torsdag 17. april 2014

Gåsekvakk ved gapahuken på Bekkjavatnet


Påske og skjærtorsdag
regnet pøsar ned.
 Vi startar med ein roleg heimedag, 
 og diverse innandørs sysler. 
Dei små leikar med sitt. 
Ein nybakt 5-åring har framleis nokre presangar som ikkje er utforska, 
så vi kosar oss i heimen alle saman. 

Men vi har godt av å lufte oss litt. 
Vi har lenge snakka om å gå til Gapahuken som ligg rett under E39 ved Bekkjavatnet
Ein passeleg tur for dei små på ein regnværsdag, 
og vi kan sitje tørt og fint når vi kjem fram. 


Undervegs på turen legg vi planar for framtidige aktivitetar ved Bekkjavatnet, 
her er mange fine plassar, 
eit flott vatn å padle på, 
og mange andre mogelegheiter. 
Her må vi vere meir! 

Den kilometer lange turen til Gapahuken, 
er akkurat passe til at ingen blir lei av å gå, 
og vi lurer på om påskeharen har vore også der! 
Mor har fortalt at ho såg og "snakka" med påskeharen
på veg til Erdalsstølen kvelden før. 
Og den hadde lova å dukka opp neste gong vi skulle på tur! 

Påskeharen held det den lovar, 
og vi fann eit påskeegg under steinbordet ved Gapahuken. 
Men den største overraskinga og det som skapte mest glede,
var dei 2 Canadagjessene som kom svømmande bort til oss. 
Tydeleg svoltne og hadde lyst til å smake på nista vår. 
Dei var ikkje meir beskjedne enn at dei hoppa opp på land og kom bort til oss! 


Regn og skodde, og vi skifta så vidt Brulandsstølane på andre sida av vatnet. Hafstadfjellet var tåkelagt. 

Fuglemating er kjekt for dei små, men også for dei vaksne!

Innimellom all fuglematinga rakk vi så vidt å ete ligg sjølv også....

Bekkjavatnet har mange fine perler. Det er mogeleg å gå på sti rundt heile vatnet (ca. 6 km). 




1 kommentar:

  1. Dette må være perfekt for de små i regnværet, og sikkert for dere voksne også. Alltid kjekt å komme seg ut på tur. Så fint at påskeharen hadde vært ute. Jeg har ikke sett noe til den, men i dag ble det en kjempefin skitur i strålende sol og lite vind.

    Fortsatt god påske!

    Klem

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!