mandag 21. april 2014

Vel blåst påske 2014!

 Lammetun Kystfort: Siste fastlandsskanse før storhavet tek ein! Seglingsmerket Alden - den Norske Hesten -
er majestetisk og tydeleg på ein vakker vårdag!

Påska 2014 starta dårleg, 
i alle fall om ein hadde ynskje om fint vær! 
I palmehelga regna det jamt og trutt, 
likeså på skjærstorsdag! 

MEN, såååååå...... 
vart det 4 fantastiske dagar med sol! 
Eg tippar det er mange som har fått seg flotte turar,
til fots, på ski, på sykkel eller på sjøen! 

Etter å ha starta påska i heimlege omgjevnadar, 
vart den avslutta i Dalsfjorden. 
Der fekk vi fleire flotte turar, 
mange på dei små sine premissar, 
og nokre berre for oss vaksne også. 

Innlegg med bilete kjem etter kvart! 
I mellomtida kan du nyte biletet av vakker kystnatur, 
tatt på dagens utflukt til Lammetun kystfort! 

Vel blåst påske alle saman! 
Og for dei som framleis har høve til å ta seg litt fri 
- godværet held fram heile veka!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!