torsdag 8. mai 2014

Morgonfrisk start på Hjellestølen i Førde

Eit vindu mot Hjellestølen 530 moh
Å kunne starte dagen med ein rask fjelltur, 
er ei behageleg kjensle 
- i alle fall når turen er unnagjort! 

Å nyte morgonsola, 
kjenne varmen byrje å kome i lufta, 
vite at dagen så vidt er i gong...
fantastisk! 

Og godkjensla sit igjen resten av dagen! 

Slik vart det for meg i dag: 
Hjellestølen vart morgonens turmål, 
lenge sidan sist, 
så kjekt med eit gjensyn. 

Og då sola byrja å bryte meir og meir i gjennom, 
hadde eg lite lyst til å vende tilbake til kvardagen. 
Tenk å kunne sitje i ro og mak og nyte morgonkaffien, 
i selsveggen....

Og det ligg også ei bok å skrive seg inn i,
men ikkje så lett å finne om du ikkje veit det: 
men den ligg i steinmurane - på kortsida til høgre når du kjem opp


Tidleg morgon på Hjellestølen. Viefjellet til venstre, Kjelstadnakken er fjellet bakerst med snø på. 

På ut.no finn du god omtale av turen til Hjellestølen og vidare til Førdsnipa
Distanse opp til sjølve stølen er ca. 1,9 km. 
Stien er tydeleg og godt merka opp til stølen, 
så du finn lett fram. 

Tidlegare omtalar av turar til Hjellestølen finn du her: 


Fjellfie, turselfie - og litt til.....

4 kommentarer:

  1. Omtrent beste måten å starte en dag på! :)) Herlig!! Og for en fin plass også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi har mange flotte plassar i Sunnfjord også - nett som på Sunnmøre ;)

      Slett
  2. For ei lykke med morgentur og utsikt! Jeg har gått formiddagstur, men utsikta var det dårlig med. I morgen er det Verdens Aktivitetsdag, og da blir det vel ei råd med å få rørt på seg sammen med andre.

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Morgontur og utsikt scorar høgt på lykkeskalaen, ja :). Her blir Verdens Aktivitetsdag feira med tur med Barnas turlag i morgon. God helg til deg også!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!