tirsdag 4. mars 2014

Fine føreforhold på Viefjellet (673 moh) i Førde

Frå Viefjellet får du flott utsikt over Førde by
Om vinteren snakkar vi om at det er fine førehold for ski. 
Vi er i starten av mars, og vanlegvis er det framleis vinter på denne tida
- i alle fall på fjellet. 

Eg kan derimot rapportere om at det er fine førehold til fots på Viefjellet! 
Går du frå Soleide, ser du knapt nok teikn til snø eller is heile vegen. 
Har høyrt at det er meir isete på stien frå Vieåsen,
men Soleide er altså eit trygt val no. 
Berre sånn i tilfelle du blir freista å ta turen :) 

Med god planlegging, vart det ein rask ettermiddagstur på meg etter jobb i går.
I dag er det mannen sin tur - skal tru kvar turen går?

På oppstigninga til Viefjellet, ser du flott vestover mot Hafstadfjellet, Storehesten og Heilebergmassivet (Blegja)
Eg har tidlegare skrive om turen til Viefjellet her.
Du kan også lese turskildring på lommekjent.no

Mange ruter å velje mellom når du skal ned att frå Viefjellet.
Eg gjekk frå Soleide. 


2 kommentarer:

  1. Jeg slutter ikke å forundre meg over dette landet vårt så mange ansikter det har. Ser faktisk fristende ut med en fottur midt på vinteren. Men det er viktig å benytte det "føret" vi til enhver tid har. Jeg får vel subbe på i slaps og snø.

    Ha en strålende dag!

    Klem

    SvarSlett
  2. Vinteren her er rett og slett merkelig... skulle vært som du skriv, snø enda på fjellet, og vi går i lavlandet og tripper etter bart føre! Men no så tripper vi heller etter snø :-/ Fin utsikt ifra Viefjellet!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!