onsdag 28. mai 2014

Glimt frå Viastølen i Førde

Viastølen i Førde ligg flott til ved Digernesvatnet. Du ser rett over til Digerneset på andre sida. 

Det er alltid kjekt med eit gjensyn med vakre stølar, 
og Viastølen i Førde er definitivt i kategorien "flotte stølar", 
der den ligg rett ved Digernesvatnet! 


Turinfo:
Viastølen er eit godt utgangspunkt om du vil ta ein lett kveldstur. 
Knappe 2 km inn til stølen frå starten midt på Langelandsvatnet,
med lett stigning i starten, og deretter relativt flatt terreng. 
Du kan også halde fram på sti vidare innover vatnet mot Masdalsgjerdet. 
Det er ikkje mindre enn 3 "klyngjer" med stølshus/hytter, 
så hugs å gå litt innover om du vil ha med deg alle! 

Start på tur til Viastølen er midt på Langelandsvatnet på E39.
Du går først på skogsveg, før du held fram siste stykket på sti. 





Utsikt mot Hafstadfjellet


torsdag 22. mai 2014

"Det er damene som regjerer i fjell-Noreg!"

Damer på fjelltur er etterkvart eit svært vanleg syn! Men kvar er mennene?

Såg du gårsdagens sending frå #flymedoss på TV2?
Turen gjekk frå Florø til Ålesund, 
og undervegs passerte dei mange flotte fjell: 
Hornelen, Slogen, Bladet, Trollveggen, Rampestreken, Nesaksla +++

Og på mange toppar sto det folk og vinka, 
og nesten alle var damer!
Dette vart sjølvsagt fanga opp av dei i TV2-helikopteret,
og det kom stadig kommentar at det berre var damer dei såg.

"Det er damene som regjerer i fjell-Noreg!"
utbryt Arne Hjeltnes.

Og litt etter kom det frå han: 
"Er du mann, så har du ein god grunn til å kome deg opp av sofaen og opp på fjellet 
- for det er der damene er!"

Dette samsvarar jo også med min konklusjon etter turen på Hafstadfjellet i påska, 
den kan du lese om her
- for då møtte eg også berre damer! 

Så då er vel konklusjonen: vi damer er sprekast!  ;)

Vi møtte #flymedoss då dei var på Førde lufthamn, Bringeland

Geocache: Stakaldefossen #1 - Demningen

Ei flott loggbok i cachen Travel Bug'en vart tatt med vidare på ferda av
nokon som var der etter oss same dag. 

Vi har funne 28 geocacher totalt, 
alle er funn gjort i 2014. 
I høve til dei røynde leitarane, 
er dette nokså få. 
Men for oss er det ein god start! 

Mange av cachane fører oss til stader vi gjerne ikkje hadde vore på om det ikkje hadde vore for cachen.
Demningen ved Stakaldefossen er truleg ein slik stad. 
Mellom Moskog og Eikås på E39 frå Førde til Jølster, 
tar du av inn på ein skogsveg. 
Dette er også startstad for Jølster Rafting sine utflukter. 

Her går du eit par hundre meter på skogsveg (som etterkvart er ganske gjengrodd), 
før du kjem ned til ein rastebenk ved elva. 
I nærleiken av denne ligg også cachen gøymd. 

Alltid spanande å sjå kva som
er i boksen!
Cachen hadde ein litt artig gøymeplass med følgjande hint: 

Lyset er ikkje på, og ingen er heime. 

Denne cachen er ein flott ettermiddagsaktivitet med små barn om du bur i nærleiken, og den eignar seg også godt som ein rastestopp på vegen om du køyrer forbi. 



Ein bør også ta seg tid til å studere demningen og vannmassane
når ein er der. 

Fjellet Halvgjerda i bakgrunnen

TFTC! (Thanks for the cache!)

onsdag 21. mai 2014

Tur nr. 60: Fureviknipa (750 moh) og geocaching!

Sterk vind og lite tid gjorde at det blei få bilete frå turen. Men øverst ser du inn til Førde sentrum, med Førdsnipa til venstre og Hafstadfjellet til høgre. Nederst er geocacheboksen, samt utsikta ut Førdefjorden mot Heilevangsstaurane. 

Eg har tidlegare skrive om at eg har ein eigen logg for turane mine, 
der fører eg opp fjellturar, andre særskilde småturar og no også geocachefunn. 

