søndag 2. mars 2014

Leik, glede og Fastelavenskos på Hafstadstølen!

 Fastelavenssøndag! 


Kvifor ikkje i nyte 
krembollane i det fri?
Som tenkt, så gjort!

Langs nesten isfritt Langelandsvatn
i svakt sollys frå vest, 
bar det av stad....

To par barnebein og ditto vaksne 
i seget
på tørr og velbrukt sti.

Forventningsfulle, oppstemte og svooooooltne, 
vart vi vaksne fortalt
frå hese barnestemmer.

Med èitt var vi framme,
til dagens "søndagsbord"  
....i dag ved ein støl.

Hua på snei, krem på kjaken
"S"-bokstaven  på bollen
sette livstonen i sjela!








4 kommentarer:

  1. Så koselig dere har det! Lett rart å se bar mark på denne tida av året.Her ble fastelavnsbollene spist innendørs etter en tur på beina langs gangveien.

    Ønsker dere ny, fin uke!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, her har det ikkje vore mykje vinter å snakke om. Det rare er at denne stølen ligg i det mest brukte skiutfartsområdet i Sunnfjord, så her er det vanlegvis masse skiløparar på denne tida av året. Men i år kan ein vel telje på ei hand dei dagane det har vore oppkøyrte løyper.

      Slett
  2. Så koseleg dette såg ut :-)

    SvarSlett
  3. Så smart med fastelavnskos ute på tur! Det skal eg prøve å hugse på til neste år. Herlege bilete! Det ser ut som de kosar dykk. :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!