Fastelavenssøndag!
Kvifor ikkje i nyte
krembollane i det fri?
Som tenkt, så gjort!
Langs nesten isfritt Langelandsvatn
i svakt sollys frå vest,
bar det av stad....
To par barnebein og ditto vaksne
i seget
på tørr og velbrukt sti.
Forventningsfulle, oppstemte og svooooooltne,
vart vi vaksne fortalt
frå hese barnestemmer.
Med èitt var vi framme,
til dagens "søndagsbord"
....i dag ved ein støl.
Hua på snei, krem på kjaken
"S"-bokstaven på bollen
sette livstonen i sjela!
Så koselig dere har det! Lett rart å se bar mark på denne tida av året.Her ble fastelavnsbollene spist innendørs etter en tur på beina langs gangveien.
SvarSlettØnsker dere ny, fin uke!
Klem fra Ingunn
Ja, her har det ikkje vore mykje vinter å snakke om. Det rare er at denne stølen ligg i det mest brukte skiutfartsområdet i Sunnfjord, så her er det vanlegvis masse skiløparar på denne tida av året. Men i år kan ein vel telje på ei hand dei dagane det har vore oppkøyrte løyper.
SlettSå koseleg dette såg ut :-)
SvarSlettSå smart med fastelavnskos ute på tur! Det skal eg prøve å hugse på til neste år. Herlege bilete! Det ser ut som de kosar dykk. :)
SvarSlett