Eit av mine turmål for 2014 var å nå 100 fjellturar. 
I dag fullførte eg tur nr. 60 til Fureviknipa (750 moh) i Førde
Og sidan vi endå ikkje er halvvegs i året, 
så ligg eg relativt godt an til å klare målet!

Geocache-funn nr. 28 vart også loggført i dag, 
etter funn på Fureviknipa

Innlegg frå tidlegare tur til Fureviknipa finn du her.
Turskildring til Fureviknipa finn du på ut.no

Har du nokon turmål for 2014?

tirsdag 20. mai 2014

Good evening - Fossastølen i Erdalen!


Stølsturar er ofte like fine som toppturar, 
men blir av mange "gløymt" til fordel for dei store turane. 
Men det bør du ikkje gjere, 
for då går du glipp av fine naturopplevingar, 
vandringar i gamalt kulturlandskap, 
og glimt av ei svunna tid og viktig historie! 

Mange stølar ligg der som bortgøymde og ukjende perler. 
Fossastølen i Erdalen er ein av desse. 
Eg har berre vore der ein gong før, 
og det er over 10 år sidan, 
så no var det på tide med eit gjensyn! 

Faste lesarar av bloggen har nok lagt merke til at vi går mykje turar i Erdalsdalen i Førde. 
Ein viktig grunn er at den ligg berre 5 minutts køyring frå oss, 
men det aller viktigaste er at det er ein vakker fjelldal, 
med mange ulike mogelegheiter når det gjeld turar. 

Kartutsnitt frå ut.no. Eg valte å gå om Kleivagarden (på høgre sida av elva), og så krysse elva over til Fossen og halde fram på sti innover.
Turfakta: 
Du kan starte turen ved å gå vegen opp til Fossengarden eller stien opp til Kleivagarden på andre sida elva. Eg gjorde det siste. Kryssa så elva over til Fossengarden. Gå opp langs elva til du kjem til skogkanten. Du vil sjå ei einsleg eine midt oppe på bøen. Når du kjem inn i skogen rett bak denne, vil du finne ein tydeleg sti. Stien er lett å følgje, og fører deg derfor raskt inn til stølen. Forventa tidsbruk er om lag 45 min +/- alt etter form. 
Den tyngste stigninga er opp til Fossengarden - deretter går det raskt og greitt innover. Tørt og fint store delar av turen, men du går over nokre myrer siste stykket som gjer at du kan bli litt våt på beina i joggesko. 

Kleiva-garden - her budde det folk fram til 1970-talet. Ca. 500 meter hadde dei å gå ned til bilveg. 
Fossengarden
Og nokre glimt frå sjølve stølen:


















Det er nok ikkje kvar dag det er folk på Fossa-stølen, men i dag var vi i alle fall 2: eg først, og Steffen etterpå. Slik såg det ut då han var der:

søndag 18. mai 2014

Dagen derpå på bølgjan blå - kanopadling på Bekkjavatnet!


I dag gjorde vi noko som vi har tenkt på lenge, 
og som dessutan var heilt ypparleg for å roe seg ned etter 17. mai-feiringa,
både for store og små! 


Som familie på 4 hadde vi vår jomfrutur med kano på Bekkjavatnet. 

Med den interessa dei små har for å vere i robåt, 
så trudde vi at kanopadling var noko alle kunne like. 

Og der fekk vi rett: 
Vi rodde rundt heile Bekkjavatnet, 
observerte gakk-gakkane vi hadde nærkontakt med sist vi var i området
såg fiskar som hoppa i vatnet, 
og var tilskodarar til folkemylderet som vandra langs vatnet. 
For med dagens sol og nærast sommartemperaturar, 
var det mange som var ute. 

Første stopp på vegen: ei fredfull halvøy der vi berre skimta alle dei som gjekk rundt vatnet
Først la vi i land ved ei halvøy, 
og kosa oss med nista i fred og ro. 
Etterpå padla vi til Hundsrasta
og der myldra det av folk. 
Nokre spreke små prøvde også badetemperaturen. 
Vi møtte også mange kjende på ferda vår rundt vatnet. 

På Hunsrasta var det atskilleg meir folk. Hafstadfjellet i bakgrunnen. 

Dette var kjekt - så dette skal vi absolutt gjere igjen! 

Ein stolt liten kar med padleåra!























