lørdag 10. mai 2014

Turboreven på tur i Erdalen




I dag starta vi dagen med Barnas Turlag, 
og Steffen som turleiar til Fossen gard i Erdalen. 
16 vaksne og 22 born var med på tur. 
Turboreven var også med, 
og fekk god assistanse av mange små både opp og ned. 

Klar for tur! Ein av fordelene med å ha pappa som turleiar, er at ein får låne Turboreven litt ekstra.

Sola titta fram då vi åt nista vår, 
og returen ned att tok vi via Kleiva-garden. 


Vi vel å nytte finværet til fulle, 
og set no kursen til Jonstadstølen for årets første overnatting der.

Fleire bilete frå turen og omtale, finn de på Indre Sunnfjord Turlag sine sider, her.

1 kommentar:

  1. Så koselig! Barnas turlag er virkelig et prima tiltak. Kjekt å gå på tur sammen, små og store.
    Det ble flest eldre på aktivitetsdagen da mange barn og unge var opptatt med turnstevne. Men hyggelig var det med forskjellige aktiviteter og gratis servering.
    Så fint det høres ut med stølstur!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!