Flott solskin på Strandanipa i Eikefjorden.....NOT! |
Dette skulle eigentleg vere eit innlegg om ein flott solskinstur
til Strandanipa i Eikefjorden.
For yr.no lovte full sol måndag ettermiddag,
men det var på laurdag.....
søndag kveld var det skifta til overskya,
med bittelitt regn sånn litt ut på kvelden i 21-tida.
Men då ville vi vere ferdig med turen,
så det gjorde jo ingenting.
Resultatet vart:
Regnet byrja å tromme på ruta allereie på veg utover,
og det holdt fram,
meir eller mindre i eitt i dei 3 timane vi var ute og gjekk.
Derfor vart det ingenting av dei fantastiske bileta eg hadde tenkt å ta,
for å lokke dykk til også å prøve denne turen.
Faktisk så var det eigentleg ikkje råd å ta opp kameraet i det heile,
for då ville det bli vått.
Derfor vart det ikkje meir enn eit par raske bilete med mobilen.
Beviset på at vi var der! |
Heldigvis er det andre som har vore på Strandanipa i godvær,
og eg kan derfor i staden linke dykk til Skorpionen sin flotte tur 1. mai.
Så kanskje du får lyst til å gå Strandanipa likevel?
Ho gjekk frå Tonheimstranda,
vi tok turen via Hovlandsstølen.
Fin og grei tur å gå,
stien forsvann litt her og der,
men lett terreng å manøvrere seg i.
Og ca. 6 km ein veg.
Det var dei korte facts.
Uansett vær, fekk eg i alle fall gode assosiasjonar til sist gong eg var der,
på Nipenatt-tur med Flora turlag.
Den anbefalast verkeleg!
I år går den 27. juni,
så set av datoen om du ynskjer ein unik tur!
Og regn eller ikkje - vi angrar aldri på ein tur!
Etter regnværsturer er det ekstra godt å komme inn igjen. Dessuten er opplevelsen noe annen enn i sol. Må si jeg misunner dere alle toppene med fin utsikt. Terrenget er slakere her, lett å gå, men den "høydaren" det er å komme på toppen uteblir som regel.
SvarSlettGod onsdag fra Ingunn som gleder seg til sommerens fotturer i fjellet