STOR BØLGE – LITEN BØLGE
(T/M: J./T. Wieslander)

Her sitter vi og ror
i vår lille båt.
Sjøen er stor, veldig stor,
Og det kommer bølger.
Stor bølge, liten bølge,
Stor bølge, liten bølge,
Stor bølge, liten bølge,
Havet går i bølger.

torsdag 15. mai 2014

Dametur til Bolteheia (740 moh) i Naustdal


Stor og flott varde på Bolteheia (740 moh) i Naustdal
Måndag ettermiddag skulle eg på fjelltur, 
og inviterte med meg nokre damer, 
som igjen inviterte med seg endå fleire. 
Så totalt vart vi 7 spreke og blide damer på tur! 

Eg hadde ulike tankar om turmål, 
og det endelege valet vart ikkje tatt før vi sto klar til å køyre. 
Det vart ein tur eg sjølv ikkje har gått før, 
men lenge har hatt lyst til å prøve: 
Bolteheia (740 moh) i Naustdal. 
Eg har vore på toppen før, 
men ikkje prøvd den nymerka ruta frå Reiakvamsstølen. 

Til Reiakvamsstølen kan du køyre ca 7 km på skogsveg frå Solheim i Naustdal, 
men du er avhengig av nøkkel til bommen. 
Frå stølen og opp på toppen er det ca. 3 km med jamn, fin stigning. 
Vi stig jamt og fint oppover frå Reiakvamsstølen. Storevatnet midt i biletet.
Reiakvamsløken ved enden av Storevatnet er også startpunktet vårt for turar til Jonstadstølen.

Skal du gå frå bommen, så blir turen fort 4-5 km lenger ein veg. 
Alternativet er å ta av frå høgste høgda (på 555 moh) mellom Ekrestølen og Horstadstølen,
(sjå kartet nedanfor), 
og gå direkte opp på toppen derifrå (men då er det ingen sti). 
Kartutsnitt frå ut.no

Men du kan også starte turen til Bolteheia frå Reiakvam, 
då blir turen litt lenger (3,9 km) og du stig også nokre fleire høgdemeter. 
Denne turen er omtalt i Opptur Sogn og Fjordane tur 18-06. 

Flott utsikt til Heilefjellet og Hestane frå toppen
"Turen til Bolteheia gjev mykje att for innsatsen" står det i Opptur-boka. 
Du får ei flott utsikt til alle kantar: 
ut til Batalden og dei andre øyane utanfor Flora i vest, 
til Heilefjellet og Hestane, 
innover til Sandfjellet og Skruklefjellet, 
og Solheimsnipa og Blånipa i nordaust. 
Du ser endåtil inn att til delar av Førde by :)

Vi skimtar Førde by inst i Førde fjorden. 
Ei lita tjørn på veg opp - vi byrjar å skimte toppen, men sjølve varden ligg litt lenger bak enn det vi ser her. 

Damene i fint driv på veg oppover!
Jonstadvatnet er vatnet øvst til venstre i biletet - der Jonstadstølen ligg. 
7 blide damer (1 er fotograf!) på toppen! 
















Utsikt mot Blånipa (1121 moh) i nordaust

Det blas friskt på toppen, så vi gjekk litt ned att før vi tok ein liten matpause. Vi naut utsikta til Storehesten og Heilefjellet. 
Takk for turen, damer! 
Vi satsar på fleire slike i år!

Tvers over Reksta i Flora



Vi er på veg ned frå Harefjellet mot Rognaldsvåg. Øya Kinn rett foran oss. 

Flora turlag arrangerer mange flotte ettermiddagsturar, 
faktisk to gongar i veka. 
Vi heiv oss med på onsdagstur til øya Reksta. 
Turen kan oppsummerast med to ord: 
Utruleg flott!!!

Strålande sol kompenserte for ein litt vindfull tur, 
men noko anna kan vi ikkje rekne med når vi er i havgapet. 

Vi vandra over heile Reksta: 
frå Selvåg i aust til Rognaldsvåg i vest. 
Tre toppar var vi oppom på vegen: 
Storlifjellet, Vasslifjellet og Harefjellet. 
Harefjellet var den høgste på 220 moh. 
På veg ned frå Vasslifjellet ser vi ned mot gravplassen på Reksta. 

Vel framme i Rognaldsvågen hadde butikken ope, 
og kunne varte opp med vaflar og kaffi m.m. 

