mandag 24. mars 2014

Appelsinvêr, ja - men vintersleg på Hornnesstølen og Klumpen

Steffen Ben bloggar:

Reine påskestemninga openberra seg over Sunnfjord i løpet av dagen i dag; etter dagar med vinter og regn - om kvarandre. Og godveret skal vare vèd, skal vi tru meteorologane. Men er dei til å stole på...?  


To bjørker  på Hornnesstølen i solskin og vårlengt i dag
Og har vêret kondis til å stå løpet ut?; eg meiner, det er trass alt tre veker att til påske... Og med dei kjempemeldingane vi har for den komande veka, så kan det nok røyne på tal godversdagar avsett til påske, enn seie for sommarferien!!! 

På jobben er det dessutan ein kollega som stadig minner oss på at summen av godversdagar gjennom året er konstant. Underforstått, kvar godversdag vi har no, kan - og skal - trekkjast frå talet godversdagar ein då har att resten av året. Kva då med haustferien...?

Moralen for mitt vedkomande kokte i dag ned til eit ord eg har for meg sjølve; ikkje vent til i morgon med å nyte det du kan nyte i dag

Det enkle valet fall på Hornnesstølen, opp frå huset der vi bur, og kanskje like til nyevarden på Klumpen, om det ikkje var kome for mykje djup nysnø då.... Og valet om å dra medan det enno var høglys og sola stod høgt på himmelen, gav sanneleg uttelling.

For, i dag ville eg strekkje meg etter sola, ja, etter sjølvaste livet... 

Vêrvarsel for dagen i dag, 24. mars - og 8 dagar frametter.
"Jaudå, ser  gjenne ikkje så utoleleg ut, ditta..."













Eitt einsleg spor på stølsvollen, attgrodd av nysnø, og som misste motet i bakken like ovanfor selet. Der stoppa det!
Vedkomande kom seg ikkje på Klumpen, men det gjorde eg, trass i knehøgt med snø. Og vel så det.

Hafstadfjellet (705 moh) midt imot.
 Blå himmel så langt auga rekk. Og nykverna salt i framgrunnen.



Kong vinter rår, også austover mot Førdenipa
Kaffikos både her og der på turen min i dag

Ser kort og greit ut, siste stykket opp mot Klumpen.
 Men mengda av nykomen snø bedreg både auge og vårkondis....


Einsleg  vandrar vel oppe på Klumpen. 
Krokut her og i vàter der!


9 kommentarer:

  1. Herlige vinter bilder og våren i annen marsj:)) Fuglekvitter og bekkebrus mange steder nå:)))

    SvarSlett
  2. Får nesten lyst på snø og vinter igjen :)))
    Flotte bilder av flott natur.

    SvarSlett
  3. Nydelige bilder Steffen! Dette kan du, virkelig. Og for ei koselig seter du kom til, og fine fjell! Får lyst ut på tur! ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne stølen ligg rett ovanfor der vi bur, moroglillemann! Så her er det berre å snøre på seg fjellsko og gå ut døra på tur - deilig med slike nærturar. Men det er ganske bratt, då....puhhh:)

      Slett
    2. Vi er utrulige heldige som bor sånn til og har sånne plasser tilgjengelig for turer. Og på vår del av landet med vakre fjell og fjorder, er de ær mange støler gjemt vekk i fjellsidene. Dessverre ofte veldig bratt til, men ofte det som er magien med det også ;-) heller bratte fjell, enn flatt landskap! :-D

      Slett
  4. Fantastiske bilete! Det ser ut som du har hatt ein veldig fin tur!! Eg veit ikkje heilt om eg trur på dette med at summen av godversdagar er konstant, men det er nok lurt å nytte seg av godt ver medan ein kan! Eg har også hatt litt påskeferie på forskot denne veka, sånn i tilfelle. Under fjorårets påske var eg høggravid (minste vart fødd på skjærtorsdag), så då vart det ikkje skigåing. No nyt eg permisjonsfri, og drar på fjellet så ofte eg kan. Kryssar fingrane for at det går an å gå på ski til langt uti mai!

    SvarSlett
    Svar
    1. Har også gått høggravid i påskeferien - termin på påskeaftan med førstemann. Men vi fekk nyte påska som vi ynskte, og fødselen starta på kvelden 2. påskedag ;) Perfekt timing! Ja, det er berre å nye siste innspurt av permisjonen - det er ei flott tid. Her prøver vi å ta ut nokre fridagar når vi kan og vi ser godværet er der - vi er gode på korttidsplanlegging og hiv oss raskt rundt når sjansen byr seg :)

      Slett
  5. Flotte bilder av ein fin tur!! Er utan tvil ein stor inspirasjon til å komme seg ut på tur :)

    SvarSlett
  6. Sol og snøbilete slår alltid an! Skribenten, turgåaren og fotografen takkar for mange koselege kommentarar på bileta. Alltid kjekt med tilbakemeldingar :) Og sjølv er eg veldig einig med dykk alle - flotte bilete ;)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!