torsdag 10. april 2014

Med barn på tur i Dalsfjorden (1): Einingsfjellet (259 moh)

Flott utsikt til Alden frå toppen av Einingsfjellet
Fredag var planleggingsdag i barnehagen og med det såg vi sjansen til å kunne ta ei langhelg i lag sidan minst ein av oss likevel måtte ha fri denne dagen. Som sagt, så gjort - hyttehelg i Dalsfjorden vart planlagt - frå torsdag til søndag. Forventningsfulle sette vi av gårde torsdag ettermiddag rett etter arbeid- og barnehageslutt. Sola skein frå skyfri himmel, så forventningane var store: Fredag var det lova bra vær, men meldingane var ikkje like positive for resten av helga. Så denne dagen måtte nyttast.

Hytteliv ved kysten opnar opp for mange turar som eignar seg for små born. Her er ikkje fjella nødvendigvis så høge, men har likevel utsyn vide ikring. Lengda på turane er derfor også passeleg for små føter. Kommunanen i HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund) har gjort ein formidabel jobb med merkinga av stiar gjennom Kystarvprosjektet. Her er det merka stiar til mange turmål som vi gjerne ikkje hadde kome på eller funne ut av på eiga hand. Merkinga er også særdeles god, så når du først har starta på ein merka sti, så er du nærast garantert å finne fram til målet.

Det vart to slike Kystarv-turar på oss denne helga. Begge har vi gått før - så slik sett ikkje så nye, men like fullt kjekke å gå - Einingsfjellet /(259 moh) og Kjøsnesåsen (89 moh).

Første tur ut var sjølvsagt fredagen, då sola - som lova - skein frå skyfri himmel. Frå hytta ser vi rett på masta til Einingsfjellet (259 moh), så det vart dagens turmål. Vi har vanlegvis starta frå Holstad når vi har gått denne turen, men dei to siste gongane har vi valt start frå Våge (ein sti vi fann gjennom Kystarvmerkinga). Stien frå Våge er noko tørrare enn den frå Holstad, og derfor synast vi den er grei å gå. Ein misser rett nok noko havutsikt, slik som ein har når ein går stien frå Holstad, men den utsikta får du uansett når du kjem på toppen. Ca. 1,5 km å gå gjer dette til ein eigna tur også for dei minste. Vi leika "Give me one" kvar gong vi møtte på ein raudmerka stolpe, og på returen var vi ivrige med "Stein, saks og papir". Dermed var motivasjonen på plass for dei små - og særskilt på returen gjekk det heile som ein leik. Og belønninga for vel gjennomført tur, var is på butikken i Korssundet!

Første stopp på vegen med stidele: dersom ein ikkje tar turen opp på Einingsfjellet, kan ein gå den gamle skulevegen over til Eina



Flott utsikt til Krakhellesundet på vegen oppover
Vi er på toppen nesten før vi anar det. Sjå den flotte utsikta!

Bendik Matias i fullt firsprang mot postkassen for å sjekke innhaldet!

















Ein nøgd gjeng: kosar seg med fjelltur og friluft i strålande sol!

To gode vener!
Ein einsleg kvitveis på toppen av einingsfjellet. Våren er komen!

"Give me one" på kvar merkestolpe - motivasjon, motivasjon, motivasjon....:)
Turen er ved vegs ende, det er blitt kveld og vi kan nyte ein fantastisk solnedgang - som avslutning på ein strålande dag!:



Innlegg frå ein av våre tidlegare turar på Einingsfjellet, finn du her.

Laurdagens turmål til Kjøsnesåsen (89 moh) kjem i eige innlegg.

Andre flotte barneturar i Dalsfjorden finn du i desse innlegga:
Folkestien på Eina
Fureneset fyrlykt

7 kommentarer:

  1. Lekkert! Frå den vinkelen var jo til og med Krakhellesundet flott! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er det faktisk - eit lett gjenkjenneleg merkepunkt det der!

      Slett
  2. Nydelig!
    Hilsen Jan W. Herland

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk - det var i alle fall ein nydeleg dag!

      Slett
  3. Vakker natur og fin bilder, takk for t du deer dtt med oss.

    SvarSlett
  4. Her var det ikkje enkelt å få PC en til å formidle ein fornuftig tekst, så atter ein gong takk for fine bilder frå ein vakker natur.

    SvarSlett
  5. Så koselig og flott :) 2 skjønne og turflinke små dokke har, ser at dei koser seg på tur. Og så var det en flott plass med ei nydelig utsikt også :)
    Håpe dokke får ei fin påske :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!