Maaaaaange bilete vart tatt undervegs,
så vi kjem tilbake med god og fyldig turskildring. 
Denne turen anbefalar vi gjerne til andre! 

Og mens de ventar på vårt innlegg, 
kan de ta turen innom Reksta sine Origo-sider for å lese og sjå meir frå turen. 

Øya Store Batalden følgde oss på store delar av turen. Det er også ein tur vi kan anbefale. 

Mot sør lyste Den Norske Hesten - Alden - mot oss heile vegen. Her på siste toppen - Harefjellet. Det blas friskt!

I fjor fekk vi også med oss ein av øyturane til Flora turlag. 
Då var vi på Askrova - den kan du lese om her.

Flora turlag har mange flotte veketurar,
både tysdagar og onsdagar.
Oversikt over turane for 2014 finn du her.

fredag 9. mai 2014

Bokbysti, geocaching og fjellrekognosering i Fjærland

Fjærland har mykje å by på: Bremuseum, Bokby, Mundal Hotel, flotte fjell og isbrear.

Tradisjonen tru, så er det sesongopning i Bokbyen i Fjærland kring 1. mai. 
Slik var det også i år.
Derfor fann vi ut at vi skulle bruke årets 1. mai til ein tur dit. 
Ordet "Bokbysti" var også forlokkande - og kanskje noko som kunne vere spanande for ungane?

Etter nokre veker med smak av god forsommar, 
så vart det ein nedtur når temperaturane brått gjekk ned mot 0 grader igjen, 
og med ein sur nordavind i tillegg. 
Rett og slett "bikkjekaldt" som vi seier!
Men sola skein no i alle fall :)

Synd å seie at det krydde av folk i Bokbyen denne 1. mai. 
Men dei store aktivitetane kring sesongopninga skjedde først i opningshelga, 
så kanskje det var fleire då? 

Spørsmåla hang på veggen - både ute og inne
Gode tilbud på opningsdagen, 
lokka oss til å kjøpe med både nokre bøker og dvd'ar på vegen. 
Kart over Bokbystien vart henta, 
og vi starta leitinga etter postar langs Bokbyen. 
Postane var spørsmål i ulike vanskegradar, 
merka med grønt, raudt og blått. 
Ungane fekk i oppdrag å leite etter tavlene på veggen der oppgåvene sto,
og vi hadde høgtlesing og val av svarkategori. 

Kart over Bokbystien - ein sti på ca. 600 m ein veg. 





Heldigvis var ikkje premien for fullført sti avhengig av kor mange rette vi hadde....... 
så ungane fekk velje kvar si bok for vel gjennomført tur! 

Ein litt annleis sti enn dei vi vanlegvis går
men det skapte i alle fall engasjement! 













Fjærland kan også by fleire geocacher for dei som leitar etter det. 
Vi tok med oss 2 "lette" denne gongen, 
og så har vi nokon fleire på vent til ein annan gong. 
"Distadfossen" og "Fjærland letterbox" er no loggført. 

2 nye geocacher er i boks: Distadfossen og Fjærland Letterbox! Og stempelfarge litt over alt....

Turen til Fjærland skapte også nye fjelldraumar hos oss vaksne. 
Vi har lenge drøymt om "Grettene"
men etter prat med nokre lokale folk, 
vart endå fleire turar sett opp på ynskjelista. 
Vi fekk også gode tips til turruter. 
Så håpar vi at noko lar seg gjennomføre - kanskje alt i år?

Dei 3 "Grettene" ruvar fint bak majestetiske Mundal Hotel

Fjærland er ei fantastisk lita bygd, 
som byr på det vakraste av fjord, fjell og brear i Noreg. 
I tillegg kan du oppleve både Bokbyen, besøke Bremuseet
og vakre, historiske Mundal hotel.
Her er det verdt å ta turen!



Suppehellenipa (840 moh) er det lille avrunda fjellet litt til høgre i biletet. Bak denne ser du Flatbreen, og rett ved denne finn du Flatbrehytta. Eit flott turmål! Skeisnipa er den høgste nipa til venstre (1440 moh) - Myrhaugsnipa lengst til høgre (1443 moh)

Bøyabreen er ein av fleire brear du kan sjå i Fjærland
Minner frå ei svunna tid - telefonkiosk og bompengestasjon. Det var ein gong....

Bendik Matias hadde veldig lyst inn til
mannen i bompengebua!