tirsdag 20. mai 2014

Good evening - Fossastølen i Erdalen!


Stølsturar er ofte like fine som toppturar, 
men blir av mange "gløymt" til fordel for dei store turane. 
Men det bør du ikkje gjere, 
for då går du glipp av fine naturopplevingar, 
vandringar i gamalt kulturlandskap, 
og glimt av ei svunna tid og viktig historie! 

Mange stølar ligg der som bortgøymde og ukjende perler. 
Fossastølen i Erdalen er ein av desse. 
Eg har berre vore der ein gong før, 
og det er over 10 år sidan, 
så no var det på tide med eit gjensyn! 

Faste lesarar av bloggen har nok lagt merke til at vi går mykje turar i Erdalsdalen i Førde. 
Ein viktig grunn er at den ligg berre 5 minutts køyring frå oss, 
men det aller viktigaste er at det er ein vakker fjelldal, 
med mange ulike mogelegheiter når det gjeld turar. 

Kartutsnitt frå ut.no. Eg valte å gå om Kleivagarden (på høgre sida av elva), og så krysse elva over til Fossen og halde fram på sti innover.
Turfakta: 
Du kan starte turen ved å gå vegen opp til Fossengarden eller stien opp til Kleivagarden på andre sida elva. Eg gjorde det siste. Kryssa så elva over til Fossengarden. Gå opp langs elva til du kjem til skogkanten. Du vil sjå ei einsleg eine midt oppe på bøen. Når du kjem inn i skogen rett bak denne, vil du finne ein tydeleg sti. Stien er lett å følgje, og fører deg derfor raskt inn til stølen. Forventa tidsbruk er om lag 45 min +/- alt etter form. 
Den tyngste stigninga er opp til Fossengarden - deretter går det raskt og greitt innover. Tørt og fint store delar av turen, men du går over nokre myrer siste stykket som gjer at du kan bli litt våt på beina i joggesko. 

Kleiva-garden - her budde det folk fram til 1970-talet. Ca. 500 meter hadde dei å gå ned til bilveg. 
Fossengarden
Og nokre glimt frå sjølve stølen:


















Det er nok ikkje kvar dag det er folk på Fossa-stølen, men i dag var vi i alle fall 2: eg først, og Steffen etterpå. Slik såg det ut då han var der:

6 kommentarer:

  1. Supert, eg trengte eit innlegg på Fossastøylen! Har ikkje vore der på år og dag, dette til tross for at eg kan gå frå inngangsdøra mi heime, og at eg går turen på både Fossen og Kleivane fleire gongar for år. På tide å finne opp att.

    Såg forresten at du har vore på Fureviksnipa i dag, skreiv rett under deg i boka :)

    SvarSlett
  2. Eg får lyst ut på tur kvar gong eg er innom bloggen din:) Skal ta denne turen snart!

    SvarSlett
  3. Wow, jeg kommer selv fra ei lita bygd i Nordland, hadde ikkje vært morsomt å sett at gården min var utsmykket og utbredet i ei blogg der det oppfordres til å trampe igjennom gårdstunet og legg til Insta-faktor.

    SvarSlett
    Svar
    1. Wow...og du var så nysgjerrig at du måtte Google Fossengarden etter å ha lese nyhendesaka? Og i tillegg så modig at du kommenterer anonymt? For øvrig - kor i innlegget har eg oppmoda om å trampe gjennom gardstunet? Om du greier å lese, så har eg tvert om forsøkt å gå så langt unna tunet eg kan for å kome opp til stien som fører vidare inn til stølen... og Instafaktoren er heller ikkje nemnt i innlegget.

      Slett
  4. Når du legger ut en drøss med bilder av en privat gårdstun, da er det oppfordring til valfart. E ha ihvert fall ikkje vore fornøyd med dette. Der er nok av turister som e innom nordnorske perler som bidrar med mykkje støy.

    SvarSlett
  5. Og Instafaktoren ligg godt innbakt i alle bildene :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!