Eg har tidlegare skrive om at eg har ein eigen logg for turane mine,
der fører eg opp fjellturar, andre særskilde småturar og no også geocachefunn.
Eit av mine turmål for 2014 var å nå 100 fjellturar.
I dag fullførte eg tur nr. 60 til Fureviknipa (750 moh) i Førde!
Og sidan vi endå ikkje er halvvegs i året,
så ligg eg relativt godt an til å klare målet!
Geocache-funn nr. 28 vart også loggført i dag,
etter funn på Fureviknipa.
Innlegg frå tidlegare tur til Fureviknipa finn du her.
Turskildring til Fureviknipa finn du på ut.no
Har du nokon turmål for 2014?
Tøff målsetting, men du er no jammen i rute! Måtte smugkikke attende på eigne nyttårønske, og er i grunn i gang med mange av dei! Heldige vi er som har tid og helse til å vere ute og utforske små og store turmål!
SvarSlettVårt mål er, som du veit, minst 100 turar i 2014. Vi har kome til nokonogførti, og ligg greit an. I sommar håpar eg at vi kjem oss på Hardangervidda, på nokon teltturar, eit par fjelltoppar. Og så drøymer eg om ein blåistur på Folgefonna.
SvarSlett