fredag 9. mai 2014

Bokbysti, geocaching og fjellrekognosering i Fjærland

Fjærland har mykje å by på: Bremuseum, Bokby, Mundal Hotel, flotte fjell og isbrear.

Tradisjonen tru, så er det sesongopning i Bokbyen i Fjærland kring 1. mai. 
Slik var det også i år.
Derfor fann vi ut at vi skulle bruke årets 1. mai til ein tur dit. 
Ordet "Bokbysti" var også forlokkande - og kanskje noko som kunne vere spanande for ungane?

Etter nokre veker med smak av god forsommar, 
så vart det ein nedtur når temperaturane brått gjekk ned mot 0 grader igjen, 
og med ein sur nordavind i tillegg. 
Rett og slett "bikkjekaldt" som vi seier!
Men sola skein no i alle fall :)

Synd å seie at det krydde av folk i Bokbyen denne 1. mai. 
Men dei store aktivitetane kring sesongopninga skjedde først i opningshelga, 
så kanskje det var fleire då? 

Spørsmåla hang på veggen - både ute og inne
Gode tilbud på opningsdagen, 
lokka oss til å kjøpe med både nokre bøker og dvd'ar på vegen. 
Kart over Bokbystien vart henta, 
og vi starta leitinga etter postar langs Bokbyen. 
Postane var spørsmål i ulike vanskegradar, 
merka med grønt, raudt og blått. 
Ungane fekk i oppdrag å leite etter tavlene på veggen der oppgåvene sto,
og vi hadde høgtlesing og val av svarkategori. 

Kart over Bokbystien - ein sti på ca. 600 m ein veg. 





Heldigvis var ikkje premien for fullført sti avhengig av kor mange rette vi hadde....... 
så ungane fekk velje kvar si bok for vel gjennomført tur! 

Ein litt annleis sti enn dei vi vanlegvis går
men det skapte i alle fall engasjement! 













Fjærland kan også by fleire geocacher for dei som leitar etter det. 
Vi tok med oss 2 "lette" denne gongen, 
og så har vi nokon fleire på vent til ein annan gong. 
"Distadfossen" og "Fjærland letterbox" er no loggført. 

2 nye geocacher er i boks: Distadfossen og Fjærland Letterbox! Og stempelfarge litt over alt....

Turen til Fjærland skapte også nye fjelldraumar hos oss vaksne. 
Vi har lenge drøymt om "Grettene"
men etter prat med nokre lokale folk, 
vart endå fleire turar sett opp på ynskjelista. 
Vi fekk også gode tips til turruter. 
Så håpar vi at noko lar seg gjennomføre - kanskje alt i år?

Dei 3 "Grettene" ruvar fint bak majestetiske Mundal Hotel

Fjærland er ei fantastisk lita bygd, 
som byr på det vakraste av fjord, fjell og brear i Noreg. 
I tillegg kan du oppleve både Bokbyen, besøke Bremuseet
og vakre, historiske Mundal hotel.
Her er det verdt å ta turen!



Suppehellenipa (840 moh) er det lille avrunda fjellet litt til høgre i biletet. Bak denne ser du Flatbreen, og rett ved denne finn du Flatbrehytta. Eit flott turmål! Skeisnipa er den høgste nipa til venstre (1440 moh) - Myrhaugsnipa lengst til høgre (1443 moh)

Bøyabreen er ein av fleire brear du kan sjå i Fjærland
Minner frå ei svunna tid - telefonkiosk og bompengestasjon. Det var ein gong....

Bendik Matias hadde veldig lyst inn til
mannen i bompengebua!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!