt ca. 1,2 km

Større barn og vaksne går stien på under halvtimen, 
men med dei aller minste bør du rekne ein god time. 
Det er mykje som skal sjåast nærare på undervegs.....

Eit knippe av dei flotte kunstverka undervegs - "fiksemannen", "feen" og "guten i trusa" var nokre av namna Sanna Oliva og Bendik Matias ga figurane. 

"Kom, så går vi vidare og ser om vi finn meir kunst!", 
sa eg til mine to små. 
Då kjem det ivrig frå 3-åringen: 
"Kunst.....eg ELSKAR kunst!!!"
og han la på sprang oppover stien :)

"Eg ELSKAR kunst" seier Bendik Matias og spring av garde!

Berre høyr på desse vakre orda: 

hugleik
...eller rett og slett: kjærleik
og kva med åtgaum?



Eg villa meg bort, før eg fann ein port 
til nyyynorskens skog.
Mitt valg er no gjort, eg vil aldri bort frå
nyyynorskens skog!

Ein kort pause undervegs!
TAKK til Slåtten skule
for denne flotte opplevinga. 
De har gjeve omgrepet "skogstur" nye dimensjonar! 

Få deg ei fabelaktig oppleving du også - 
ta ein tur på nynorsk fabelsti! 

Og ynskjer du å ta ein kikk på den ekte "nynorskens skog",
så kan du klikke her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!