Stor og flott varde på Bolteheia (740 moh) i Naustdal |
Måndag ettermiddag skulle eg på fjelltur,
og inviterte med meg nokre damer,
som igjen inviterte med seg endå fleire.
Så totalt vart vi 7 spreke og blide damer på tur!
Eg hadde ulike tankar om turmål,
og det endelege valet vart ikkje tatt før vi sto klar til å køyre.
Det vart ein tur eg sjølv ikkje har gått før,
men lenge har hatt lyst til å prøve:
Bolteheia (740 moh) i Naustdal.
Eg har vore på toppen før,
men ikkje prøvd den nymerka ruta frå Reiakvamsstølen.
Til Reiakvamsstølen kan du køyre ca 7 km på skogsveg frå Solheim i Naustdal,
men du er avhengig av nøkkel til bommen.
Frå stølen og opp på toppen er det ca. 3 km med jamn, fin stigning.
Vi stig jamt og fint oppover frå Reiakvamsstølen. Storevatnet midt i biletet. Reiakvamsløken ved enden av Storevatnet er også startpunktet vårt for turar til Jonstadstølen. |
Skal du gå frå bommen, så blir turen fort 4-5 km lenger ein veg.
Alternativet er å ta av frå høgste høgda (på 555 moh) mellom Ekrestølen og Horstadstølen,
(sjå kartet nedanfor),
og gå direkte opp på toppen derifrå (men då er det ingen sti).
Kartutsnitt frå ut.no |
Men du kan også starte turen til Bolteheia frå Reiakvam,
då blir turen litt lenger (3,9 km) og du stig også nokre fleire høgdemeter.
Denne turen er omtalt i Opptur Sogn og Fjordane tur 18-06.
Flott utsikt til Heilefjellet og Hestane frå toppen |
"Turen til Bolteheia gjev mykje att for innsatsen" står det i Opptur-boka.
Du får ei flott utsikt til alle kantar:
ut til Batalden og dei andre øyane utanfor Flora i vest,
til Heilefjellet og Hestane,
innover til Sandfjellet og Skruklefjellet,
og Solheimsnipa og Blånipa i nordaust.
Du ser endåtil inn att til delar av Førde by :)
Vi skimtar Førde by inst i Førde fjorden. |
Ei lita tjørn på veg opp - vi byrjar å skimte toppen, men sjølve varden ligg litt lenger bak enn det vi ser her. |
Damene i fint driv på veg oppover! Jonstadvatnet er vatnet øvst til venstre i biletet - der Jonstadstølen ligg. |
7 blide damer (1 er fotograf!) på toppen! |
Utsikt mot Blånipa (1121 moh) i nordaust |
Det blas friskt på toppen, så vi gjekk litt ned att før vi tok ein liten matpause. Vi naut utsikta til Storehesten og Heilefjellet. |
Takk for turen, damer!
Vi satsar på fleire slike i år!
Så kjekt! Det gjelder å gå foran og rydde veg! Synes det var imponerende å få med så mange på en hverdagskveld! Men det er viktig å benytte denne fine, lyse årstida.
SvarSlettGod 17. mai fra Ingunn